Archive - Date

Collected lists

Snezka

Date:
31.07.2019
Distance:
13.2km

Familieferie i Tsjekkia. Vi var fire dagar i Praha, så da passa det bra med ein tur til Tsjekkias høgaste fjell, Snezka. Pappa, Johannes, Kristine og eg åt frukost på hotellet klokka halv åtte, og gjekk frå hotellet litt over åtte. Vi gjekk til leigebilfirmaet Europcar, om lag 10-15 min å gå frå hotellet vårt. Derifrå køyrde vi i om lag tre timer. Det var ein del vegarbeid og GPSen sendte oss inn ein stengt veg, så bilturen vart lenger enn han kunne ha vore. Johannes var sjåfør. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt inn til gondolen, men der var det fullt, så vi måtte køyre eit stykke oppover i Pec pod Snezkou. Oppover til toppen følgde vi godt råk frå Pec pod Snezkou til det flotte serveringsstadet på Bouda Ruzohorky. Derifrå var det veg forbi mellomstasjonen på >>>

Map    

Praha

Date:
29.07.2019

Familieferie til Tsjekkia. Guro gifta seg med Ondra, og heile storfamilien var invitert. Vi drog nedover den 25.7. Vi var fyst i utkanten av Brno, før vi var i Sloup. Deretter drog vi til Praha. Måndag 29.7 vart det “fjelltur” i Praha. Etter å ha vitja Prahaborgen og Vituskatedralen, tok vi bana opp til Petrin. Kristine og eg droppa å gå opp i tårnet denne gongen. Fin og koseleg familieferie i eit flott land og ein fin by.

Map    

Svarthaugen i Oppdal og Haldorpiggen ved Otta

Date:
21.07.2019

To korte turar på veg frå Trondheim til Gausdal. Stor parkeringsplass ved Svarthaugen, og fint råk til toppen. Fin utsikt, men litt overskya. Flotte garder på baksida i Oppdal. Til Haldorpiggen køyrde vi av i Otta og oppover mot Nordlie. Ved Nordlie var vegen stengd med bom, og vegen såg heller ikkje køyrbar ut for bil. Da måtte vi snu og køyre ned at til Otta. Så vi køyrde inn Ottadalen til Dale og oppover forbi Storrusten, og inn bomvegen til Kleirudsætre. Fin veg innover. Parkerte i vegkanten ved starten av råket til Haldorpiggen. Kort tur, med bra råk og flott fjellterreng.

Map    

Storheia og Vassfjellet

Date:
20.07.2019

Vi parkerte ved Skistua. Derifrå gjekk vi på veg og godt råk til Storheia. Nesten attende på Skistua gjekk vi oppom Gråkallen. På grunn av militære sperringar kom vi ikkje opp på høgaste punkt, men måtte stoppe 50 meter før høgaste punkt, og 4-5 høgdemeter lågare. Etter turen køyrde vi innom Trondheim og besøkte Nidarosdomen. Vidare køyrde vi til Flåsætra i Melhus. Derifrå gjekk vi på bra, men noko blautt, råk opp til toppen av Vassfjellet.

Map    

Tre turar i Trøndelag

Date:
19.07.2019

Vi køyrde frå Harran i Grong til Heimdal, sør for Trondheim. På bilturen stoppa vi innom fire byar, og vi gjekk tre turar. Den fyste turen gjekk på Heimdalhaugen, kommunetopp i Grong. Vi gjekk oppover på godt råk, som etter kvart vart dårlegare. På om lag 600moh mista vi råket, og gjekk rett opp bratta til toppen. Det fungerte bra, så vi gjekk same veg attende. Ein fin tur, men alt for mykje kveks, klegg og fluga tidleg på turen. Andre tur gjekk til Øyensskavlen, kommunetopp i Namdalseid. Vi følgde grusvegen oppover, til det gjekk opp eit råk ved 480moh, finfin snarveg. Veldig fin tur. Den tredje turen gjekk til Kverkillberget på Røra. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket som gjekk frå hovudvegen, men der fann vi ingen parkeringsplass. Det var berre 40 høgdemeter opp >>>

