Archive - Date

Collected lists

Middagsfjellet

Date:
25.11.2018
Distance:
6.8km

Tur til Middagsfjellet i Lødingen/Tjeldsund. Vi parkerte på DNT-parkeringa innerst i Fiskefjorden. Derifrå følgde vi DNT-råket mot Toralfsbu/Haakonsbu. Vi tok av frå råket tidleg, og gjekk brua over Dalelva. Derifrå gjekk vi rett opp til Middagsfjellet. Der var tungt å gå oppover, det var mellom 10-30 centimeter nysnø heile vegen opp. Vêret var heller ikkje spesielt fint; overskya, ein del snøvêr og litt vind på toppen.

Map    

Svenskrona og Hustadfjellet

Date:
24.11.2018
Distance:
4.3km

Tur til Lødingen. Vi drog frå Evenskjer litt før klokka 10. Vi drog fyst til Erikstad vest for Kanstadfjorden. Der gjekk vi på Svenskrona, det var ein fin liten tur, og sjølv om det var skya hadde vi litt utsikt. Etter turen drog vi vidare til Hustadstranda og gjekk på Hustadfjellet. Det og vart ein fin tur, men det snødde litt i byrjinga av turen. Mykje køyring for to korte turar.

Map    

Nagirvarri

Date:
20.11.2018
Distance:
5.9km

Tur på veg heim frå Kiruna. Vi hadde eigentleg sett ut ein lågare topp, men Nagirvarri vart for freistande medan vi køyrde på E10. Vi fann ein parkeringsplass langs E10, og gjekk i vegen oppover. Vi måtte krysse jernbanesporet, og gjekk over og under gjerdene. Turen opp til Nagirvarri var veldig grei og gå, men det var ekstremt mykje vind. Kraftig motvind på veg opp, og medvind attende. Flott utsikt på toppen, med utsikt mot Kebnekaise.

Map    

Isorakka

Date:
19.11.2018
Distance:
2.4km

Vi var to dagar i Rovaniemi. Fyste dag var vi i Santa Claus Village og i Santa Park. Dag to gjekk vi den korte turen opp på Isorakka, før vi køyrde attende til Kiruna.

Map    

Luossavarra

Date:
17.11.2018
Distance:
1.3km

Langhelg og tur til Kiruna/Rovaniemi. Vi drog til Kiruna etter jobb på fredag, og laurdag morgon gjekk vi opp på Luossavarra før vi drog vidare til Rovaniemi. Vi følgde skiheisen opp til toppen, det var kunstsnø i traseen, så dei nyinnkjøpte broddane vart tatt i bruk. Flott utsikt frå toppen. Ein fin liten tur, men mykje vind.

Map    

Forsøk på Niingen

Date:
10.11.2018
Distance:
7.5km

Kristine og eg stod opp tidlegare enn vanleg for å gå på tur i dag. Vi hadde eigentleg snakka om å gå på Blåfjellet på 903 moh i Skånland, men når vi såg kor lite snø det var i fjella, fann vi ut at vi ville prøve på ein høgare topp. Valet fall på Niingen i Evenes, på 1073 moh. Niingen er utsjåande messig ein riktig kremtopp, men det viste seg å ikkje være eit godt val. Vi parkerte på Niingen parkering. Derifrå gjekk vi råket opp til vi kom til røyrgata. Vi gjekk under røyrgata og følgde ei betongtrapp oppover, før det gjekk ei trapp tilbake over røyrgata. På toppen av røyrgata tok vi ei lita pause før vi gjekk vidare. Her deler råket seg, hovudråket råket går vidare til Niingshytta, medan vi følgde det bratte råket rett opp mot Domningen/Niingen. Det var >>>

Map     1 comment

Nordlystur på Kvitnesveten

Date:
08.11.2018
Distance:
5.3km

Fyste dag på lengje med klårvêr, så vi gjekk ut for å sjå etter nordlys. Vi såg små antydingar, men det var for mykje anna ljos i nærleiken, så vi fann ut at vi måtte lengjer unna gatelys. Difor drog vi til Tjeldsundbrua og gjekk mot Kvitnesveten. Undervegs på turen såg vi ein del nordlys, fantastisk flott, diverre synast det ikkje så godt på bilete. Det vart ein riktig flott kveldstur, og vi satt ei god stund ved toppvarden og såg på ljoset.

Map    

Kollan

Date:
04.11.2018
Distance:
7.2km

Sundagstur frå heime.

Map    

Jonsheimtinden

Date:
03.11.2018
Distance:
13.6km

Tur i Kvæfjord. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt ut til Kjengsnes og gå på Reinfjellet, men vegen var stengd med bom ved Heimstadneset. Vi orka ikkje å skulle gå så mykje på veg, så vi køyrde litt attende og gjekk på Middagsfjellet og Jonsheimstinden i staden. Vi gjekk fyst til Fossestua, før vi følgde råket opp til Middagsfjellet. Derifrå gjekk vi til Jonsheimstinden. Attende gjekk vi over dei tre toppane på Vestre Jonsheimstinden. Derifrå gjekk vi råket ned Jonsheimskardet og hadde tenkt til å gå råket på vestsida av Austerbekken ned Aspenesdalen, men vi mista råket og kom for langt ned i dalen for bru. Dermed måtte vi gå i terrenget til vi kom inn på råket vi gjekk oppover.

Map    

Vardu

Date:
02.11.2018
Distance:
6.1km

Tur etter jobb

Map