Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Møysalen

Datum:
12.07.2019
Entfernung:
21,9km

Møysalen er eit av dei fjella Kristine og eg har hatt mest lyst på medan vi har budd i Nord-Norge, no var dagen her. Vi køyrde frå Lødingen i elleve-tida i skya og grått vêr. Ved Ingelsfjorden parkering hadde vêret betra seg, og vi pakka tursekkane våre. Alt snøutstyr la vi att i bilen etter å ha høyrd med Peakbook-brukar Hawkeye om naudsynet av det, som hadde vore der nokre dagar før oss. Vi viste det var ein lang tur, men var usikre på korleis terrenget innover var. Den fyste biten att med Storvatnet var litt kjedeleg, men innover Forkedalen var det frodig og utruleg flott. Skikkeleg fint å gå innover der, det var også godt tilrettelagt med klopper, og råket var veldig bra og godt merka. Like før breen nådde vi att eit eldre, utanlandsk par, som må ha snudd like etterpå. >>>

Vassbruntinden

Datum:
11.07.2019
Entfernung:
7,8km

Vi gjekk i vegen på turen klokka 00:04. Til å byrje med var vi tunge i føtene, men plutseleg satt Kristine opp tempoet, og vi gjekk opp på berre halvanna time. Vi følgde merka råk opp til toppen, kanskje det beste råket vi har gått på i Troms. Flott utsikt på toppen, men diverre ingen sol. Vi satt å naut utsikta i godt over ein halvtime, før vi gjekk i vegen ned att. På veg ned følgde vi snørenner i staden for råket ei fyste 400 høgdemetrane. Flott tur. Etter turen før vi satt kursen for Lødingen. Køyrde via Silsand for å hente tilhengaren.

Karte    

Uløya

Datum:
10.07.2019
Entfernung:
16,4km

Tok ferga over til Hamnes, og køyrde opp til parkeringsplassen på om lag 70moh. Derifrå følgde vi først veg, deretter traktorveg og så godt råk oppover. På oversida av tregrensa forsvann råket, men det var fint å gå. Vi skrådde mykje mot venstre for å kunne fylle vatn i den innteikna bekken, vi fylte flaskene på om lag 580moh. Ein del snø dei siste 150 høgdemetrane opp til Kjelvågtinden. Fint å gå om Uløytinden til Blåtinden, men litt langdrygt attende. Ned att satt vi opp farta for å rekkje ferga klokka 18.25. Det gjekk. Flott utsikt heile turen, særleg mot Lyngen. Etter turen åt vi pølser på fergekaia, før vi drog til parkeringsplassen ved Vassbruntinden i Lenvik.

Karte    

Store Kågtinden

Datum:
09.07.2019
Entfernung:
13,2km

Parkerte på p-plassen rett sør for traktorvegen som går innover til Storbuktvatnet. Gjekk traktorvegen innover, og tok av frå vegen like før det vesle Storbuktvatnet. Følgde merkinga opp til toppen. Flott utsikt på toppen, men litt overskya. Ned att følgde vi snørenner ned bratta og på oversida av punkt 485moh. Flott tur.

Karte    

Arnøyhøgda og to turar på Skjervøya

Datum:
08.07.2019
Entfernung:
12,4km

Arnøyhøgda på Arnøya i Skjervøy var turmålet i dag. Vi tok ferga frå Kågen via Laukøya til Arnøya klokka 10. Vi køyrde innover ein traktorveg og parkerte like før steinbrotet mellom Tjuvdalen og Nygård, kunne ha køyrd heilt inn. Vi såg ikkje råket som starta like før steinbrotet, så vi gjekk i ur og kratt til å byrje med. Mykje betre å følgje råket som vi gjorde på returen. Fint oppover Tjuvdalen, med litt sporadisk råk. Frå 400moh og oppover var det ein del snø. Grei å gå i oppover, veldig fin å gå/skli på nedover, det spara mykje tid. Gjekk for det meste på berg/ur oppover og på snø nedover. Fenomenal utsikt på toppen og strålande sol. På veg ned gjekk vi oppom Silstøaksla. Var attende på fergekaia i god tid til ferga som gjekk klokka 17.05. Attende i leilegheita >>>

