Archive - Date

Collected lists

Kjerringhola

Date:
26.03.2019
Duration:
1:31h
Distance:
12.0km

Skitur i lysløypa på Breistrand, med ein avstikkar oppom Kjerringhola.

Map    

Høgåsen

Date:
25.03.2019
Duration:
1:49h
Distance:
13.2km

Skitur i lysløypa på Breistrand med Kristine. Tok avstikkeren oppom Høgåsen.

Map    

Sørvikfjellet rundt

Date:
24.03.2019
Distance:
30.1km

Ikkje så pent turvêr denne helga, grått og litt nedbør, både regn og snø. Det og stor rasfare førte til at det ikkje vart ein skikkeleg fjelltur. Vi fekk likevel ein lang og fin skitur på sundag. Vi køyrde til skulen i Sørvika, der dei arrangerte skirennet Hinnøyløpet. Vi gjekk i vegen like etter rennstart, men ein snøscooter hadde allereie klart å øydelegge det eine sporet. Etter kvart vart også det andre sporet øydelagt av scooterkøyring. Klisteret frå dagen før fungerte godt i starten av turen då, men etter kvart byrja det å snø, så vi sleit med klabbing i dei bratte motbakkane som var tidleg på turen. Vi la inn ein liten avstikkar frå skiløypa og >>>

Map     2 comments

Høgfjellet

Date:
18.03.2019
Distance:
20.7km

Det tredje forsøket på Høgfjellet på tre dagar. I dag var det spådd fint vêr, og når vi har ferdige på jobb i halv tre tida, strålte sola. Vi køyrde til skytebana i Borkenes og gjekk i vegen i skiløypa. Sola strålte framleis og det var nesten vindstille. Frå skiløypa følgde vi nesten same rute som dagen før, men spora våre var blese att. Vi droppa å gå oppom Råheia, men gjekk rett mot Skjærstaddalsfjellet. Snøen var forblåst og fokket, med mange små skavlar så det var ikkje spesielt behageleg i alle nedover bakkar, spesielt ned i frå Høgfjellet var det litt vanskeleg. Vi la turen utom Sjurfjellet og Storlitinden sjølv om det byrja å mørkne. På turen attende fekk vi fin solnedgang. Nede att i skiløypa gjekk vi lysløypa, så vi slapp å bruke hovudlyktane våre. >>>

Map    

Råheia

Date:
17.03.2019
Distance:
17.5km

Nytt forsøk på Høgfjellet i Harstad. Det var spådd mykje vind i dag, så vi var usikre på om det var fint å vere i høgda. I staden for å ta heisen opp i Sollia drog vi til skytebana i Borkenes og gjekk i gode skiløyper, om det ikkje var fint å gå på toppane så fekk vi uansett ein fin tur tenkte vi. Det var fint å gå i skiløypene, men det bles ein god del. I frå myra mellom Gammen og Koven tok vi av frå skiløypa og gjorde vi eit forsøk på nå Høgfjellet. Det var fint å brøyte opp til om lag 500 moh, der økte vind kraftig og det vart meir skya og litt skodde. Vi gjekk opp til Råheia, der sa vi oss nøgde, så det blir nok eit nytt forsøk på Høgfjellet seinare. Det var ein finare tur å starte på Borkenes, enn å ta heisen i Sollia.

Map    

Sollia i Harstad

Date:
16.03.2019
Distance:
5.5km

Høgfjellet er ein av toppane i Harstad vi manglar, så i dag tenkte vi å gå på han. Det var spådd bra vêr da vi drog heime frå. Vi køyre til Sollia alpinsenter, der kjøpte vi to eingongskort. For to kort tok dei 190 kronar, 70 kronar meir enn vi betalte for to kort i Tromsø. Vêret hadde vært ok medan vi køyrde, og når vi åt litt mat i bilen. På veg oppover heisen vart det meir vind og meir overskya. Det byrja også å snø ein del. Frå heisen var det kort og lett opp til Sollifjellet, men vêret vart berre dårlegare. Over mot Vetefjellet vart sikta mykje dårlegare, og etter Vetefjellet vurderte vi sikta og vêret for dårleg til at det var noko poeng i å fortsette turen. Irriterande å måtte snu, men vêret var ikkje på lag med oss i dag. Etter turen tok vi ein ny tur >>>

