Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kjølafjellet og Gravfjellet

Dato:
13.10.2019
Distanse:
9,9km

Tur med Kristine. Vi køyrde inn vegen frå Robøle, mot Yddin og Storeskag, og parkerte i vegkanten på vegen inn mot Kristianstølen. Derifrå følgde vi vegen oppover, før vi tok av på godt råk oppover mot Kjølafjellet. Før vi gjekk i vegen oppover råket, tok vi turen oppom punkt 1053moh, og oppretta den som ein topp. Det var ein del snø i terrenget, og det var tydeleg at dette er godt besøkte toppar. Råket opp til Kjølafjellet var bra oppgådd, så det var ikkje så tungt i snøen som vi hadde trudd. Vidare var det også gått ein del folk til Heimre Kjølafjellet. Derifrå følgde vi råket litt vidare, før vi gjekk rett mot Gravfjellet. Vi oppretta ei lita høgde nedunder Heimre Kjølafjellet, før vi gjekk nedover mot Raudtjernet. Nedover mot Raudtjernet var det ein del kratt >>>

Kart    

Kongsliknuppen og Heimre Fagerdalshøe

Dato:
12.10.2019
Distanse:
7,7km

Tur med Kristine. Det var mykje folk ute i fjellet i dag, men dei fleste gjekk enten på Synshorn eller innover Heimre Fagerdalen, så oppe på Kongslikuppen og Heimre Fagerdalshøe var vi åleine. Det byrjar å bli ein del snø i terrenget. Til å byrje med hadde vi ganske bra vêr, men etter kvart vart det meit overskya, og på Heimre Fagerdalshøe var det skodde da vi var der.

Kart    

Kvålshovd

Dato:
11.10.2019
Distanse:
3,4km

Tur med Kristine etter jobb.

Kart    

Kvithovd

Dato:
07.10.2019
Distanse:
5,7km

Tur til Kvithovd etter jobb. Vi køyrde opp til Slidrestølen og gjekk derifrå. Kaldt og vinterleg vêr. Flott utsikt frå dei to utsiktpunktane.

Kart    

Mykkeltveitveten i Voss

Dato:
06.10.2019
Distanse:
6,3km

Tur i Voss på veg heim frå Askøy. Vi tok av frå E16 ved Bulken, og køyrde inn til Flagastølen. Derifrå gjekk vi oppover til Mykkeltveitveten. Vi følgde råk til å byrje med, men mista det tidleg. Det var likevel fint å gå oppover. Ved toppen kom vi inn på råket att, men vi klarte ikkje å følgje det særleg lengje. Litt bratt gras der vi gjekk ned, men greitt nok. Ein veldig fin tur, i flott haustvêr.

Kart    

Sotra og Lille Sotra

Dato:
05.10.2019
Distanse:
0,6km

Vi skulle eigentleg gå på Lyderhorn, men ein liten feilkøyring i ein rundkøyring sendte oss inn i tunellen mot Sotra. Da vart plan endra, og vi gjekk den korte turen på Botlenipa, som er høgaste punkt på Lille Sotra. Vidare drog vi ut til Sotra og gjekk på Liatårnet, som er høgast på øya, og kommunetopp i Fjell. Flott tur som var godt tilrettelagt. Siste tur gjekk til kommunetoppen i Sund, Førdesveten. Flott tur, og kul gitar på starten av turen.

Kart    

Gullfjelltoppen

Dato:
04.10.2019
Distanse:
8,6km

Tur på veg frå Myrkdalen i Voss til Askøy for å vitje Mari og familien. Mange flotte vardar på tur oppover, og godt råk. Fin utsikt på toppen. Fint vêr, men sterk vind og kaldt på toppen.

Kart    

Larsfonnberget og Valafjellet

Dato:
03.10.2019
Distanse:
11,1km

Ny fin tur i Voss. Vi køyrde inn god grusveg til Kvanndalen (50kr i bompenger). Derifrå gjekk vi delvis på råk oppover mot Skjolsetdalen, før vi tok av og gjekk oppover mot Geitaberget, og vidare til Larsfonnberget. Det var skodde da vi var på desse to toppane. På veg mot Valafjellet betra vêret seg noko, og på veg attende over Høgafjellet fekk vi ganske bra vêr. Vi gjekk mesteparten av turen utan råk, men det var flott og lettgått terreng, og litt snø i høgda.

Kart    

Hjortahorgi og Torfinnshorgi

Dato:
02.10.2019
Distanse:
20,2km

Etter ein meget god hotellfrukost i Myrkdalen, satt vi kurs mot Tesdalen i Bordalen sør for Vossavangen. Der parkerte vi i jordekanten, og gjekk i vegen oppover. Bilvegen vidare oppover var så-som-så, men da vi kom opp på høgaste punkt på vegen (om lag 730moh) sto det parkert eit par mellomstore SUVer der. Oppover frå Roksbotnen fann vi ikkje noko råk, så vi gjekk i terrenget oppover, og følgde nokon lunde spora til peakbookere som har gått turen før. Ved Skaret tok vi rett nordover mot Torfinnshorgi, og vi kunne delvis følgje DNT-merka råk. Frå Torfinnshorgi var det ganske kupert over til Hjortahorgi. Det same var terrenget ned att frå Hjortahorgi, og vi tok turen oppom Skjemmehorgi. Mange av breane som er teikna inn på kartet er enten kraftig reduserte eller fordufta, og nokon >>>

Kart    

Borgund stavkykje med meir

Dato:
01.10.2019
Distanse:
3,8km

Etter ein overnatting i Stange satt vi kursen mot vestlandet. Vi skal vitje Mari og familien på Askøy, men fyst skal vi ha nokre dagar på hotell i Myrkdalen i Voss. Det er ein lang biltur frå Stange til Voss, så det vart nokon stopp undervegs. Den fyste stoppen vart av det korte slaget. På vegen mellom Gjøvik og Dokka køyrde vi inn til Tjernsvehaugen. Frå parkeringa gjekk vi 15 høgdemeter og 200 meter til toppen. Ingen utsikt på toppen. Så vart det to stopp i Valdres, før vi køyrde frå Slidre mot Myrkdalen. Da vart det stopp i Borgund. Der såg vi fyst på den flotte stavkyrkja, før vi gjekk opp på Klantenovi. Vi gjekk litt i terrenget, men mest på råk. På veg ned til bilen gjekk vi bortom vestsida av Vindhellevegen, og såg på den fantastiske vegen dei bygde på 1800-talet.

Kart