Archive - Date

Collected lists

Rundfjellet

Date:
29.04.2019
Distance:
7.3km

Kombinert skitur og handletur etter jobb. Det var eigentleg spådd ok vêr, men det slo ikkje til. Det hadde vore overskya heile dagen, og vi håpa det skulle letne når vi gjekk i vegen på tur. I staden vart det verre. Snøen var ganske roten og nokre stader søkk ein ganske djupt. Oppe på om lag 680moh flata det ut og det vart tjukk skodde, og vi måtte gå på GPS-kurs for å finne rett veg til toppen. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå vidare til toppen “Vest for riksrøys 267 A” (690moh), men det slo vi frå oss på grunn av vêret. Vi hadde også vorte for seine til butikken om vi hadde gått vidare. Frå toppen behaldt vi fellane på ned at til om lag 690moh, der tok vi dei av, og nedkøyringa var faktisk ganske bra.

Map    

Middagsfjellet

Date:
28.04.2019
Distance:
10.0km

Tur med Kristine. Etter sein frukost med turplanlegging drog vi i veg mot Lødingen/Kvæfjord. Vi hadde eigentleg tenkt til å parkere ved parkeringsplassen på kommunegrensa, men da vi så at det gjekk ann å parkere i vegskuldra gjorde vi det, og spara ein del meter. Turen opp til Middagsfjellet vart ein flott tur i eit strålande vårvêr, det var varmt og godt, og utsikta var fenomenal. Nedkøyringa var fin, og det var god snø å køyre på.

Map    

Strandtind

Date:
27.04.2019
Distance:
9.9km

Kristine og eg hadde meldt oss på tur med Vesterålen turlag. Oppmøte ved parkeringa kl. 09.30, og avgang når vi var klare. Det var tett oppunder 30 deltakarar på denne turen. Det var varmt og godt vêr, og eg gjekk i shorts og t-skjorte heile vegen opp. Bukse og jakke ned att. Flott utsikt på toppen, men ein del dis på grunn av varmen. Litt hardt føre på toppen, men betre nedover. Ein flott tur.

Map    

Geita

Date:
21.04.2019
Distance:
2.4km

Etter ein veldig hyggeleg påskeferie på Gavlen var det på tide å dra heim. Etter frukost skyssa Tor Erling Kristine og meg over fjorden. Eg hadde vakna med ein gryande forkjøling, samt at eg hadde gått på meg nokon vonde gnagsår i løpet av ferien. Vêret var heller ikkje spesielt fint. Tur ville vi ha uansett, men nokon lang tur var det ikkje snakk om. Valet fall på Geita, som var tidleg på køyreturen heim. Det var en kort og grei tur.

Map    

Reinen

Date:
20.04.2019
Distance:
9.1km

På Gavlen skulle det våre påskeskirenn, og tre barnefamiliar var invitert til å være med. Kristine og eg så på det som ein god moglegheit til å dra på tur, og Simen ville gjerne være med. Tor Erling skyssa oss over vatnet når han likevel skulle hente ein av familiane. Vi køyrde litt i retning Mefjorden, og parkerte i vegkanten like før Mefjordvatnan. Kristine hadde i lag med Jorunn sett ut ein fin topp, Reinen. Vi hadde tenkt å gå i nokså rett linje frå bilen til toppen, men ein flaumstor og snøfri Skifteselva satt ein stoppar for det. For å komme over elva følgde vi ho nedover på leit etter ei snøbru, til slutt såg Simen ei og prøvde å gå over. Han kom seg trygt over, og eg og Kristine følgde etter. Derifrå var det greitt hele vegen til topps, slakt terreng til >>>

