Archive - Date

Collected lists

Pozvizd, borgtopp ved Ston

Date:
31.07.2018
Distance:
1.9km

Tysdag drog vi nok ein tur ut på Pelješac-halvøya. Denne gongen var målet å gå på Pozvizd, borgtoppen mellom Ston og Mali-Ston. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå muren oppover, men muren opp til toppen var det ikkje lov til å gå, så da gadd vi ikkje betale for å gå den. Vi fann eit råk som var teikna inn på kartet like ved sida av muren. Der var det fint å gå, men tungt i varmen. Flott utsikt på toppen. Etter turen låg vi lengje på stranda og bada.

Map    

Slano og Pelješac-halvøya

Date:
30.07.2018
Distance:
7.8km

Søndag den 29. august drog Kristine og eg på tur til Balkan, og det gamle Jugoslavia. Vi landa på flyplassen sør for Dubrovnik i Kroatia, før vi leigde bil og køyrde til Slano, om lag ein halvtime nord for Dubrovnik. Der hadde vi leigd ein leilegheit i tre dagar. Måndag drog vi til Pelješac-halvøya, og vitja fysst Mali-Ston og Ston, før vi drog vidare innover halvøya. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på den høgaste toppen på halvøya, Sveti Ilija, men det hadde vorte langt på dag, og det var ein lang køyretur, så vi fann ein annan topp, Kuna Peljeska. Det var veg heile vegen opp, og fint å gå, men varmt. Vi kom diverre ikkje heilt opp på det høgaste punktet, på grunn av militære sperringar, men vi valde å registrere toppen likevel. Ein fin dag, på eit flott sted.

Map    

Lomseggje

Date:
22.07.2018
Distance:
21.0km

Sundag vakna vi til overskya vêr. Plan for dagen var eigentleg å køyre til Turtagrø og gå på Store Dyrhaugstind, men vêret og vêrmeldinga førte til at vi omgjorde planen, og drog til Lom i staden. Storivilen vart målet for turen. Vi køyrde så høgt opp i lia vi kom, og starta å gå på om lag 520 moh. Råket opp var bratt og tungt til trigpunkt 1289 på Lomseggje. Vidare grei stigning opp til Eggjapiken. Derifrå var det uendeleg langt til Storivilen. Same veg ned at. Kristine sleit mykje med gnagsår på båe føter, og var tøff som ikkje ga opp undervegs. Nede at i Lom åt vi tacobuffet på Nordal, før vi køyrde til Vågåmo, og opp på Blåhøe. Vegen opp til Blåhøe var prega av mykje vaskebrett, men var grei å køyre. Ein veldig lett topptur, med mykje primærfaktor og >>>

Map    

Smørstabbtind

Date:
21.07.2018
Distance:
20.9km

Kristine, pappa og eg drog i frå Gausdal i 7-tida fredag kveld til Krossbu. Etter frukost på hotellet, gjekk vi i vegen på tur klokka 9 på laurdag. Vi følgde delvis råket opp til Leirbrean, og opp til den vesle toppen ved Leirvatnet. Opp til Store Smørstabbtind følgde vi den bratte ryggen langs stupet. Fantastisk utsikt på toppen, og varmt vêr, så vi kosa oss med matpakka ved toppvarden. Ned at gjekk vi det varda tråkket i flanken, som var noko laust og vondt. Vidare over Storbreatind og Veslbreatind til Hurrbreatind. I frå Hurrbreatind gjekk vi den artige eggen ut til Bakarste Skagsnebb. Morosamt for meg med ein ny 2000-topp! Kristine gjekk eggen heile vegen, medan pappa og eg gjekk omgåinga i sør på veg opp til Bakarste Skagsnebb. På veg tilbake gjekk Kristine også omgåinga. >>>

Map    

Skjerdingen

Date:
19.07.2018
Distance:
12.2km

Tur med pappa og Kristine. Vi køyrde over Friisvegen til Skjerdingen høyfjellshotell. Derifrå gjekk vi på godt råk til Stordklettskardhøa. Frå den hadde vi råk i eit godt stykke mot Nørstkletten. Langs råket møtte vi ein hoggorm. Opp til Nørstkletten var det bratt, og eit par klyvepunktar. Til Storkletten og Skjerdingsfjellet var det veldig bra råk. Ein fin tur i fint vêr.

