Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (173)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Finngammen
- Date:
- 12.10.2018
- Distance:
- 12.2km
Drog rett frå jobb, og parkerte på parkeringsplass ved Oldervika i Straumsbotn. I byrjinga gjekk vi på grusveg, før det etter om lag 1,6 km vart traktorveg. Traktorvegen var ganske våt. Der traktorvegen byrjar å stige meir tok det av eit råk mot Finngamman. Vi hadde lest at dette råket skulle være vanskeleg å følgje, så vi vart overraska over kor bra det var. Vi mista råket ein stad på veg oppover, men det var greitt terreng å gå i uansett. Vêret var strålande, og på toppen hadde vi flott lys og ein enorm utsikt. Kom attende til bilen utan å bruke hovudlykt.
Rambøheia
- Date:
- 11.10.2018
- Distance:
- 5.9km
Kort tur i Ramsund etter jobb. Godt råk heile vegen, traktorveg i byrjinga. Ikkje snø på denne toppen enda. Toppvarden var litt nord for toppunktet. Skodde og litt regn.
Tverrfjellet
- Date:
- 10.10.2018
- Distance:
- 17.0km
Tur etter jobb. Mykje snø over 500-600moh. Langt og tungt frå Butinden til Tverrfjellet, tung snø vi søkk igjennom. Vi vurderte å gå oppom Kvitfløy, men fann ut at turen vart lang nok uansett. Hovudlyktene måtte brukas på veg ned at frå Sauen.
Elgen ved Elgsnes
- Date:
- 07.10.2018
- Distance:
- 6.0km
Etter mange dagar med turar, ynskja vi ein kortare tur i dag. Valet fall på Elgen langt nord i Harstad. På vegen over Aunfjellet, som går opp mot 340moh, var det skikkeleg vinterføre. Vi parkerte ved kyrkja Hans Egedes Minne, og gjekk i veg på traktorvegen oppover. Like etter sterten på traktorvegen var det ein bonde som har dumpa gammal silo, noko som ga ein ganske vond lukt eit lite stykke. På omtrent høgaste punkt på traktorvegen, tok råket mot toppen av. Vi følgde to ulike, men like gode, råk opp og ned, ingen av råka følgjer det som er teikna inn på kartet. Da vi kom over skogen og opp på ryggen vart det verkeleg flott. Snøgrensa var låg, snøen var på om lag 200moh. I dag møtte vi fleire folk på tur, Elgen er nok eit populært turmål. Ikkje rart, det var ein flott >>>
Trollfjellet
- Date:
- 06.10.2018
- Distance:
- 19.0km
I dag var det spådd pent vêr og vi planla stortur. Hovudmålet for turen var høgaste fjell på Tjeldøya, men også kanskje å gå på Kjerstadfjellet og/eller Helligtinden. Vêret vart diverre ikkje som spådd, det var vekslande skydekke og ein del vind og skodde.
Vi hadde tenkt til å køyre inn til parkeringa som er merka på kartet, men stoppa der det sto eit skilt med forbod mot motorisert ferdsel, så det vart eit par kilometer lengre å gå. Fint råk opp til Tindvatnet, litt dårlegare derifrå, men bra merking. Vi tok avstikkaren oppom Kjerfjordhøgda, og vurderte å prøve å finne ein veg derifrå til Kjerstadtinden, men det slo vi frå oss.
Oppover mot Trollfjellet følgde vi merkinga heilt til det vart for mykje snø til at vi såg dei. Snøen byrja på om lag 650moh. Merkinga >>>
Toskevassfjellet
- Date:
- 05.10.2018
- Distance:
- 10.7km
Dagens vêrmelding var dårleg, og det var grått på morgonen. Valet fall difor på to låge toppar, som vi eigentleg hadde tenkt til å ta på to forskjellige turar med køyring i mellom. Vi parkerte nedanfor Voktor i Kvæfjord, og gjekk oppover på god grusveg til vi tok av å gjekk på råk over Rossåsen til Toskevassfjellet. I Ramnskaret mista vi råket. Flott utsikt på toppen. Vi vurderte å gå same veg attende, men gjekk heller rett ned til bilvegen ved Toskevatnet. Veldig greitt terreng å gå ned i. Derifrå følgde vi fyst bilveg, så traktorveg og til slutt råk til Teppan. Derifrå var råket til Vikelandsfjellet vanskeleg å følgje, men veldig greitt terreng å gå i der og. Frå Vikelandsfjellet tok vi snarvegen rett ned til Voktor, dei fyste 40 høgdemetrane var litt keisame, >>>
Lofttinden
- Date:
- 04.10.2018
- Distance:
- 17.5km
Vi har haustferie i eit par dagar, og planar om nokre turar. I dag hadde vi eigentleg tenkt til å gå på Leigastinden, men på bilturen fann vi ut at Lofttinden var eit betre alternativ. Det er vorte ein del snø i høgda. Vi drog heime frå ganske seint, og parkerte ved E10 eit par kilometer før Bjerkvik. Vi gjekk fyst oppover på bilveg før det vart råk. På om lag 300moh var det teikna inn eit råk, men det fann vi ikkje. I mellom 400moh og 500moh vart det snø, og i høgda var det mykje snø. Like før 600moh delte råket seg i eit gult alternativ (teikna inn på kartet) og eit raudt alternativ. Vi valde det raude alternativet fordi vi trudde det var kortast. Etter ei stund vart det så mykje snø at vi mista råket. Etter at vi hadde vore på Nattmålstuva var det litt dårlegare >>>
Rundfjellet
- Date:
- 01.10.2018
- Distance:
- 13.0km
Tur etter jobb. Vi gjekk i gang frå bilen klokka 15.25 i ganske bra vêr. Råket innover mot toppen var bra, men vått. På veg innover registrerte vi dei to toppane Hesjevatnhaugen og Rundfjellet nord. Frå Hesjevatnhaugen gjekk vi stort sett utan råk. Det var ganske bratt ned frå Rundfjellet nord. Oppover mot Rundfjellet vart det etter kvart mykje snø, og det vart meir og meir overskya og litt skodde. Attende mot bilen forsøkte vi å følgje råket, men det var stadvis vanskeleg. Etter at vi hadde passert Hesjevatnhaugen på returen mørkna det. Vi hadde med ei hovudlykt, det var kjekt å ha.