Archive - Date

Collected lists

Storala

Date:
30.06.2019
Distance:
14.7km

Året vårt i Nord-Norge nærmar seg slutten, og i dag flytta vi ut av leilegheita. No skal vi køyre litt rundt i nord før vi sett kursen sørover til Valdres. Tilhengaren med flyttelasset skal vi ha ståande hos Jorunn på Silsand medan vi køyrer rundt oppi her. I dag var det spådd varierande vêr, men på Storala i Bardu var det spådd fint. Storala ligg også fint til rett ved E6 ved Setermoen, noko som passa bra på vegen mellom Skånland og Senja. Vêret var ikkje altfor fint når vi gjekk i vegen, det regna litt og Storala låg i skodda. Men det betra seg gradvis, og oppe i høgda fekk vi flott vêr. Nysnøen dei siste dagane var glatt og tung å gå på, men la ei fantastisk kulisse over landskapet. Ned att gjekk vi oppom Orta. Veldig bra råk på mesteparten av turen.

Map    

Fiskefjorden

Date:
28.06.2019
Distance:
19.9km

Tur til Snøtinden og Nordre Fiskefjortinden i Tjeldsund og Lødingen. Parkerte på parkeringa innerst i Fiskefjorden. Derifrå følgde vi DNT-råket mot Toralfsbu. Godt merket og fint å gå på. Ved Revskarvatnet på 473moh tok vi av frå råket, og gjekk opp på Snøtinden. Fint terreng å gå i oppover, og vi kunne skli ein del på snøen ned at. Frå Revskarvatnet gjekk vi opp til skardet mellom Bollfjellet og Fiskefjordstindan, derifrå følgde vi standard-ruta oppover. Den er delvis varda, og det var to som hadde gått før oss. Ned at tok vi ein snarveg ned eit snøfelt. På veg attende gjekk vi oppom Bollfjellet.

Map    

Helligtinden

Date:
27.06.2019
Distance:
9.8km

Vi satt lengje heime i Evenskjer og vurderte for og i mot tur. Vêret var bra heime, men det var spådd dårleg overalt; sterk vind og litt regn. Til slutt fall valet på tur og Helligtinden. Så da vart det ny tur til Tjeldøya, den åttande gongen vi er på øya, og sannsynleg den siste. I tillegg til Helligtinden håpa vi på og kanskje også få med Øst for Trollfjellet (821moh). Vêret såg ikkje lovande ut på veg utover til Tjeldøya, og det betra seg diverre ikkje. Det var sterk vind oppover, som berre vart sterkare og sterkare. Etter kvart vart det også tett skodde. Det var også ein del regn i lufta, så det vart ein kald tur. Vi følgde godt råk frå parkeringa opp til Tindvatnet. På austsida av vatnet gjekk vi bort frå merkinga (som rundar toppen og kommer opp på nordsida), >>>

Map    

Sverigetinden

Date:
25.06.2019
Distance:
9.4km

Siste dag på Andøya. Vi drog frå Ånes til Andenes i styrtregn. Vi brukte styggvêret til ein tur innom Andenes, og eg fekk kjøpt meg nye, vasstette fjellsko. Vi drog så til Storvatnet for å gå på Sverigetinden. Vi følgde fint råk og gode merker opp til Breidtinden. Vidare var det råk, men ikkje merker bort til Sverigetinden. Frå Sverigetinden gjekk vi attende med sikte på Trolltinden, og tok med oss Breiviktinden på vegen. Fint terreng å gå i der vi gjekk utanom råk. På turen, og spesielt opp mot Trolltinden, bles vinden noko heilt enormt. Ned frå Trolltinden gjekk vi utanom råket ned til 280moh, derifrå følgde vi eit godt råk som ikkje er teikna inn på kartet.

Map    

Tre turar på Andøya

Date:
24.06.2019

Bilder av GPS-spor til Kristine frå turane Da vi vakna opp på parkeringa til Bjørnskinntinden var ikkje vêret så ille. Så etter frukost vart det tur opp på Bjørnskinntinden. Dit opp var det veldig bra råk, og vêret held seg også nokon lunde bra heile turen. Neste tur vart Kvasstinden, høgast på Andøya. Vi køyrde om Skoldehamn og sørspissen av øya og nordover at mot parkeringa i Norddalen. Vegen frå Svindalen til Norddalen var forferdeleg dårleg, knapt køyrbar. Råket oppover mot Kvasstinden var veldig blautt, men lett å følgje. Skodde på toppen diverre. Siste tur for dagen vart Stortinden/Åberge. Etter å ha ete middag køyrde vi til campingplassen på Ånes. Vi følgde råket som gjekk oppover. Det var stort sett greitt å følgje, men i skogen var det mykje høgt og blautt >>>

