Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (173)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lille Forra
- Dato:
- 14.08.2018
- Distanse:
- 10,5km
Siste dag på tur nordover. Vêret var ikkje så ille; det var litt grått, men ikkje regn. Vi vart einige om å prøve oss på Lille Forra. Vi køyrde gjennom Steigentunnelen og parkerte der dei andre peakbookarane hadde parkert, og gjekk nokolunde same veg opp. Det var veldig blautt i graset oppover og i høgda var steinane sleipe og jorda laus, men det var greitt å gå. På toppen låg skodda, så den fenomenale utsikta toppen må ha, såg vi ikkje noko til. Det vart likevel ein flott tur, som toppa seg med at vi fann 1,1 kilo molte på myrane nordvest for Forsvatnet.
Etter turen fortsette turen videre med ferga frå Bognes til Lødingen, og den siste korte timen med køyring til Evenskjer. Endeleg framme, og klare for eit nytt skuleår.
Andfjellet
- Dato:
- 13.08.2018
- Distanse:
- 8,8km
Turen mot Evenskjer fortsetta. Vi var i tvil om vi skulle ta siste del på ein eller to dagar, og ble einige om å sjå an vêret. Det var grått og trist når vi byrja å køyre, og tur såg ikkje heilt aktuelt ut.
Den fyste rasten tok vi i Mo i Rana, der kjøpte vi dugurd på ein koseleg kafé. Medan vi køyrde oppover Dunderlandsdalen betra vêret seg nok til at vi ynskja å ta ein tur, valet falt på Andfjellet.
Opp dit var det veg til masta på fortoppen, det var tungt, men veldig fint å gå. Frå masta til hovudtoppen var det ikkje okke veg eller råk, men det var fint å gå i terrenget der. Flott topp, men diverre tillét vêret ikkje den heilt store utsikta.
Vidare på turen stoppa vi på Polarsirkelsenteret før vi åt middag i Fauske. Frå Fauske køyrde vi til Tømmerneset camping, >>>
Oftenåsen
- Dato:
- 12.08.2018
- Distanse:
- 4,6km
Kristine og eg skal byrje i lærarjobb i Evenskjer i Troms, og no er vi på tur nordover. Vi stoppa i Steinkjer for å strekkje på beina, og Oftenåsen var ein fin topp. Den høgaste toppen var ikkje særleg mykje og skryte av; han låg midt inni skogen. Elles var det bra råk heile vegen. Flott utsikt utover Steinkjer frå toppen og Peilehytta var koseleg. Korte stopp i Steinkjer og Mosjøen, før vi campa like nord for Mosjøen.
Kotor
- Dato:
- 06.08.2018
- Distanse:
- 1,4km
Måndag byrja vi dagen med ein god hotellfrukost, før vi kosa oss på stranda nokre timar. Vi gjekk til Kotor, og åt middag i den vakre gamlebyen. Etter middagen var vi ein liten tur på eit kjøpesenter rett utanfor gamlebyen. Rundt gamlebyen er det storslagne bymurar, som går opp til ein borg på 260 moh. Vi betalte inngangen på åtte euro kvar for å gå på muren. Vi gjekk opp til borgen, eit stykke opp på muren var det ei flott kyrkje. Sjølv om vi gjekk på kvelden var det varmt å gå dei 260 høgdemetrane til toppen. I følgje kartet er det ikkje mykje primærfaktor på borgen, men det er ein del meir enn kva kartet visar. Satt på appen oppe på toppen og gjekk med han ned att, hugsa ikkje å skru han av før vi var ute av gamlebyen. Etter toppturen gjekk vi innom ein matbutikk. >>>
Velji Grad
- Dato:
- 05.08.2018
- Distanse:
- 5,2km
Laurdag hadde vi ein lat og roleg dag i Utjeha. God hotellfrukost, etterfølgd av soling og bading heile dagen. Middagen vart eit kulinarisk høgdepunkt på turen; biff fylt med geitost i soppsaus, med stekte poteter og salat. Etter middagen såg vi på den flottaste solnedgangen eg har sett.