Map    

Gavlen

Date:
19.04.2019
Distance:
15.4km

Etter å ha vore inne på Gavlen store deler av dagen, tok Kristine og eg ein ettermiddagstur. Vi hadde tenkt å komme oss på båe dei to “raude” toppane som er i nærleiken. Det var roten og trå snø, og vêret var stusseleg; litt yr, skodde og ein del vind. Vi måtte ta av oss skia for å komme over bekken som kom ned frå Vasslibruna. Etter å ha passert haugen ved Gavlsvatnet, var det opp og ned nokon små bekkedaler før vi gjekk opp til ryggen mot Skårlifjellet. Sterk vind på ryggen, og tett skodde på toppen. Over mot Blåheia var det mange små bekkedaler som måtte passerast, så det var litt kjedeleg terreng. Oppover mot Blåheia byrja vi å bli svoltne, det vi hadde trudd skulle bli ein 2-3 timar lang tur, vart ein god del lengre. Difor val vi å ikkje gå oppom Vasslibruna. >>>

Map    

Oksen

Date:
18.04.2019
Distance:
11.2km

Vi var inviterte til Jorunn og familien på Gavlen i påskehelga, så vi drog av gårde i retning Senja. Vi ville stoppe undervegs for å gå ein liten tur. Vêret var fint, men det var spådd mykje vind, så vi fann ein låg topp. Valet fall på Oksen, eller Elveskartinden, i Dyrøy/Salangen. Varmt og godt vêr tidleg på turen, men kald og sterk vind på toppen. Ganske hardt føre, så køyringa ned at var ikkje spesielt bra. Etter turen drog vi vidare til Botnhamn, der henta Tor Erling oss med båt til Gavlen.

Map    

Trosen

Date:
17.04.2019
Distance:
23.7km

Turmål for dagen var Trosen. Vi gjekk i vegen frå parkeringa ved Fjellkysten hotell. Vi gjekk innover den lange og kjedelege vegen mot Hesjevikelva. Videre oppover skara i skogen, før vi gjekk over den lange myra ved Åsevatnan. På om lag 600moh tok vi ein matpause. Derifrå bratna det til oppover mot toppen. Nedkøyringa frå Trosen vest til 600moh, var veldig fin i tørr laussnø. Der tok vi ein litt anna rute enn opp, så vi slapp litt motbakke. Ein veldig fin tur, og vi hadde strålande sol og det var heilt vindstille.

Map    

Ystelifjellet

Date:
16.04.2019
Distance:
25.6km

Etter ein litt dårleg start på påska, med styggvêr og by-dag for å ordne skibinding, pakka vi bilen for å dra på tur. Vi hadde ordna overnatting på Fjellkysten hotell ved Soløy i Lavangen. Turmål denne dagen var Ystelifjellet på kommunegrensa mellom Gratangen og Lavangen. Vi parkerte på ein parkeringslomme ved Hesjeberg, og følgde ski- og scooterspor oppover traktorvegen. Frå der vi gjekk av vegen var det spredt og slak bjørkeskog opp til punkt 457moh. Det var godt og varmt å gå, og nesten vindstille, så vi kunne gå utan jakke. Vidare gjekk vi over Steinbergskarlian til Risen. Flott utsikt på Risen. Ned frå Risen val vi å ikkje ta av fellane, da nedkøyringa uansett ikkje såg så bra ut, og ikkje var spesielt lang. Vidare opp til Borturskardtinden. Ned at derifrå tok >>>

Map    

Eidefjellet

Date:
14.04.2019
Distance:
6.3km

Plan for dagen var eigentleg å gå på Middagsfjellet, som ligg sør for der vi parkerte, men dårleg vêr forte til at vi val ein lågare topp. Turen opp til Kanstadtuva, eller Eidetuva som han også kallas, var ganske tung i varmen. Kanstadtuva bestod av to små toppunktar, midt i mellom dei røyk skibindinga mi sund. Vi hurtigreparerte han med ei hyssing, og utroleg nok held han resten av turen. Vidare opp til Søre Eidefjellet vart vêret enda dårlegare, og opp til sjølve Eidefjellet måtte vi gå etter GPS-kurs. Attende var det berre å følgje sporane våre, før det vart ein ok nedkøyring i slush-snø frå Kanstatuva.

Map