Map    

Innerheia

Date:
23.06.2019

Det var spådd ok vêr på Andøya dei nærmaste dagane, så da satt vi kursen dit. Vêret var ikkje det beste frå morgonen av, så vi venta til litt utpå dagen før vi drog. Målet denne dagen vart Innerheia på Hinnøya i Andøy kommune. Vi fann ei lita parkeringslomme like aust for råkstarten. Vi gjekk i brukbart råk oppover Kvalshausen og Ramnflogan. Oppe på Fornesfjellet delte det seg i fleire råk som kom og gjekk, men det var fint å gå der. Like før Keipen kom vi inn i skodda, som diverre vart varande resten av turen. Fint terreng å gå i, men kjedeleg og ikkje sjå noko. Kristine sin rapport Etter turen drog vi til Andøya og overnatta i bilen ved parkeringa til Bjørnskinntinden.

Map    

Nona

Date:
22.06.2019
Distance:
10.2km

Kristine hadde ærend i Harstad, så da vart det tur til Nona på Grytøya. Vêret var ikkje bra, det regna heile turen. Ingen sikt på toppen. Det var bra råk inn til Vadskinnsdalsvatnet. Derifrå var det merking vidare, men snøen gjor at det var vanskeleg å sjå merkinga fleire gonger. Følgde ei renne opp til ryggen/flanken som vi følgde opp til toppen. Veldig kaldt på toppen. Eit lite og litt luftig klyvepunkt rett før toppen, som var litt ekkelt på grunn av det våte vêret.

Map    

Skittendalstinden og Litletinden

Date:
20.06.2019
Distance:
19.4km

Skittendalstinden er ein topp vi har sett på heile året; vi har flott utsikt mot han frå kjøkkenvindauget på Evenskjer. I haust vart det ikkje noko av, og i vinter har vi ikkje vurdert han, men no trudde vi at det skulle være bra føre for fottur dit. Vêret var spådd finast tidleg på dagen, så da var planen å gå tidleg. Vi skulle eigentleg stå opp 03.30, men Kristine fekk ikkje sove, så da vekka ho meg klokka 01.30. Vi åt frukost og pakka tursekkane, og drog til Dragvik i Evenes. Vêret var ikkje bra da vi drog, men vi håpa det ville betre seg. Vi gjekk i vegen på traktorveg og godt råk opp til Renskvannto, der signerte vi i turboka, før vi tok av råket og gjekk sørryggen opp til Litletinden. Dei fyste 60-100 høgdemetrane var ganske bratte, men heilt greitt å gå opp der. >>>

Map    

Løksetinden og Høgtind

Date:
17.06.2019

Strålande vêr frå morgonen, men det var spådd dårlegare utover dagen. Vi var innom Matkroken på Ånstad på Andørja for å kjøpe brød til frukost og niste, før vi drog mot fastlandet og parkerte på ein liten parkeringslomme ved Løksa. På parkeringslomma var vi eit ettertrakta bytte for kleggen, så vi prøvde å være raske med å komme i veg. Råket oppover var bra merka, men ganske vått. Vi fylte opp flaskene i Navarselva. Og oppover Aksla vart det færre innsektar. Oppe på 900moh gjekk vi litt feil i forhold til råket, da vi hadde sett spor i snøen lenger oppe, men vi fann ut at det beste nok var å følgje råket. Frå 900moh gjekk vi i snø heilt opp til 1160moh. Vi gjekk i låge terrengsko, så vi vart veldig våte og litt kalde på føtene, heldigvis var det skikkeleg >>>

Map    

Langlitinden på Andørja

Date:
16.06.2019

(Med unntak av Jan Mayen og Svalbard) Vi vakna opp til overskya vêr og skodde på Klåpheia, så vi åt ein sein frukost før vi drog innover Straumbotn til parkeringa nedunder Langlitinden. Vêret betra seg medan vi køyrde innover, og før vi gjekk i vegen var det strålande sol og varmt. Vi var usikre på snøforholda oppover, så stegjern og isøks vart med på turen. Det var fullstendig unødvendig, og vi la dei frå oss på om lag 820moh. Vi følgde normalruta, og oppover gjekk vi i godt råk. Frå om lag 900moh var det litt snø, som var kjekk å følgje på veg ned. Fantastisk utsikt på toppen. Ein ny strålande flott tur i Ibestad kommune. Etter turen vart det eit forfriskande bad i Straumsbotn, før vi fann eit sted å overnatte på vest-sida av øya.

Map     2 comments