Map    

Bergsheia på Dyrøya

Date:
10.03.2019
Distance:
10.5km

Vi åt ein god frukost på hotellet i Bardufoss før vi drog mot Dyrøya for å gå på Bergsheia. Vi fann ein parkeringsplass langs vegen, og fekk lov frå grunneigar til å parkere der. Vi hadde bestemt oss for å prøve toppturskia etter den tunge turen på Aursfjellet dagen før. Det var godt føre og fint og gå oppover, ned att var det fantastisk køyring. I løpet av turen fann vi ut at vi ville ta med ein topp til, Liaheia. Etter ein god pause i Bergskardet, følgde vi ryggen opp til Liaheia. Det var strålande vêr denne dagen. Vinden som hadde blese surt tidlegare i ferien var borte (bortsett frå akkurat på toppen av Bergsheia) og sola verma for fullt.

Map    

Aursfjellet

Date:
09.03.2019
Distance:
10.0km

Etter ein strålande dag i Tromsø i går, var det i dag meir overskya. Vinden var fortfarande kald, og nokså sterk så vi fann ein ikkje så altfor høg topp. Valet fall på Aursfjellet i Målselv. Vi drog rett etter å ha ete ein riktig god frukost på hotellet i Tromsø. På vegen fann vi ut at vi ikkje ville tilbake til Evenskjer med ein gong, så vi ordna med overnatting til sundag på Bardufoss hotel. På Peakbook-kartet er det registrert ei parkering like ved der vi starta turen, men han ligg på privat eigedom, så vi parkerte heller i vegkanten. Dei fyste høgdemetrane gjekk vi på bilveg, før vi følgde scooterkøyring oppover traktorvegen. Frå vi tok av frå traktorvegen vart det brøyting, men vi kunne stadvis følgje scooterspor oppover. Vi hadde ikkje vurdert turen som bratt >>>

Map    

Tromsø

Date:
08.03.2019
Distance:
17.8km

Skarsfjellet og Blåfjellet Etter ein veldig god frukost på hotellet i Tromsø drog vi til alpinbakken i Tromsdalen. Der kjøpte vi kort for ein tur, og tok heisen opp til 500 moh. Derifrå følgde vi skiløypa innover mot Skarsfjellet. Det var sterk vind i fjellet, så skiløypa var temmeleg attblåst, og det var surt vêr, men strålande flott sol. Ved løypekrysset tok vi av frå skiløypa og gjekk opp på Skarsfjellet. Derifrå held vi høgda over Blåmannen til Blåfjellet. Frå Blåfjellet følgde vi løypestikker attende til skiløypa, som vi følgde ned at til bilen. Varden på Tromsøya Etter den fyste turen tok vi ein ny, stutt tur til høgaste punkt på Tromsøya. Vi parkerte på Nordspissen, og følgde skiløypa til høgaste punkt i løypa. Derifrå brøytte Kristine opp til toppen.

Map    

Sørhusfjellet og Helgemauken i Bardufoss

Date:
07.03.2019

Etter nokre dagar med dårleg vêr, tenkte vi ta ein langhelg i Tromsø. På køyreturen oppover stoppa vi og gjekk to skiturar i Bardufoss. Den fyste turen gjekk til Sørhusfjellet. Vi parkerte ved Bardufosstun, og gjekk i god skiløype oppover mot toppen. På om lag 360 moh måtte gå ut frå skiløypa, og brøyte sjølv. Det var mykje snø, og kolossalt tungt føre, men ikkje så altfor mange høgdemeter heldigvis. Fin utsikt på toppen. Tur nummer to gjekk til Helgemauken. Vi køyrde til Målselv Fjellandsby, som ligg flott plassert midt i alpinbakken. Vi køyrde høgt oppi bakken før vi parkerte og gjekk i vegen. Skiløypa hadde diverre ikkje klassisk spor, så det var litt kjedeleg å gå. Oppe i skaret mellom Helgemauken og Hompen stoppa skiløypa på om lag 470 moh, så derifrå brøyta >>>

Map