Archive - Date

Collected lists

Mersskartind

Date:
31.10.2018
Distance:
7.7km

Tur til Mersskartinden etter jobb. Mersskartinden er ein topp med mange namn; Huetoppen eller Huvetoppen, og det samiske Gahperoaivi. Vi parkerte på Trøsemarka parkering. Derifrå følgde vi råket opp til varden på om lag 370 moh, som ligg 1,2 kilometer sør for Flatfjellet. Der tok vi av råket og gjekk nedover myrane til stigninga opp til Mersskartinden. Stillelva, som renn ut frå Store Langvatnet, var større enn vi trudde, men vi kom oss over. Stigninga opp til Mersskartinden var bratt og lang og ein del kratt, og terrenget var glatt av underkjølt regn. Oppe på toppen var det berre så vidt vi kom oss på høgste punkt; det var ein stor steinblokk dekt av stålis. Heldigvis gjekk det eit råk med gras gjennom blokka, som vi kunne gå på og fekk så vidt henda på toppen av blokka. >>>

Map    

Kvitberget

Date:
29.10.2018
Distance:
6.3km

Tur etter jobb. Køyrde i retning Lofoten etter Tjeldsundbrua, og tok av til høgre ved fyste moglegheit. Vi køyrde gardsvegen oppover mot Fjellet, men parkerte i fyste sving. Bratt og glatt veg. Råket innover var av og til litt vanskeleg og følgje, så vi mista det eit par gonger. Temmeleg kjedeleg tur opp til om lag 300 høgdemeter, da kom vi over skogen, og det vart flott utsikt. Attende måtte vi bruke hovudlykter.

Map    

Årsteinen

Date:
28.10.2018
Distance:
11.2km

Det var spådd varierande vêr i Lofoten denne dagen, og dårlegast mot vest. Så vi la turen til Stortinden på øya Årsteinen, sør for Digermulen på Hinnøya. Når vi køyrde nordover frå Kabelvåg vart det gradvis betre vêr, men det vart gradvis dårlegare medan vi køyrde sørover at mot Årsteinen. Vi parkerte på Pundslett lengst nord på øya. Det byrja å snø like før vi parkerte, og snøvêret hald frem ei god stund. Råket var greitt å følgje forbi Pundslettvatnet, men oppover mot Årsteinskaret vart det ein del snø, så det vart vanskelegare å sjå råket. Oppe i Årsteinskaret kom det opp eit spor i frå Øvre Årstein og gjekk oppover råket mot Stortinden. Veldig kjekt å kunne følgje spor oppover. Da vi nærma oss skardet mellom Stortinden og Trolldalstinden byrja >>>

Map    

Steinetinden og Ureberget

Date:
27.10.2018
Distance:
5.3km

Steinetinden Frå Kabelvåg drog vi ut til Vestvågøya. Vi hadde eigentleg lyst til å gå på ein av dei høge toppane, men mengda med snø fekk oss frå det. Valet fall på Steinetinden ved Stamsund, aust for Leknes. Vi tenkte å parkere på parkeringa ved lysløypa, men der var det fullt, så vi fann ein ledig plass ved eit bilverkstad. Vi følgde råket over Mannfallet til Steinetinden. På denne turen møtte vi ein del folk, deriblant to hyggelege damer som vi prata lengje med på toppen. Fantastisk vêr på turen og storslått utsikt. Vi gjekk same veg ned som opp. Ureberget Etter turen på Steinetinden hadde vi lyst på ein tur til. Etter å ha vurdert mange forskjellige toppar, valde vi å gå på Ureberget litt lenger sør. Vi køyrde vegen så langt det gjekk før vi parkerte å gjekk >>>

Map    

Saufjellet og Ørnfloget

Date:
26.10.2018
Distance:
1.5km

Saufjellet Helgetur til Kabelvåg i Lofoten. Vi drog rett etter jobb på fredag, uten å ha planlagt dagsturen. Eg køyrde, og Kristine leitte etter tur på kartet. Utruleg nok fann ho ein topp med 200 meter i primærfaktor som ikkje var oppretta på Peakbook, dermed vart han målet for turen. Vi parkerte rett etter Vesterstraumen bru, som går over Øksfjorden/Innerfjorden sørvest på Hinnøya. Ikkje noko råk opp til toppen, men skogen var grei å gå oppover. Mykje snø, men den var lett og fin, så det var raskt og lett ned attende. Sjølv om toppen ikkje var meir enn 235 meter høg, var det flott utsikt frå toppen. Ørnfloget Etter den korte turen på Saufjellet ynskja vi å gå ein tur til. Valet fall på Ørnfloget, som er ligg nokre kilometer før Svolvær. Det var nesten mørkt når >>>

Map    

Stortinden

Date:
24.10.2018
Distance:
6.8km

Tur etter jobb i strålande vêr. Kort tur i kilometer, men mange høgdemeter. Fantastisk flott utsikt frå toppen.

Map    

Sørvikfjellet

Date:
20.10.2018
Distance:
7.9km

Fyste tur her i nord på topp vi har vore på før. Benedicte vitja oss i helga og ville være med på tur. Vêret var ikkje veldig fint, men det var berre på laurdag det var spådd nokolunde vêr i helga, så Sørvikfjellet var det beste alternativet. Flott tur, og vêret var ikkje for ille.

Map    

Nupen

Date:
15.10.2018
Distance:
4.5km

Kort tur etter jobb. Vi drog til Nupsneset nord i Harstad etter å ha henta bilen på service. Godt råk opp til Nupen, og flott utsikt undervegs og på toppen.

Map    

Tre turar i grenseland

Date:
14.10.2018
Distance:
4.8km

Vêrutsiktane for sundag var dårlege, og vi vakna opp til lågt skydekke og regn. Etter ein diskusjon om kor vi skulle leggje turen, falt valet på Lille Haugfjell og Bjørnfjell ved Riksgränsen. På bilturen styrtregna det gjennom Evenes kommune, men ved Bjerkvik var det opphald. Opphalde vara heilt til vi drog heim attende. På bilturen såg Kristine på kartet i Sverige og fann ein topp vi kunne registrere og gå på der. Fyste tur var på Lille Haugfjell. Det var ein kort og fin tur. Råket som var teikna inn på kartet var vanskeleg å følgje, men terrenget var greitt å gå i. To store vardar på topplatået, men berre ein liten ein på høgaste punkt. Flott utsikt. Den andre turen var på Bjørnfjell. Dit følgde vi råk opp til ein hytte, før vi gjekk rett opp i terrenget. Stor varde >>>

Map    

Snaufjellet

Date:
13.10.2018
Distance:
8.9km

Styggvêr i dag, så det vart ikkje nokon høg topp. Vi køyrde til Øse nord for Bjerkvik, der prøvde vi å køyre innover mot toppen, men stoppa ganske tidleg da vegen var dårleg. Vi gjekk ein del på veg før det vart godt råk oppover til toppen. Overskya og grått og ein del regn og vind, men litt utsikt fekk vi. Etter turen drog vi i retning av Vassdalen, og gjekk den korte turen opp på Stengselhaugen.

Map