Archive - Date

Collected lists

Kjerstadtinden

Date:
31.05.2019
Distance:
11.1km

Det var spådd fint vêr i natt, og dårlegare utover dagen. Så vi val tur framfør søvn. Turen gjekk til Kjerstadtinden på Tjeldøya. Vi hadde funne ein turskildring på facebook, og at det skulle gå merka råk frå like før Kjerstad. Vi fann parkeringa og råket, men mista råket etter allereie 50 meter. Vi gjekk oppover utan råk, stort sett på berg, så det var greitt å gå i terrenget. På om lag 300moh fann vi at råket. Derifrå klarte vi nokon lunde å følgje det. Ein del snø, men fint å gå. Vi hadde med broddar, og på eit bratt parti med hard snø mellom 600 og 700moh tok vi dei i bruk båe opp og ned. Sjølv om det var litt overskya, var det ein del flott ljos på turen, og fin utsikt på toppen. Vêret var diverre på sitt aller beste på bilturen heim.

Map    

Tverrfjellet

Date:
30.05.2019
Distance:
11.5km

Målet for turen var eigentleg å komme på Lafjelltinden, men mykje vind og tunge forhold gjorde til at vi sa oss nøgde på Tverrfjellet. Oppover følgde vi råk til høgdekote 400moh. Vi tok av litt tidleg frå vegen, så vi måtte gå litt gjennom skogen for å finne at råket. Frå kote 440moh gjekk vi i kupert terreng forbi vatn 399moh. Vi fann ei snøbru for å komme over elva frå vatnet. Ned frå Tverrfjellet sklei vi mykje på snøen, og fann ei anna veg ned til vegen. Det vart ein heil grei tur, men ingen høydare.

Map    

Blåfjellet i Harstad

Date:
29.05.2019
Distance:
9.2km

Overskya vêr heime, og ikkje spådd noko betre utover dagen. Vi drog til Kilbotn i Harstad, med mål om å gå på Blåfjellet. Det vart ein fin tur på godt råk, og overraskande bra vêr.

Map    

Lofottur dag 10: Himmeltinden, Veggen og Haveren

Date:
23.05.2019

Siste dag på Lofotferien. Det vart tre turer denne dagen. Fyste tur for dagen vart Himmeltinden, høgaste topp på Vestvågøya. Vi parkerte på Hauklandsstranda, og gjekk i vegen oppover. Det var fleire som gjekk samstundes med oss, men alle dei andre gjekk til Mannen. Råket oppover Durmålsdalen var veldig fint. Det hadde vore spådd ein del vind denne dagen, men vi merka lite til det oppover. Dagens fyste rast vart på om lag 600moh. Der møtte vi ei dame som var på veg nedover. Ho var den einaste vi møtte oppover mot Himmeltinden. Vêret var strålande, og utsikta heilt fantastisk, noko som skulle vare heile turen. Vi gjekk over fortoppane Fehammeran og Himmeltinden sør på veg til toppen. Sjølve toppen på Himmeltinden var litt kjedeleg, med NATO-installasjon og ein del søppel derifrå. >>>

Map    

Lofottur dag 9: Justadtinden

Date:
22.05.2019
Distance:
12.2km

Kaldare vêr enn dei førre dagane, og mykje vind. Valet av tur fall på Justadtinden. Vi gjekk råket frå Hagskaret, etter å ha diskutert om vi skulle starte der eller ved Kråklia. Det var ein flott tur på bra råk og med god utsikt. Langt og småkupert innover, før det bratna til etter Moshumpan for dei siste 250 høgdemetrane. Vi fann litt ly på toppen, så vi satt der ei god stund. Ein flott tur.

Map    

Lofottur dag 8: Stornappstinden og Gravfjellet ved Ballstad

Date:
21.05.2019
Distance:
7.0km

Stornappstinden og Middagstinden Enda ein strålande morgon i Lofoten, med fantastisk vêr. Etter frukost pakka vi ned teltet og drog til parkeringa ved Stornappstinden. Vi gjekk i vegen likt med eit par jenter frå sørvestlandet, det var mange som gjekk på Stornappstinden denne dagen. Ikkje så rart det, råket var veldig bra, stigninga var effektiv og utsikta frå toppen heil enorm. På veg ned fann vi ei anna rute, og fekk snørenne nesten heilt frå vi gjekk av råket og til Skarvatnet. Derifrå gjekk vi opp på den mykje mindre populære toppen Middagstinden, der møtte vi ingen, men det var ein flott topp det og. Dette var ein strålande dag og vera ute på, sola varma godt, og vi satt på toppane i nærmare to timar til saman. Gravfjellet Etter turen hadde vi ordna oss med overnatting på >>>