Karte    

Koppartind, to toppar i Skjervøy og helleristingane i Alta

Datum:
07.07.2019
Entfernung:
10,9km

Endeleg flott vêr at! Vi skulle køyre sørover frå Alta til Skjervøy, turmålet undervegs vart Koppartind. Fyst vart det eit stopp i Alta, på helleristingane på Hjemmeluft. Koppartind Turen opp til Koppartind byrja på bra og merka råk. Men råket forsvann ikkje høgt oppi lia. Men terrenget var fint og lett å gå i, så det var ikkje noko problem. På båe Laslettind og Olderbakkfjellet var det store vardar og turbok. Båe stader var disse plassert eit lite stykke unna høgaste punkt. I mellom Olderbakkfjellet og Koppartind var det ein del snø, men det var fint å gå der. På Koppartind bygde vi to nye vardar. Den fyste på ein liten sidetopp/pinakkel med 4-5 meter i primærfaktor. Den andre varden var ein kraftig forstørring av den som allereie var på toppen. Ein flott tur i strålande >>>

Karte    

Alta

Datum:
06.07.2019

Tre turar i dårleg vêr. Den fyste på veg til Alta frå Hammerfest, dei to andre i Alta etter fyst å ha vore på campingplassen ein tur.

Karte    

Tur til Nordkapp

Datum:
05.07.2019

Tur med Nordkapp som mål. Vêret var spådd finast tidleg på dagen, så vi tok ein tidleg frukost på hotellet, og køyrde frå Hammerfest klokka 8.10. Framme ved Nordkapp litt over elleve, der fann vi ut at vi ikkje ville betale inngang, så vi snudde ved bommen og køyrde ein kilometer attende. Vi parkerte på ein parkeringslomme ved maste ved vegen til Davvenjarga. Derifrå gjekk vi til Nordkapp, det er gratis inngang for gåande og syklande. Vi gjekk fyst rundt på Nordkapp-platået, som var veldig fint, før vi gjekk inn i bygningen. Der inne var det også fint, med ein del krigshistorie frå området, og ein fin film om Nordkapp. Attende til Hammerfest hadde vi tenkt til å gå nokre småturar. Fyste tur vart Davvenjarga. Eg starta Peakbook-appen rett utfor døra på Nordkapp-bygget. >>>

Karte    

Tre turar på veg mellom Nordreisa og Hammerfest

Datum:
04.07.2019

Tre små turar på veg frå Nordreisa til Hammerfest. Fyste tur var Svanehompen . Det var ein lettgått tur i fin bjørk- og furuskog. Andre tur gjekk til Nesaksla . Det var også ein lettgått tur, men det var frodigare vegetasjon der, så vi vart blaute. Vi stoppa så for å gå på Mikkaltinden, men etter eit kjapt måltid byrja det å regne, så vi droppa den turen. Tredje og siste tur for dagen vart Komsa i Alta. Gjekk opp og ned på råk. Vi vurderte også fleire turar undervegs, men vêret var ikkje på lag med oss i dag. I Hammerfest gjekk vi til Meridianstøtta.

Karte    

Store Blåmann og Vardfjellet

Datum:
03.07.2019
Entfernung:
6,5km

Store Blåmann på Kvaløya var målet for dagen. Vi prøvde å komme i gang så tidleg som mogleg, for å få mest mogleg sol på turen. Vi val same startsted som mange andre Peakbookarar, og gjekk på bra råk opp til toppen. I høgda var det ein del snø som var roten, og vi sank ein del og sklei bakover, så det vart ekstra tungt. På om lag 800moh mista vi råket i eit lite snøparti, og kom inn i eit skikkeleg klyveparti. Godt å ikkje gå der ned at. Storslått utsikt på toppen, og godt vêr. På nedturen tok vi ein lang pause i sola på om lag 600moh. Etter turen på Store Blåmann køyrde vi vidare nordover, vi hadde ordna overnatting på Sandnes Fjord Camping ved Straumfjorden i Nordreisa. Undervegs på bilturen fann vi ut at vi ville ta ein tur til, og valet fall på Vardfjellet. >>>

Karte