Archive - Date

Collected lists

Besseggen og Buhø

Date:
26.08.2017
Distance:
12.1km

Vi køyrde tidleg frå Nygaard til Jotunheimen. Vi parkerte på Reinsvangen og tok bussen inn til Gjendesheim. Derifrå gjekk vi råket langs Gjende mot Memurubu, vi tok av og gjekk Jo-stigen opp til Besseggen. Flott tur i strålande vêr. På veg heim til Gausdal køyrde vi Jotunheimvegen, der tok vi ein kort tur på Buhø.

Map    

Eldåhøgda

Date:
17.08.2017
Distance:
12.9km

Map    

Elgklinten

Date:
14.08.2017
Distance:
6.1km

Tur med Kristine på svenskegrensa etter jobb. Vi gjekk først på Eftasberget, før vi køyrde videre og gjekk på Elgklinten og Heiberget. På tur heim grilla og bada vi i Vermundsjøen.

Map    

Ramshøgda, Saukampen og Styggskardshøa

Date:
11.08.2017
Distance:
18.2km

Tur i lag med pappa og Kristine. Vi parkerte først ved bommen inn mot Ramshytta, men fann ut at vi eigentleg ville køyre heilt inn. Bommen var ikkje låst, så vi køyrde inn. Frå Ramshytta gjekk vi Rondanestien innover. Vi tok av frå denne og gjekk opp på Store Ramshøgda. Derifrå gjekk vi i terrenget mot Saukampen. Videre frå Saukampen til Styggeskardshøa. Følgde småråk tilbake til Rondanestien, og denne tilbake til bilen. Ein tur med mykje bra råk, og der vi måtte gå utan råk, var det godt terreng å gå i. Flott utsikt på turen, men litt skyar. Vêret var nokså godt, men tildels sterk vind.

Map    

Irland - Slieve Donard

Date:
08.08.2017
Distance:
9.5km

Siste dag i Irland, og høgaste fjell i Nord-Irland var målet. Vi parkerte på ein stor parkeringsplass i Newcastle og følgde bekken Glenn River opp. Det var eit flott råk, og det var mange andre som var ute og gjekk. På omlag 580moh var vi opp i skardet mellom Slieve Donard og Slieve Commedagh. Derifrå følgde råket The Mourne Wall opp til toppen. Ein flott topp, og flott utsikt. Dette vart ein veldig bra avslutning på ferien vår i Irland.

Map    

Irland - Causeway Coast og Binevenagh

Date:
07.08.2017
Distance:
4.8km

Denne dagen var målet å utforske Causeway Coast, nordkysten av Nord-Irland. Dette var eit heilt fantastisk område, og vi tok mange og lange stopp. Den første stoppet var ved ei lita kyrkja like etter Londonderry. Neste stopp var toppen Binevenagh. Klippeveggen på toppen tok seg bra ut frå bilvegen frå vest, men det var ein litt kjedeleg topp å gå på. Vi parkerte nordaust for toppen, og følgde ein bilveg nesten heilt opp, før vi måtte gå på eit blautt jorde til toppunktet. Dei neste stoppane vart meir vellykka; slottsruinen Dunluce Castle, basaltsøylane i Giant's Causeway, borgruinen Dunseverick Castle, stranda White Park Bay og hengebroa Carrick-a-rede.

Map    

Irland - Londonderry

Date:
06.08.2017

Roleg dag i Londonderry og omegn

Irland - Cliffs of Moher, Abbey Hill og Knocknarea

Date:
05.08.2017

Kristine og eg køyrde avgårde tidleg i frå Killarney, vi hadde ein lang biltur forran oss, da vi skulle heilt til Londonderry i Nord-Irland. Vi planla nokre pauser undervegs, den første på Cliffs of Moher. Cliffs of Moher var bra tilrettelagt for turistar, og det krydde av folk, spesielt i nærheiten av Visitor Centre. Litt lengre unna vart det færre folk. Vi gjekk sørover langs klippane, til borgruinen Hag's Head. På veg attende derifrå satt eg på Peakbook-appen. Tilbake til Visitor Centre gjekk vi oppom tårnet O'Brien's Tower. Cliffs of Moher hadde eit utruleg flott landskap, og vi var veldig heldige med vêret. Etter turen på Cliffs of Moher køyrde vi vidare i retning Londonderry. Undervegs stoppa vi og tok to fjelleturar. den første gjekk på Abbey Hill like før Galway. Vi >>>

Map    

Irland - Carrauntoohil og Gap of Dunloe

Date:
04.08.2017
Distance:
11.7km

På fredag var Carrauntoohil målet for dagen. Vi køyrde opp til Cronins Yard, og parkerte på den store parkeringsplassen der. Når vi køyrde regna det litt, og når vi gjekk i vegen var toppen dekt av skodde. Vêret bedra seg gradvis utover dagen, og vi fikk flott utsikt. Råket frå Cronins Yard var godt, og det var mange andre som var på veg mot toppen. På omtrent 400 høgdemeter bratna det til, og vi gjekk opp det som heitar Devils Ladder. Det var bratt, og det var meir bekk enn råk, men likevel fint å gå opp der. Oppe frå Devils Ladder hadde vi att omlag 300 høgdemeter til toppen. Denne oppstigningen var ein fin og brei fjellside. På toppen var det mykje folk, og eit stort kors i staden for varde. Vi fann ut at vi ville gå ein anna rute ned att, og gjekk dermed ned ruta som >>>

Map     3 comments

Irland - Ring of Kerry og Knocknasullig

Date:
03.08.2017
Distance:
1.1km

I Killarney var hovudmålet å gå på Carrauntoohil. Vêret skulle bli betre fredag enn torsdag, så vi utsette det ein dag. I staden tok vi turen Ring of Kerry, ein køyretur rundt Iveragh-halvøya. Vi starta med eit lite stopp på Muckross House like etter Killarney, og hadde fleire stopp undervegs. Undervegs fikk vi auge på toppen Knocknaskullig, som så flott ut frå bilvegen. Vi parkerte på ein liten lomme i vegkanten, klatra over eit gjerde og gjekk i vått kratt opp til toppen. Flott utsikt frå toppen, og ein kort tur.

Map