Map    

Lønstølhaugen

Date:
18.07.2018
Distance:
4.2km

Tur med Kristine og pappa. Kristine og eg skulle fullføre Lillehammer pf100-lista. Kristine hadde med bærplukkar og bøtte for å plukke blåbær, men dei var det lite av. Derimot fann vi ein del molte, om ikkje akkurat mykje. Vi køyrde inn bomvegen til Finntjernet, og parkerte ved Nerstylen. Vi hadde tenkt til å følgje råket på sørsida av Kroktjernet, men vi fann det ikkje, så vi gjekk over høgde 797moh på veg til Lønstølhaugen.

Map    

Stylskampen

Date:
16.07.2018
Distance:
18.7km

På Storkvelvbua vakna vi opp av snikkararbeid mellom åtte og ni om morgonen, dei dreiv og reparerte taket. Vi åt frukost ute i sola før vi gjekk i veg på tur. Vi hadde berre planlagt ei overnatting denne gongen, og Stylskampane var målet for dagen. Vi følgde det gode råket til Nordbua, med ein liten tur oppom ein topp eg valde å kalle for Forundringstjønnkampen. Frå Nordbua hadde vi sett på kartet at det gjekk råk rett nordover til Øvre Megrundstjønnet. Dette råket var betre på kartet enn i terrenget. Det var attgrodd av mykje kratt og var vanskeleg å følgje. Frå Øvre Megrundstjønnet gjekk vi over Vestre Stylskampen, før vi satt frå oss sekkane nedunder Ullsteinbu, og gjekk opp på Stylskampen. Liten rast på Ullsteinbu før vi gjekk til Nedre Megrundstjønnet. Derifrå >>>

Map    

Tur til Storkvelvbua

Date:
15.07.2018
Distance:
16.8km

Eg har hatt lyst til å prøve ein tur med overnatting i fjellet, og Kristine var villig med. Storkvelvbua i Vestfjellet vart målet. Vi parkerte ved Venlisetra i Espedal, og gjekk i vegen med tyngre sekkar enn vanleg. Råket til Storkvelvbua er eit godt merka DNT-råk. Nokon toppar vart det sjølvsagt undervegs. Først satt vi frå oss sekkane ved råket og gjekk oppom Megrundskampen, før vi bar med oss sekkane opp på Krusgravkampen. Nede at frå Krusgravkampen satt vi endå ein gong sekkane frå oss, og gjekk opp krattet til Brennhøa. Deretter gjekk vi over Raudgrovhaugane og inn at på råket til Storkvelvbua. På Storkvelvbua åt vi middag før vi gjekk i vegen på ein kveldstur. Topp-målet for heile turen var at Kristine skulle få topper på Sør-Fron pf100-lista og Gausdal pf50-lista. >>>

Map    

Kyrkjekletten

Date:
11.07.2018
Distance:
9.4km

Etter ei natt i telt, og frukost med utsyn mot Sølnkletten, gjekk vi tilbake til bilen. Vi køyrde vidare innover Sølndalsvegen, og parkerte ved Øvre Flatseter. Derifrå følgde vi det gode råket mot Straumbu eit godt stykke, før vi tok av opp mot Kyrkjekletten. Kyrkjekletten var ein flott topp med eit bratt siste parti opp. Etter turen drog vi på stolpejakt i Alvdal, og vi tok eit kjapt stopp på Jutulhogget, før vi drog heim til Gausdal.

Map    

Sølnkletten

Date:
10.07.2018
Distance:
19.0km

Kristine og eg drog i frå Stange i halv ti-tida i retning Alvdal vestfjell. Vi køyrde inn bomvegen til Sølndalen, og parkerte på parkeringsplassen ved Follandsvangen. Vi bar inn store sekker med teltutstyr ein knapp kilometer til Vesle Follandstjønna. Der satt vi opp leiren, før vi gjekk i veg på turen. Målet var Store Sølnkletten. Vi følgde det gode råket mot Breisjøseter, og godt råk vidare opp til Spisskletten og til Store. På veg ned at fann vi ut at vi ville oppom Vesle Sølnkletten, så eg og fekk ein ny topp. Det vart ein tung motbakke, men vel verd det. Ettersom vi kom seint i gang med å gå, var vi ikkje tilbake at ved teltet før i halv ti-tida. Då hadde sola diverre akkurat forsvunne frå teltplassen, men det vart eit lite bad likevel. Det var godt å forfriskande. >>>

Map