Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (173)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Sollia i Harstad
- Dato:
- 16.03.2019
- Distanse:
- 5,5km
Høgfjellet er ein av toppane i Harstad vi manglar, så i dag tenkte vi å gå på han. Det var spådd bra vêr da vi drog heime frå. Vi køyre til Sollia alpinsenter, der kjøpte vi to eingongskort. For to kort tok dei 190 kronar, 70 kronar meir enn vi betalte for to kort i Tromsø. Vêret hadde vært ok medan vi køyrde, og når vi åt litt mat i bilen. På veg oppover heisen vart det meir vind og meir overskya. Det byrja også å snø ein del. Frå heisen var det kort og lett opp til Sollifjellet, men vêret vart berre dårlegare. Over mot Vetefjellet vart sikta mykje dårlegare, og etter Vetefjellet vurderte vi sikta og vêret for dårleg til at det var noko poeng i å fortsette turen. Irriterande å måtte snu, men vêret var ikkje på lag med oss i dag. Etter turen tok vi ein ny tur >>>
Bergsheia på Dyrøya
- Dato:
- 10.03.2019
- Distanse:
- 10,5km
Vi åt ein god frukost på hotellet i Bardufoss før vi drog mot Dyrøya for å gå på Bergsheia. Vi fann ein parkeringsplass langs vegen, og fekk lov frå grunneigar til å parkere der. Vi hadde bestemt oss for å prøve toppturskia etter den tunge turen på Aursfjellet dagen før. Det var godt føre og fint og gå oppover, ned att var det fantastisk køyring.
I løpet av turen fann vi ut at vi ville ta med ein topp til, Liaheia. Etter ein god pause i Bergskardet, følgde vi ryggen opp til Liaheia.
Det var strålande vêr denne dagen. Vinden som hadde blese surt tidlegare i ferien var borte (bortsett frå akkurat på toppen av Bergsheia) og sola verma for fullt.
Aursfjellet
- Dato:
- 09.03.2019
- Distanse:
- 10,0km
Etter ein strålande dag i Tromsø i går, var det i dag meir overskya. Vinden var fortfarande kald, og nokså sterk så vi fann ein ikkje så altfor høg topp. Valet fall på Aursfjellet i Målselv. Vi drog rett etter å ha ete ein riktig god frukost på hotellet i Tromsø. På vegen fann vi ut at vi ikkje ville tilbake til Evenskjer med ein gong, så vi ordna med overnatting til sundag på Bardufoss hotel.
På Peakbook-kartet er det registrert ei parkering like ved der vi starta turen, men han ligg på privat eigedom, så vi parkerte heller i vegkanten. Dei fyste høgdemetrane gjekk vi på bilveg, før vi følgde scooterkøyring oppover traktorvegen. Frå vi tok av frå traktorvegen vart det brøyting, men vi kunne stadvis følgje scooterspor oppover. Vi hadde ikkje vurdert turen som bratt >>>
Tromsø
- Dato:
- 08.03.2019
- Distanse:
- 17,8km
Skarsfjellet og Blåfjellet
Etter ein veldig god frukost på hotellet i Tromsø drog vi til alpinbakken i Tromsdalen. Der kjøpte vi kort for ein tur, og tok heisen opp til 500 moh. Derifrå følgde vi skiløypa innover mot Skarsfjellet. Det var sterk vind i fjellet, så skiløypa var temmeleg attblåst, og det var surt vêr, men strålande flott sol. Ved løypekrysset tok vi av frå skiløypa og gjekk opp på Skarsfjellet. Derifrå held vi høgda over Blåmannen til Blåfjellet. Frå Blåfjellet følgde vi løypestikker attende til skiløypa, som vi følgde ned at til bilen.
Varden på Tromsøya
Etter den fyste turen tok vi ein ny, stutt tur til høgaste punkt på Tromsøya. Vi parkerte på Nordspissen, og følgde skiløypa til høgaste punkt i løypa. Derifrå brøytte Kristine opp til toppen.
