Archive - Date

Collected lists

Styggmann og Lushaugen

Date:
29.06.2018
Distance:
10.8km

Siste dag på ferieturen. Vi drog frå Vrådal etter frukost til Kongsberg. Vi køyrde til parkeringsplassen på Kroksbekk, og gjekk i veg oppover mot Styggmann. Vi valde å gå rett mot toppen, så vi følgde traktorveg eit stykke, før vi gjekk rett opp gjennom skogen. Det var mykje kratt og vondt å gå, men vi fann ein del molte. Flott oppe på toppen. Vi ville gå råket ned at, men vi fann ut at vi ville oppom Breistulfjellet. Kjeisamt kratt opp til toppen, og verre ned at. Ein ikkje altfor flott tur alt i alt, men fint på Styggmann. Vidare på veg heim ville vi oppom Lushaugen, så vi køyrde inn vegen mot Minnesund, like etter lygna, og parkerte i vegkanten. Vi hadde håpa på open bom, men han var stengt. Vi gjekk innover bilvegen først, så på godt råk opp til toppen.

Map    

Roholtfjellet

Date:
28.06.2018
Distance:
13.6km

Ny topptur i Telemark. Kort køyretur frå Straand hotell til parkeringa ved Heia. Turen opp til siste bratta opp til austtoppen var temmeleg lang, og litt kjedeleg. Oppe på toppen var det flott. Turen vidare til vesttoppen var flott. På tilbaketuren bada eg i eit lite tjørn, medan Kristine låg og solte seg. Område mellom toppane var eit høgdepunkt på turen. På veg tilbake gjekk vi oppom toppunktet sør for austtoppen, og oppretta ein ny topp.

Map    

Roan og Napuren

Date:
27.06.2018
Distance:
7.9km

Onsdag drog vi i veg i retning av Vråliosen for å gå på Roan. Plan for dagen var å gå på Roan, for så å køyre til Lifjell og telte der. Undervegs medan vi køyrde, ringde meklaren til Kristine å fortalde at leilegheita var tatt på forkjøp, og at overtakingsmøte vart utsett. Vi fann da ut at vi skulle ta nokre fleire dagar i Vrådal. Vi køyrde til Roan parkeringsplass og gjekk på Roan. Etter den turen drog vi vidare vestover, forbi Hallbjønn høyfjellssenter, for å gå på Napuren. Vi parkerte på ein liten parkeringsplass på nordsida av vegen. Frå parkeringsplassen hadde vi godt råk heilt til toppen.

Map    

Fagerliheii

Date:
26.06.2018
Distance:
5.9km

Like fint vêr denne dagen som resten av sumaren. Etter ein god frukost på hotellet drog vi på tur for å gå på Fagerliheii. Vi parkerte på parkeringsplassen, og gjekk oppover på bra råk. Råket var temmeleg bratt og sola varma bra. Morosamt terreng med mykje svaberg. Flott varde ved trigpunktet, som i følgje Peakbook ikkje er høgaste punkt. I følgje kartet, og vårt augemål, er det likevel høgast ved varden. Frå varden gjekk vi til Peakbook-toppunktet og kommunetoppen. Etter den korte turen bada vi lengje i Eidstodpølen, den nordlegaste delen av Nisser, før vi åt ein god buffé-middag på Straand.

Map    

Tjorbufjell

Date:
25.06.2018
Distance:
10.5km

Vi pakka ned teltet, og køyrde i vegen mot Seljord. Nokre kilometer før Seljord tok vi av frå vegen og køyrde opp til Grimås. Derifrå gjekk vi på veldig bra råk opp til Tjorbu, vidare utan råk opp til Røysdalsnuten og over til Blomtjønneggin. På veg ned at gjekk vart mobilen min straumlaus, så GPS-sporet sluttar tidleg. Vi følgde det sørlege råket tilbake til Grimås, men det var ikkje like fint som råket vi gjekk oppover. Ein strålande flott tur, i eit eventyrleg fint vêr. Etter turen køyrde vi til Straand hotell i Vrådal.

Map    

Mælefjell

Date:
24.06.2018
Distance:
13.5km

Telemarkstur med Kristine. Vi drog frå Hamar sundag morgon til Sauland i Telemark, med kort rast i Kongsberg undervegs. Frå Sauland køyrde vi bomvegen inn Slåkådalen. Vi satt opp teltet på parkeringsplassen før vi gjekk i veg på tur. Målet for turen var Mælefjell. Vi hadde sett på ein rapport at det øvre råket som er teikna inn på kartet ikkje eksisterer, så vi gjekk det nedre råket. Med unntak av eit lite parti etter ei seter, var råket greitt å følgje. Råket opp langs Londalsbekken var stort sett bra, men det var tungt vidare oppover til vatna på 1280moh. Vêret var ikkje så fint som det hadde vore før, og det bles ein del i høgda, så jakkene måtte på. På veg ned at så tok det av eit råk ganske tidleg ned langs Londalsbekken, som vi forsøkte å følgje. I skogen >>>

Map    

Hedmarkstoppen

Date:
17.06.2018
Distance:
4.6km

Liten søndagstur med Kristine

Map    

Grønkampen

Date:
10.06.2018
Distance:
16.3km

Ikkje så fint vêr som dei føregåande dagane, utrygt for regn. Vi køyrde bomvegen til Vangvollen, vi hadde eigentleg tenkt til å køyre lenger, men vegen var stengd med låst bom. Råket vi gjekk var greitt å følgje ei stund, men vart dårlegare etter kvart, til slutt mista vi det. Vi gjekk så i terrenget opp til Grønkampen. På veg ned at tok vi omvegen om Gråkletten. På tilbaketuren fekk vi ein del regn og vi høyrde toreskrell i det fjerne.

Map    

Renåfjellet

Date:
09.06.2018
Distance:
8.5km

Laurdag skulle vi på familieselskap, men vi tok ein tur først. Turen gjekk til Renåfjellet og Renåskarven. Vi køyrde heilt øvst i hyttefeltet under Renåfjellet, og fekk difor ein kort og lett tur opp til Renåfjellet. På denne turen hadde vi utroleg flott vêr, og råkene, og merkinga av råkene var heilt topp. Etter turen dusja vi på Hydro på Åkrestrømmen, før vi møtte familien til Kristine, og drog i eit veldig hyggeleg selskap.

Map    

Storhøgda

Date:
08.06.2018
Distance:
12.7km

Vi var invitert i bursdag/slektsstemne i Rendalen på laurdag. Kristine hadde fri på fredag, og eg avspaserte for overtid. Så vi drog oppover Østerdalen fredag føremiddag. Vi henta campingvogna hos Eva og Tuss på Koppang, før vi drog til Rendalen. Vi fann ein rasteplass langs vegen til Engerdalen, like før Renåfjellet. Der satt vi frå oss vogna, og drog innover bomvegen frå Renåvangen til Skarven. I byrjinga gjekk vi på eit råk som ikkje var særleg godt vedlikehalde, men det gjekk nokolunde greitt å følgje. På om lag 1000 moh tok vi av frå råket, og gjekk på reinlav opp til Storhøgda. Frå Storhøgda gjekk vi vidare til Nubben, og på Nordaust for Nubben. Derifrå gjekk vi rett nord til vi kom inn på eit råk som vi følgde tilbake til bilvegen. Etter turen tok vi eit kjapt >>>

Map