Map    

De sju søstre

Date:
17.07.2019
Distance:
23.3km

Vi kom til Sandnessjøen tysdag kveld, og overnatta på Sandnessjøen Overnatting i sentrum. Vi forsøkte å finne ut om det gjekk buss mellom parkeringsplassane til de sju systrer, men det såg ikkje slik ut. Vi ringte difor etter taxi, som skulle køyre oss frå den nordlegaste til den sørlegaste parkeringa klokka ti. Onsdag sto vi klare på den nordlegaste parkeringa litt før ti, men det varte og rakk før taxien dukka opp. Halv elleve kom han. Prisen derimot var grei, 212 kroner kosta det. Tjue på elleve kunne vi gå i vegen oppover den lange motbakken mot Breidtinden. Det var spådd fint vêr denne dagen, det hadde vi ikkje til å byrje med. Den fyste matpause tok vi like nedunder fyste topp, på om lag 700moh. Skodda kom, og det var kjøleg å sitte i ro. Skodda øydela også utsikta >>>

Map    

Veten i Hemnes

Date:
16.07.2019
Distance:
11.8km

Parkerte nede ved hovudvegen, og gjekk traktorvegen opp til grusvegen, følgde grusvegen opp til toppen. OK vêr, men lite utsikt.

Map    

Valviktinden

Date:
15.07.2019
Distance:
3.7km

Køyrde til Valvikdalen p-plass nord for Bodø. Vi gjekk i vegen på råket til klatreveggen. Godt råk att med klatreveggen, dårlegare lengre opp, så vi sleit med å finne ein god veg. Fann råket betre på veg ned. Skodde så ingen sikt på turen. Etter turen køyrde vi om Bodø og over den flotte Saltstraumen til Mo i Rana

Map    

Jensvasskollen, Sommarsethågen og Straumklumpen

Date:
14.07.2019

Tre turar på veg frå Tortenåsen i Hamarøy til Bodø. Fyste tur gjekk til Jensvasskollen, eller Fløyfjellet som det feilaktig heitar på Peakbook. Det var ein lettgått og fin tur på godt råk. Vi hadde grei utsikt på toppen, men den er nok mykje betre i fint vêr. Den andre turen gjekk til Sommarsethågen i Tysfjord. Det var godt råk/firhjulingveg opp til masta. Derifrå var det kort utan råk i lettgått terreng bort til toppen. Det såg ut til at det kom opp eit til toppen i frå nordaust. Den tredje, og siste turen for dagen gjekk på Straumklumpen i Sørfold. Fint råk opp til toppen, men overskya vêr og ingen sikt.

Map    

Higravtinden og Hatten i Hamarøy

Date:
13.07.2019
Distance:
5.9km

Higravtinden var målet denne dagen. Eg hadde lest meg opp på Peakbook om ruta mellom fortoppen og toppen, og trudde vi skulle få det til. Da vi køyrde til parkeringa Eide var det grått og lågt skydekke. Vi gjekk i vegen oppover litt før elleve. Råket slynget seg bratt oppover til venstre for Sandbekken. Ved 350moh krysset råket bekken, og held høgda ut mot høgre, før det på nytt går oppover. Ved rundt 400moh kom vi inn i skodda, og ved 700moh kom vi til renna. Der ligg det framleis mykje snø. Snøen var mjuk og god å gå på, men vi tok på broddar og eg gjekk med isøks. Mellom 850moh og 950moh kom vi over skodda, og sola varma godt. Oppe av renna på om lag 1000moh fekk vi storslått utsikt, fyst mot Geitgallien, seinare hele rundskuet. Lett klyving opp til fortoppen før vi >>>

Map