Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (173)
- Langlauf (147)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde
Tur til Rendalen - Tissvola m.f.
- Datum:
- 18.07.2017
Kristine og eg har lengje snakka om å reise åt Rendalen, og om å gå på Sølen. Måndag såg vi at det var spådd fint vêr, så vi fann ut at dette var veka å gjere det. Tysdag formiddag køyrde vi i veg mot Rendalen.
Første stopp på vegen vart i bakkane ned mot Bergset, der gjekk vi på Trønneskampen. Greitt, men bratt, råk heile vegen opp til toppen. Litt utsikt gjennom skodda. Etter turen køyrde vi ned til Bergset.
Frå Bergset køyrde vi til Østagrenda, og inn bomvegen til Fiskevollen. Vi tok av inn mot Mistdalen, og vi parkerte på Mistdalen seter. Derifrå gjekk vi på Tissvola. Vi følgde råket mot Sølen eit godt stykke, før vi gjekk opp på Tissvola i frå nord. Vi sykla ein del av vegen, det var kjekt.
Den tredje og siste turen denne dagen vart Envola. Vi køyrde atteiner >>>
Gråhøa ved Kvam og Søre Svartkampen i Sel
- Datum:
- 17.07.2017
- Tourlänge:
- 4:05h
- Entfernung:
- 15,5km
Kristine og eg køyrde frå Nygaard til Vinstra, og opp Per Gynt seterveg. Dette var eit flott fjellområde eg ikkje har vitja før. Vi gjekk to turar derifrå, før vi køyrde vidare i retning Heidal.
Tur 1: Frå parkeringsplassen til Krøkla. Vi brukte 45 minuttar, og gjekk 3 kilometer. Godt råk og flott utsikt frå denne toppen. På veg ned at til bilen gjekk vi bortom utsiktspunktet. Etter turen åt vi niste i bilen.
Tur 2: Same utgangspunkt som tur 1. Vi gjekk fyst på Skarven, og vidare på Gråhøa. Her var det flott råk, men også like fint å gå utanom råka. Tilbake at følgde vi råk heile vegen. Vi oppretta ein liten topp på ryggen aust for Gråhøa, og bygde ein varde. Ein veldig fin tur. Når vi køyrde i vegen att, starte det å regne kraftig. På denne turen brukte vi 1 time >>>
Sikkilsdalshø
- Datum:
- 15.07.2017
- Entfernung:
- 14,5km
Vi parkerte på Sikkilsdalsseter, og gjekk på det gode råket mot Gjendesheim via Sikkilsdalshøe. Vi gjekk av råket og gjekk oppom Hornet, fint terreng å gå utanom råk. Vidare opp på Sikkilsdalshøa og om Gravdalsknappen til Ingulssjøhøa. Frå Ingulssjøhø gjekk vi rett ned bratta til Skåltjønna, og følgde vatnet tilbake til råket. Terrenget ved vatnet var litt myrete og det var noko kratt, men ikkje verre enn at det var fint å gå der. Ein flott dag å gå på tur, fint vêr, men litt vind.
Turar i Gjøvik
- Datum:
- 14.07.2017
- Tourlänge:
- 2:53h
- Entfernung:
- 9,0km
Fire små turar i skogen i Gjøvik kommune i lag med Kristine.
Tur 1: Akselhovde. 46 min, 1,4 km. Vi køyrde først opp til den Peakbook-registrerte parkeringsplassen på Bergum, men dei som bur der likar ikkje at folk parkerer der, så vi køyrde vidare.
Tur 2: Brattåshaugen. 20 min, 0,9 km.
Tur 3: Lauvsvehøgda og Åsgardshaugen. 57 min, 3,4 km
Tur 4: Ligardskampen. 50 min, 3,3 km.
Torsæterkampen, Skreifjella og Skreikampen
- Datum:
- 13.07.2017
- Tourlänge:
- 4:01h
- Entfernung:
- 13,6km
Tur til Oslo for å flytte ei seng for systera til Kristine. Eg plukka opp Kristine, som tok buss frå Hamar, på Gjøvik. På turen til Oslo gjekk vi tre turar. Etter Osloturen, åt Kristine og eg mat frå La Italia hos mor til Kristine. Ein fin dag.
