Archive - Date

Collected lists

Drangen på Rolløya

Date:
15.06.2019

Tur til øyane Rolla og Andørja. Vi vakna opp til strålande sol i bilen på Foldneset. Der åt vi frukost, før vi drog i vegen for å gå på Stortinden på Drangen. Vi vurderte litt om vi skulle køyre oppover vegen ettersom bommen stod oppe, men vi fann ut at vi skulle respektere at det stod ingen køyring utan godkjenning. Så vi parkerte i lomma på hovudvegen 150 meter vest for grusvegen. Vi gjekk oppover vegen i strålande sol og skikkeleg sommarvêr. Turen oppover til Stortinden var skikkeleg lang, men flott utsikt når vi kommer skogen. Spesielt Sula var ein flott topp. Fint å gå bortover Drangen nedunder toppane. Veldig fint oppe på Stortinden. På tur opp satt vi lengje ved Sulvatnet, og på tur ned at vart det eit lite bad der på meg. Ein riktig flott tur. Etter turen drog vi >>>

Map    

Rolla på Rolløya

Date:
14.06.2019

I løpet av turen på Kongsviktinden den 11.6 fekk Kristine veldig vondt i magen, og da dette var like ille dagen etterpå, vart det tur til legen. Det førte til at ho vart sendt til sjukehuset i Harstad, og der vart ho over natta. Etter undersøkelsar den 13.6 fekk ho komme heim. Da vart det ein liten tur i skogen i Evenskjer, og ho kjende seg heldigvis i betre form. Da planla vi tur. Målet for denne turen var øyane Rolla og Andørja. Vi skulle byrje med toppen Rolla, og om helsa til Kristine ikkje var god, skulle vi dra heim. Vi tok ferga frå Harstad til Sørrollnes klokka 13.00. Frå fergekaia køyrde vi opp til parkeringa ved leikeplassen, og gjekk i vegen mot Rolla. Sola strålte og varma godt, men det var ein sur trekk tidleg på turen. Vi følgde vegen og råket opp til Brustindvatnet. >>>

Map    

Kongsviktinden

Date:
11.06.2019
Distance:
13.3km

Tur i strålande sol, men tidvis ein del vind. Vi følgde ruta som er skildra i boka “Topper i Ofoten og Sør-Troms” av Bjørn Forselv opp til Kongsviktinden og ned frå Skitneskardtinden. Mellom toppane følgde vi ryggen, som var veldig fin å gå. Dei siste metrane opp til Kongsviktinden bøy på litt klyving. Ned frå Kongsviktinden kunne vi skli på snø dei fyste 180 høgdemetrane. Ned frå Skitneskardtinden fekk vi også ein del snø vi kunne skli på. Kongsviktinden er ein godt synleg og flott topp når ein køyrar mot Lofoten frå Tjeldsundbrua, men den aller flottaste sida viste han nok når vi gjekk på ryggen mot Skitneskardtinden. Kristine var ikkje heilt i form på denne turen, og ho trengde ein del ekstra pausar, men var tøff som fullførte ein såpass lang tur. Alt i alt vart >>>

Map    

Tur til Vesterålen: Lamlitinden

Date:
09.06.2019
Distance:
7.8km

Siste dag på ferieturen i Vesterålen, og målet var Lamlitinden. Vi hadde sett på fleire moglege ruter, men val til slutt å følgje den til Telltur. Frå parkeringa gjekk vi på god traktorveg inn Breidvikdalen. Råket forbi hyttane og opp til Lamlivatnet var stadvis vanskeleg å følgje i skogen, men over skogen var det greitt. Frå Lamlidalen gjekk vi rett opp til toppen i grasrenner. Flott utsikt på toppen, og godt vêr. Nokon lunde same veg ned, men frå Lamlidalen følgde vi saueråk gjennom skogen, og sparte inn ein del meter mot å følgje vegen heile Breidvikdalen. Ein flott tur.

Map    

Tur til Vesterålen: Bjørndalsheia Veten

Date:
08.06.2019
Distance:
3.9km

Ny dag på ferietur i Vesterålen. Vi vakna opp til skodde og regnvêr. I følgje vêrmeldinga skulle dette vare til langt på dag, så vi drog til Sortland og var der lengje. Da vêret betra seg litt gjekk vi ein liten tur i Sortland, på Bjørndalsheia. Vi gjekk på traktorveg til å byrje med, før vi gjekk i fint terreng til toppen. Etter den turen køyrde vi utover mot Stokmarknes i håp om betring av vêret, men skodda låg framleis lågt. Veten vart da målet. Det var ein fin tur på veldig godt råk. Diverre kom skodda på om lag 150moh.

