Archive - Date

Collected lists

Sollihøgda

Date:
21.10.2017

Fem turar i lag med Kristine på veg frå Hamar til Gausdal. Vi vitja pappa på Skogli, der var og tante Anne Grete, som serverte gode kaker.

Map    

Gjerdrumsberget

Date:
17.10.2017
Distance:
2.1km

Tok ein tur da eg var tidleg ferdig på jobb.

Map    

Kjølaberget

Date:
16.10.2017
Distance:
5.3km

Map    

Dynjefjellet, Svartfjellet, Svarthammaren og Trabelifjellet

Date:
14.10.2017

Dagens første tur var til Dynjefjellet og Svartfjellet. Vi parkerte ved Holtesetra og gjekk på godt råk opp til Dynjefjellet. Det var litt snø i råket, og litt glatt nokre stadar. Frå Dynjefjellet følgde vi råket nordover og gjekk over dei to nordtoppane. Derifrå følgde vi råket til Svartfjellet, via Sørtoppen. Det var mange som var på Svartfjellet denne dagen. Ned at følgde vi det vanlege råket, og gjekk over Granhaugen tilbake til bilen. Etter turen over Dynjefjellet og Svartfjellet køyrde vi vidare innover Venabygdsfjellet. Vi parkerte på vegen inn mot Øygardssætrin, like etter Spidsbergseter. Derifrå følgde vi råket opp til Svarthammaren. Vi køyrde tilbake frå Spidsbergseter og parkerte på parkeringsplassen sør for Trabelifjellet. Derifrå følgde vi råket opp på >>>

Map    

Vardekampen og Skinnfjellet

Date:
13.10.2017

Tur i Øyerfjellet med Kristine. Vi gjekk først på Vardekampen, der følgde vi det vanlege råket opp og ned. Etter å ha vore på Vardekampen køyrde vi inn forbi Veslesetra og gjekk på Skinnfjellet. Vi parkerte i vegkanten der råket starter. Litt snø på vegen, og litt snø i råket. Det vart ein flott tur, men litt vind og regn på veg ned frå Skinnfjellet.

Map    

Gråfjellet og Fagerfjellet

Date:
08.10.2017
Distance:
19.7km

Tur med Kristine til Gråfjellet og Fagerfjellet i Åmot. I frå Hamar køyrde vi til Rena, derifrå følgde vi elva Rena nordover forbi Deset, og tok av ved Søndre Løsset. Planen var å køyre heilt opp Finnskjeggtjennet, men vegen var stengd med bom ved grensa til skytefeltet. Det sto advarsel om ferdsel i område, så vi ringde og høyrde om det var trygt å ferdes, noko det var. Vi gjekk i vegen oppover bilvegen til litt forbi Nordsetra og gjekk råk derifrå. Vi tok ein liten avstikker oppom Sæteråsen på veg mot Gråfjellet. Det var godt råk heile vegen til Glesåtjenna. Derifrå gjekk vi i terrenget opp på Gråfjellet. Frå Glesåtjenna gjekk vi på eit ganske vått råk til bilvegen. Vi følgde så bilvegen nesten heilt opp til Fagerfjellet. Frå Fagerfjellet gjekk vi i terrenget >>>

Map