Sundag skulle vi til Kotor, vi hadde bestilt hotell i Muo, fire kilometer nordvest for byen. På vegen hadde vi tenkt oss på Rumija (1595 moh.) ved Stari Bar, men bilvegen vart litt for heftig for den vesle leigebilen vår. Vi hadde også sett på Stirovnik (1749 moh.) men googlemaps viste at vegen ned til Kotor derifrå var stengd, så vi slo det frå oss. Seinare såg det ut til at det berre var tull, diverre. Vi såg oss ut toppen Velji Grad ved Sutomore, den kom vi oss på.
Vi klundra litt med å finne >>>
Podgorica
- Dato:
- 03.08.2018
- Distanse:
- 2,3km
Fredag vakna vi til gråvêr i Zabljak, så etter frukost drog vi rett av sted. Vi hadde bestilt hotell i Utjeha på kysten, men hadde tenkt oss innom hovudstaden Podgorica ein tur fysst. Bilturen til Podgorica var ganske kjedeleg, og det å køyre bil i hovudstaden var heller ikkje spesielt morosamt, sjølv om det ikkje er nokon utprega storby. Kristine hadde funne ein topp vi skulle på, Malo Brdo, heilt nord i byen. Vi køyrde opp eit bustadområde og fann ei parkering. Kort tur opp til toppen, fysst på bilveg, så på traktorveg. Nede at i bilen satt det inn eit valdsamt regnvêr. Det var nesten så ein ikkje såg vegen framfor bilen. Vi fann ikkje særleg mykje å ta oss til i Podgorica, så vi drog vidare til Utjeha. Det var ein strålande flott plass. Vakker kystlinje, varmt badevatn, >>>
To toppar i Durmitor
- Dato:
- 02.08.2018
- Distanse:
- 2,2km
I Zabljak åt vi ein grei frukost på hotellet, før vi satt oss i bilen for å køyre til Sedlo i Durmitor. Vêret på morgonen, og vêrmeldinga utover dagen førte til at vi slo frå oss Bobotov Kuk. Vi satt oss i staden som mål å komme på Zupci og Sedlena Greda. Vegen opp til parkeringa på Sedlo var morosam å køyre.
Frå parkeringa følgde vi godt råk i retning Sedlena Greda. Nedunder Zupci tok vi av frå råket for å gå på toppen. Zupci har ein liten egg med 4-6 småtoppar før sjølve toppen. Kartet vi følgde (peakbook-app) viste litt feil, den raude teiknestiften er på kartet i skråninga eit stykkje nord for toppen, men toppunktet er på teiknestiften. Vi gjekk oppom nokre av dei andre småtoppane på tur ned at. Nede at på råket gjekk vi i vegen vidare mot Sedlena Greda, >>>
Dubrovnik og Trebinje
- Dato:
- 01.08.2018
- Distanse:
- 3,5km
Onsdag skulle vi vidare, Zabljak i Montenegro var neste destinasjon. Fysst drog vi til Dubrovnik, kor vi gjekk litt i gamlebyen før vi drog ut til øya Lokrum. Der gjekk vi fysst opp til borgen Fort Royal, som er høgaste punkt på øya, på om lag 85 moh. Til trass for den lave høgda, og dei få høgdemetrane, var det ein tung tur i den kolossale varmen.
Etter toppturen låg vi litt ved vasskanten, før vi tok båten attende til Dubrovnik. Der hadde eg eigentleg lysst til å vitje bymurane, men den uuthaldelege varmen gjorde så vi ikkje orka, og vi drog rett vidare. Fysst var vi innom Bosnia. Vi stoppa i Trebinje og handla litt, veldig billeg i Bosnia.
Etter handleturen hadde vi tenkt oss opp på toppen Kravica, som er på 801 moh. og har 190-200 meter i primærfaktor. Det var teikna inn >>>