Map    

Tur til vesterålen: Tre turar i Bø

Date:
07.06.2019

Dag tre i Vesterålen. Vi vakna opp i bilen til fint vêr, men det var spådd at det skulle bli dårleg på føremiddagen, før det skulle bli betre att utover ettermiddagen. Vi byrja dagen med ein kort tur opp på Kråkbergfjellet. Vi parkerte på ein liten lomme på nedsida av vegen, før vi gjekk litt bortover vegen til råket. Råket var tydeleg og fint heilt opp til toppen. Vêret var varmt, men det vart litt overskya medan vi gjekk, og nokre få meter før vi var i bilen kom dei fyste regndråpane. Vi vart einige om å ta Trehyrna som neste tur, men å vente til vêret betra seg. Vi stoppa lengje på matbutikken som låg på veg mot Trehyrna. Da vêret endeleg såg ut til å bli betre, drog vi i vegen. Frå parkeringa gjekk det godt råk ned til Trehyrnvatnet. Råket derifrå var også >>>

Map    

Tur til Vesterålen: Kvanntotinden med mer i Bø

Date:
06.06.2019
Distance:
16.0km

Vi køyrde til Sletten ved Møkland i Bø. Der parkerte vi på parkeringsplassen og gjekk i vegen på råket mot Hesthausen. Råket var vanskeleg å følgje, og vi mista det fleire gonger. Ved 200moh mista vi det enda ein gong, og såg ikkje kor det gjekk vidare oppover sida. Så vi fann ut at vi like gjerne kunne gå rett opp på Lassan. Det gjekk stort sett greitt, men vi kom inn i eit ganske bratt og litt glatt grasparti på rundt 300-400moh. På veg oppover var det flott utsikt mot Trollet. Følgde råk på ryggen ned frå Lassan og gjekk opp på Hesthausen. Derifrå forsøkte vi å følgje råket vidare, men det var vanskeleg. På 340moh kom vi plutseleg til eit stup, sjølv om vi var akkurat der råket var ifølgje appen. Vi fann ein veg ned mot venstre. Opp til Rismålstinden var det fint >>>

Map    

Tur til Vesterålen: Kvalsauktinden og Ånstadblåheia

Date:
05.06.2019
Distance:
13.0km

Strandheia og Kvalsauktinden Tur til Vesterålen. Vi drog heimefrå til Osvoll like før Sortland. Der parkerte vi på fin parkeringsplass, og gjekk i vegen på god traktorveg mot Strandheia og Kvalsauktinden. Traktorvegen vart etter kvart til eit bra råk, som var litt vått nokre stader, pga. snøsmelting. Råket mellom Strandheia og Kvalsauktinden var også bra, men der låg det at ein del snø, sø vi gjekk litt utanom for å unngå snøen. Flott utsikt på båe toppane, og godt vêr. Ånstadblåheia Vi ynskja ein tur til før vi drog til overnattingsplassen. Valet fall på Ånstadblåheia, eit fjell med mange vindmøller. Vi parkerte på den nederste av dei to parkeringsplassane. Vi følgde godt råk oppover skitrekket. Her møtte vi ein del folk. Fin utsikt på toppen, men noko hemma av >>>

Map    

Sneistinden

Date:
03.06.2019
Distance:
9.0km

Sneistind vart turmålet denne dagen. Vi drog frå Evenskjer i strålande sol, og sola skulle skinne heile dagen. Etter å ha lest turskildring i turboka “Fra Møysalen til Elgens fot” (om Harstad, Evenes, Ibestad, Kvæfjord, Lødingen, Tjeldsund og Skånland), parkerte vi i Sneisa og gjekk oppover langs Svartvatnet, Kvaloselva og Slettfjellvatnan. Vi hadde også snakket om å gå vi Hesttinden, men ettersom vi har vore der før droppa vi det for å spare høgdemetrane. Det var ikkje råk på denne turen, men greitt terreng å gå til vi hadde passert Kvalosfjellet. Vidare innover derifrå var det mykje kratt og tett bjørkeskog, så det vart litt kronglete. Flanken opp til ryggen var grei å gå på steinrøys. Om ryggen opp til toppen stod det i “Fra Møysalen til Elgens fot” at ein >>>

Map    

Vilgesvarri

Date:
02.06.2019
Distance:
5.9km

Framleis dårleg vêr i nord. Utpå dagen såg det ut til at det ikkje skulle bli meir nedbør, så vi tok ein tur. Vi drog til Tovik, og inn Sandemarka, heil til sørenden av Blåfjellvatnet. Derifrå følgde vi godt råk i retning Holavatnet, før vi tok av for å gå meir rett mot toppen. Gjekk oppom Kvitfjellet på veg opp. Null sikt på toppen. Ned at sklei vi mykje må snøen. Kristine med regnbukse, og eg hadde med akebrett (rumpe-racer). Det funka bra.

Map