Archive - Date

Collected lists

Skei

Date:
31.03.2018
Distance:
28.9km

Kristine og eg køyrde til Skei for å gå ein tur der. Hovudmålet for turen var Avlundskampen som Kristine mangla. Vêret var like fint som det hadde vore heile påska. I frå Skei og innover PerGynt-vegen gjekk vi i flokk, valdsamt mykje folk i fjellet der! Oppover mot Skeikampen vart det lengre mellom folk, men fortfarande folksamt. Vi hadde ein lang rast nedunder Søre Avlundskampen, før vi gjekk på dei tre Avlundskampane. Derifrå gjekk vi vidare om Skardbua, Slagsfjellet og Nisjuvatnet. Ein ny flott tur.

Map    

Synstgardssetra

Date:
30.03.2018
Distance:
34.0km

Tur i lag med Kristine og pappa. Etter mange dagar i område rundt Værskei hadde vi lyst til å gå ein tur ein annan plass. Vi drog til derfor til Synstgardssetra. Nordbukampen vart målet for turen. Vi følgde den gode skiløypa opp Ongsjølia til Leppe, derifrå vart det scooterspor til Nordbua. Der hadde vi ein lang rast i solveggen. Det var greitt å gå opp til Norbukampen, men tungt. Ned att var det like tungt, ikkje spesielt god snø for nedoverkøyring på langrennsski. Vidare gjekk turen til Leppfjellet, og ned til Leppbua. Attende frå Leppbua til Synstgardssetra gjekk det fort og lett. Ein flott tur i fantastisk påskevêr.

Map    

Ginahytta

Date:
26.03.2018

Påsketur på Ginahytta i lag med Kristine. Vi hadde vore ein tur på hytta på sundag, då hadde vi bore opp kvar vår tunge sekk, fyra i hytta, måkt veg mellom hytta og uthuset, og godt ein fin tur om Prestkjerringa. På måndag var det ikkje spesielt fint vêr frå morgonen, så vi drygde litt utover dagen med å dra opp. På ny bar vi tunge sekkar frå Astridbekken. Etter å ha fyra litt i hytta, og måkt sitteplass utanfor hytta, gjekk vi en skitur om Værskei og Kjettbergløypa. På tysdag vakna vi opp til strålande sol og relativt vindstille. Vi satt inne ei god stund og spilte, før vi satt oss ut i sola og åt dugurd og las. Langt på dag kom vi oss ut på ski. Turen gjekk om Gammelhans, Myssmørhelje, Skjellbreidhytta og Kjettberget. Det vart ein riktig fin tur. Onsdagen var vêret >>>

Map    

Prestkjerringa

Date:
25.03.2018

Map    

Skitur på Mjøsa

Date:
19.03.2018
Distance:
8.8km

Map     3 comments

Målia

Date:
18.03.2018
Distance:
24.7km
Map     1 comment

Brumundkampen

Date:
17.03.2018

Map