Map    

Lofottur dag 7: Andopshesten og Myrland

Date:
20.05.2019
Distance:
10.0km

Andopshesten Ein strålande flott morgon i Lofoten. Etter å ha sove lengje drog vi til Ramberg. Der kjøpte vi inn til frukost, og vi satt utanfor butikken i sola og åt. Etter frukosten drog vi vidare til Flakstadpollen, og parkerte ved parkeringa til Andopshesten. Vi gjekk i vegen på bra råk opp til skardet mellom Hestmanken og Hestræva. Der satt vi frå oss sekkane, og gjekk opp på Hestræva. Ein fin topp med flott utsikt. Vidare gjekk vi over Hestmanken, og på nedsida av den bratte sørryggen opp mot Andopshesten. Det var bra råk, men det vart ein del snø som måtte passerast. Oppe på vestryggen til Andopshesten tok vi ein pause, før vi gjekk utan sekker opp til toppen. Vi hadde snakka om å også ta med Store Klauva, men slo det frå oss, og gjekk utan sekker til Digertinden. Vi >>>

Map    

Lofottur dag 6:To turer på Værøy og Volandstinden i Flakstad

Date:
19.05.2019
Distance:
4.0km

Det bles skikkeleg denne natta på Værøy, og det var vanskeleg å få sove i teltet. Kristine og eg fann da ut at vi like gjerne kunne gå ein tur. Det var ein del vind, men elles var vêret heilt strålande, med ein fin soloppgang i halv fire tida. Målet vart Valttinden. Vi forsøkte å gå rett opp i frå Gångskaret, men det vart for bratt og kronglete. Vi gjekk litt ned og runda mot nord, og gjekk opp i skaret mellom Gångskårtinden og Valttinden. Derifrå var det grei og morosam klyving opp til toppen. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på Gångskårtinden etter Valttinden, men vi fann ut at Gullaksla/Storfjellet freista meir. Nedover frå Valttinden var det slakt, og det var eit råk der. I eit bratt parti var det lagt ut kjetting og det var boltar i fjellet. Vi gjekk oppom Litlmelen, >>>

Map     1 comment

Lofottur dag 5: Værøya

Date:
18.05.2019
Distance:
20.0km

Gångskaret Som vanleg så langt i Lofotferien vår starta dagen med dårleg vêr. Det var overskya og ein del vind. Vi åt frukost i teltet, før vi pakka samen og gjekk til fergekaia. Frå Røstlandet tok vi ferga til Værøya. Frå ferga gjekk vi til butikken i sentrum, der vi handla litt mat, åt niste og kjøpte is, før vi gjekk opp Gångskaret. Der satt vi opp teltet før vi gjekk i vegen på tur. Nordlandsnupen og Gjerdheia Vi gjekk fyst ned til den flotte stranda på Alvneset, før vi følgde godt råk opp til Nordlandsnupen, kommunetoppen i Værøy. Videre i litt mindre tydeleg råk til Gjerdheia. Derifrå i betre råk til nedunder Hornet. Vi hadde eigentleg snakka om å gå på Hornet og Håen fyst, men skifta meining og forsøkte å ta Måhornet fyst. Forsøk på Måhornet Vi gjekk ned >>>

Map    

Lofottur dag 4: Hornsheia, Moberget, Å og Røstlandet

Date:
17.05.2019
Distance:
2.7km

17.mai, og Røst var hovudmålet for dagen. Vêret var framleis dårleg. Skodda låg lavt over Lofoten, og høge toppar freista ikkje. Fyste tur gjekk på Hornsheia i Gravdal. Det var ein kort tur med godt råk. Men vêret var begredeleg og ingen utsikt. Etter Hornsheia køyrde vi vidare utover Lofoten og håpa på at vêret skulle betre seg. Andre tur vart Moberget på Moskenesøy i Flakstad kommune. Vêret var framleis ikkje noko å skryte av, men det var ein fin, liten topp. Vi køyrde så vidare i Å, der vi gjekk ein bitte liten tur, før vi drog til Moskenes. Vi parkerte på fergekaia, og lagde oss middag, før vi gjekk på ferga til Røst. Forbi Værøy var det pent vêr, men da vi kom fram til Røst var det skodde og vind. Etter å ha traska innover Røstlandet med tunge sekker, fann vi >>>

Map