Archive - Date

Collected lists

Nautgardstind

Date:
28.04.2018
Distance:
21.2km

Kristine har investert i nye randoneeski, og vi ønska å teste dei ut. Det var meld om godvêr aust i Jotunheimen på laurdag, så vi tok ein dagstur. Vi køyrde frå Gausdal litt over åtte, og gjekk i veg frå Hulderstigen parkering klokka 11.00. Vi gjekk omtrent same tur for to år sida, den gongen såg vi ingen andre, nå var det mange folk på tur til Nautgardstinden. Ved start var vi ikkje sikre om vi ville på Nautgardstind eller Stornubben, eller båe. Vi fann ut at Nautgardstind vart hovudmålet. Oppe på toppen var vi ganske slitne, Kristine hadde første tur nokon gong på randonne, og eg gjekk på telemarkski for første gong på tre år. I tillegg kom det eit valdsamt styggvêr innover frå aust mot Stornubben. Dermed vart Nautgardstind einaste topp denne gong, det vart likevel >>>

Map    

Nynabben

Date:
26.04.2018
Distance:
4.2km

Liten tur på vegen når vi skulle til Jessheim for å hente campingvogn.

Map    

Formokampen

Date:
15.04.2018
Distance:
33.4km

Sundag planla vi eigentleg ein litt kortare tur, for å reise tidleg heim. Plan for turen vart dermed å gå inn til Peer Gynt-Hytta, og opp på Søre Skorutberget. Inn til hytta var det jamn stigning heile vegen, men god skiløype og flott utsikt. På hytta hadde vi ein lengre pause i solveggen. Medan vi satt der høyrde vi at vegen frå Mysuseter til Otta var stengd på grunn av snøras, og at han ikkje vart opna før utpå kvelden. Da fann vi ut at vi ville gå ein lengre tur. Vi gjekk opp på Søre Skorutberget som planlagt, og så vidare over til Formokampen. Til Formokampen gjekk vi beinaste i staden for å følgje skiløypa rundt, det var ikkje eit spesielt godt val. Oppe i sia vart det bratt, og det gjekk eit søkk bortgjennom snøen ein gong, noko som var frykteleg ubehageleg. Vi snudde >>>

Map    

Simlepiggen

Date:
14.04.2018
Distance:
30.3km

Laurdagens tur gjekk til Illmannhøar, Simlepiggen og Ranglarhøe. Skiløypa inn til Spranget flott, og utsikta fantastisk. I frå Spranget følgde vi kvistaløypa inn mot Rondvassbu. Vi tok av frå den, og gjekk om Grønnbue til Fremre Illmannhøe. Derifrå gjekk vi over Illmannhøe til Simlepiggen. Der tok vi ein rast i sia før vi gjekk mot Indre Illmannhøe. Sia ned mot Indre Illmannhøe var ganske bratt, og det hadde gått eit ras der før i vinter. Stigninga opp mot Indre derimot, var lettgått og fin. Returen gjekk i fint, lettgått terreng fram til Flatfjellet, der eg byrja og bryte ein del igjennom den våte snøen. Nesten nede at på Mysuseter fann vi ut at vi ville oppom Ranglarhøe, det vart ein fin avstikkar. Ein ny flott tur i eit strålande vêr.

Map    

Vålåsjøberget

Date:
13.04.2018
Distance:
9.1km

Kristine og eg drog frå Hamar i 4-tida fredag efta til Rondane Høyfjellshotell på Mysuseter. Etter eit raskt ombyte på hotellet gjekk vi i vegen på tur. Målet for turen var Fjellmillopiggen og Vålåsjøberget. Vi følgde bra skiløype til om lag 950 moh, der tok vi av løypa. Det var eigentleg skiløype der og, men den var ikkje køyrd på lengje, men var andre som hadde gått der og ein scooter hadde køyrd der. Like nedunder Fjellmillopiggen tok vi av den løypa og brøyta opp på Piggen. Derifrå strevde vi litt med å finne ein god nedkøyring i det flate ljoset. Nede mellom toppane kom vi inn at i skiløypa, som vi fort gjekk av at for å gå på Vålåsjøberget. Same veg opp og ned der, før vi følgde skiløypa attende til Mysuseter. Ein flott tur i eit fantastisk flott kveldsljos.

Map    

Skjellbreidhytta og Hærfjellet

Date:
01.04.2018

Siste skitur i påska 2018. Kristine og eg gjekk i frå Astridbekken til Skjellbreidshytta, der satt vi og kosa oss i solveggen i halvanna time. Derifrå gjekk vi over Skjellbreidfjellet til Nysetra, og oppom Hærfjellet på tur tilbake til Astridbekken.

Map