Tur 1: Torsæterkampen frå Torsætra. 2 timer, 5 km
Tur 2: Skreifjella frå Nyhussætra. 1t og 6 min, 3,8 km
Tur 3: Skreikampen frå Oppegård. 1 time, 4,8 km. Gjekk fort oppover, jogga ein del ned att.
Skogstoppar i Stange
- Datum:
- 10.07.2017
- Tourlänge:
- 2:47h
- Entfernung:
- 7,2km
Etter at Kristine hadde vore på jobb, drog vi til Stange, og åt middag i hyggeleg lag på Pizza La Italia. Etter middagen reiste vi og gjekk tre turar i skogen innafor Espa. Den første turen gjekk vi på Gransjøhøgda, ein kort på omlag 50 minuttar. Den andre turen var enda kortare, berre 19 minuttar brukte vi opp og ned på Fugleleikhøgda. Den siste turen var noko lengre, på Grasberget og Nordre Romsæterberget brukte vi i overkant av ein og ein halv time.
Gråhøgda, Kvia, Sauvola og Kleberkakken
- Datum:
- 09.07.2017
- Entfernung:
- 18,4km
Ny tur på Friisvegen. Kristine og eg parkerte der Rondanestien kryssar Friisvegen, derifrå satt vi på med pappa til Åsdalsætra. Planen var eigentleg å gå ein runde så vi kom tilbake att om Jammerdalsbu. Vi gjekk i vegen traktorvegen oppover frå Åsdalsætra, etter eit stykke gjekk vi i retning Gråhøgda. Her skulle det i følgje kartet være råk, men det var berre at enkelte vardar. Frå Gråhøgda gjekk vi ned til Borkebua, Gråbua på kartet, og vidare på Store Kvia. Frå Store Kvia hadde vi eigentleg tenkt til å gå til Veslefjellet og vidare til Jammerdalsbu, men vi forandra planen, og gjekk til Sauvola i staden. Derifrå gjekk vi over Kleberkakken og tilbake til bilen på Åsdalsætra.
Toppar i Ringebu og Stor-Elvdal frå Friisvegen
- Datum:
- 07.07.2017
- Entfernung:
- 21,3km
Kristine og eg køyrde frå Nygaard til Friisvegen. Der parkerte vi like etter Åsdalstjønna. Vi gjekk i vegen utan råk mot Store Hirisjøhøgda. På veg dit gjekk vi oppom Gluggen. Vidare gjekk vi ein runde om Rundvola, Prestbuhøgda, Storvola og Storfjellet. Det var ikkje råk, men det var stort sett godt underlag og gå på, og ikkje kratt. Opp igjen Friisvegen til bilen gjekk Kristine i førevegen og henta bilen. Ein flott tur i bra vêr.
Heidalsmuen og Saukampen
- Datum:
- 04.07.2017
- Entfernung:
- 16,6km
Tur i lag med Kristine. Vi køyrde frå Nygaard mellom ni og ti, til Skåbu og vidare grusvegen til Murudalen og inn til Musætrin. Runden om Heidalsmuen, Kviknegråhø og Saukampen var flott. Ned i frå Heidalsmuen var det noko laus ur, men vi gjekk også mykje på reinlav og gras. Over mot Kviknegråhø vart det ein del kratt og litt myr, det same vart det ein periode i dalsøkket mellom Saukampen og Musætrin. Stort sett fint vær, men litt overskya og ein del vind, så ein del plassar vart det kaldt og surt.
Svarthaugen - fullført Gausdalsliste
- Datum:
- 02.07.2017
Den først turen gjekk vi på Svarthaugen frå setra nord for Svarttjønnet. Brukte om lag ein time opp og ned. Vi følgde saueråk opp og ned, så det var betre å gå enn forventa. Også utsikta var noko betre enn eg hadde venta, vi såg både Gråhøin og Djuptjernkampen. Dette var den siste toppen min på Gausdal +100pf. Første topp var Djuptjernkampen for nesten 25 år sidan (15.7.92), førre topp på lista var Trettehøgda for nesten tre år sidan (26.10.14).
Dei to andre turane samla vi på toppar på Gausdal +50pf-lista. Den første av dissa turane gjekk vi frå bommen ved Roasetra, og på Sekken, Påsån og Rosetervegtoppen. På denne turen vart vi nesten plaga livet av, av innpåslitne fluer og andre innsektar. Den siste turen vi gjekk var riktig stutt, då gjekk vi på Storhaugen >>>