Sørhusfjellet og Helgemauken i Bardufoss
- Dato:
- 07.03.2019
Etter nokre dagar med dårleg vêr, tenkte vi ta ein langhelg i Tromsø. På køyreturen oppover stoppa vi og gjekk to skiturar i Bardufoss. Den fyste turen gjekk til Sørhusfjellet. Vi parkerte ved Bardufosstun, og gjekk i god skiløype oppover mot toppen. På om lag 360 moh måtte gå ut frå skiløypa, og brøyte sjølv. Det var mykje snø, og kolossalt tungt føre, men ikkje så altfor mange høgdemeter heldigvis. Fin utsikt på toppen.
Tur nummer to gjekk til Helgemauken. Vi køyrde til Målselv Fjellandsby, som ligg flott plassert midt i alpinbakken. Vi køyrde høgt oppi bakken før vi parkerte og gjekk i vegen. Skiløypa hadde diverre ikkje klassisk spor, så det var litt kjedeleg å gå. Oppe i skaret mellom Helgemauken og Hompen stoppa skiløypa på om lag 470 moh, så derifrå brøyta >>>
Maridalshøgda
- Dato:
- 03.03.2019
- Distanse:
- 21,5km
Andre dag i vinterferien og flott vêr. Det var lengje sia vi hadde fått ein ny raud topp, så nå var det på tide. Kristine hadde sett seg ut ein tur ho ville gå, etter at ho hadde studert kartet på både skisporet, peakbook og bratt-appen. Maridalshøgda i Grovfjord/Bjerkvik vart målet, så på formiddagen drog vi til Grovfjord. Det skulle være scooterspor ein del av turen, og vi var spente på korleis det var å gå utanom løypane.
Vi parkerte ved ein stor parkeringsplass ved Krokelvhøgda ved Skoddebergvatnet. Derifrå gjekk vi i godt scooterspor til litt forbi det flotte Revvatnet. Vi hadde scootersporet i om lag seks kilometer før vi måtte brøyte sjølve. Frå Revvatnet gjekk vi i fin bjørkeskog oppover Revdalen til salen mellom Maridalshøgda og Nonstinden (punkt 506). Det >>>
Hårberget
- Dato:
- 02.03.2019
- Distanse:
- 5,1km
I dag var det fyste dag i vinterferien, og i kveld skulle vi på stand-up med Truls Svendsen. Etter ein lang periode med mildvêr og regn kom det ein del snø i går, og i dag var det strålande flott vêr. Valet fall da på å ta på seg toppturskia og gå på Hårberget. Det er ein kort tur med få høgdemeter.
Vi gjekk opp spor sjølve mesteparten av vegen, men halvvegs oppe møtte vi på ei kollega og ei venn som hadde gått opp på truger. Flott utsikt på toppen, og godt skiføre på veg ned.
Veggfjellet
- Dato:
- 17.02.2019
Tur på Veggfjellet med Kristine. Trakkemaskina hadde køyrd seg fast i vatnet på ei myr, så dei fyste kilometrane gjekk vi i spora til beltebilen som skulle få opp trakkemaskina. Fint vêr og flott utsikt på turen. Attende frå Trollhøgda til Bonsåsen hadde ikkje maskina gått, så der måtte vi brøyte.
Veggfjellet
- Dato:
- 10.02.2019
- Distanse:
- 25,4km
Skitur i gode spor. I hytta på Veggfjellet var det allereie fyr på grillen, godt og varmt å komme inn.
Forsøk på Haukebøtinden
- Dato:
- 02.02.2019
- Distanse:
- 5,1km
Tur i kraftig vind. Årets fysste på telemark/randonnee. Vi snudde tidleg, på grunn av vinden og føret. Ganske bra skiføre i skogen, men knallhard skare over tregrensa.