Archive - Date

Collected lists

Østerhogna

Date:
24.09.2017
Distance:
16.3km

På sundag gjekk turen til Østerhogna. Vi parkerte like etter Lisætra. Derifrå følgde vi vegen litt vidare, før vi tok av og gjekk råket mot Hognsjøen. Vi tok av råket like før Gråbeinhøa, og gjekk opp på dagens første topp. Derifrå vidare opp til Vesterhogna og Østerhogna. Skodde også på denne turen.

Map    

Tverrfjellet

Date:
23.09.2017
Distance:
6.2km

Tur med Kristine til Engerdal. På laurdag køyrde vi inn bomvegen til Tverrfjellsetra og gjekk på Tverrfjellet. Det var ein kort og fin tur. Særleg heldige med vêret var vi ikkje, den var oveskya og skodde. Etter turen overnatta vi i campingvogna på austsida av Engeren.

Map    

Oskampen og Knutshøe

Date:
16.09.2017

Kristine og eg dro på ein ny campingtur, også denne gongen valde vi å campe ved Valtjønna på Jotunheimvegen. Som tur på laurdag valde vi Oskampen. Vi køyrde innover Oskampvegen, og parkerte like ved der råket mellom Oskampen og Storeskag passerer vegen. Vi følgde dette råket til hytta. Frå hytta gjekk vi opp på Sørtoppen og vidare på Oskampen. Nede at ved hytta registrerte vi den vesle toppen ved siden av hytta. Ein fin tur i strålande haustvêr. På sundag pakka vi sammen campingutstyret og køyrde vidare innover Jotunheimvegen. Knutshøe var målet for turen. Vi satt fra oss vogna like etter bommen, før vi køyrde og parkerte på Vargbakken. Derifrå følgde vi råket opp og ned på Knutshøe. På toppen hadde vi strålande sol, så vi tok ein matpause der. Ein flott tur.

Map    

Austhøi og Gråhøe

Date:
02.09.2017

Kristine og eg kjøpte campingvogn på fredag, og laurdag drog vi på tur. Vi køyrde til Valtjønna langs Jotunheimvegen. Der satt vi att vogna og køyrde vidare til Austhøflågån. Derifrå gjekk vi opp på Austhøi. Den første flata over Austhøflågån var litt blaut og det var ein del kratt. Bratta opp til Austhøi var tung, men fin og gå. Flott vêr på turen. Attende ved Valtjønna gjekk vi ein liten runde ved vatnet, før vi åt middag i vogna. Etter ei natt i campingvogna, gjekk turen på sundag til Gråhøe i Øystre Slidre. Vi køyrde vidare innover Jotunheimvegen, til Liastølen. Derifrå følgde vi råket opp langs Fossåne mot Gråhøe. Godt å ha råk til å byrje med, da det er mykje kratt nede i lia. Oppe på 1500 meters høgde var det like fint å gå utenom råket. Frå >>>

Map