Archive - Date

Collected lists

Trolltind

Date:
29.06.2017
Distance:
24.1km

Etter ei natt i telt på Øvre Dørålseter, var Trolltinden målet for turen. Det var siste topp for båe Kristine og meg på over 2000moh i Rondane. Vi gjekk i veg etter ein god frukost, i eit roleg tempo. Anmarsjen over Storflye, og rundt Nørdre Smedhamran, er lang. Vi kryssa over Langholskridu, kor det enkelte plasser fortfarande er ein del snø. Derifrå gjekk vi nordryggen opp på Trolltinden. Flott utsikt på toppen. Ned att gjekk vi meir mot vest, før vi gjekk den lange vegen attende til Dørålseter. Stort sett fint vær denne turen også, men litt vind. Vi overnatta på Dørålseter ei natt til, og skulle eigentleg gå ein dagstur til før vi drog heim, men magevondt førte til at vi drog rett heim utan tur.

Map    

Digerronden, Midtronder og Høgronden

Date:
28.06.2017
Distance:
21.3km

Kristine og er køyrde tidleg frå Gausdal til Øvre Dørålseter. Etter å ha satt opp teltet, gjekk vi i veg på godt råk. Vi følgde råket mot Høgronden, men tok av der råket passerte Vidjedalsbekken, og gjekk over Vidjedalsflye til Digerronden. Derifrå gjekk vi over Midtrondane til Høgronden. Frå Høgronden følgde vi det gode og godt merka råket tilbake til Dørålseter. Det var fint vær heile turen, men litt sur vind, så det vart mykje av og på med jakka. Over Digerronden og Midtrondane møtte vi berre to personar, mens det var folksamt på Høgronden. Turen var lang og tung, men skikkeleg flott.

Map    

Skjervungfjellet og Nylsfjellet

Date:
26.06.2017
Distance:
19.9km

Siste dag på Ginahytta for denne gang. Etter å ha pakka og vaska ut, drog vi til Spåtind høyfjellshotell. Der gjekk vi på Skjerungfjellet. Det var ein kort tur og vi brukte under timen opp og ned. Vi køyrde vidare til Nylsetra parkeringslomme. Derifrå gjekk vi opp på dei to toppane på Nylsfjellet. Etterpå drog vi heim til Nygard. GPS-sporet her ljug litt, då eg ikkje slo av appen mellom turane.

Map    

Gammelhans, Myssmørhelje og Prestkjerringa

Date:
25.06.2017

Vi starta dagen på Ginahytta roleg, med frukost og spel, før vi tok ein liten rotur på Nedre Nysætervatnet. Dagens tur vart til Gammelhans, Myssmørhelje og Prestkjærringa. På Myssmørhelje bygde vi opp ein ny varde, som vart stor og fin. Der møtte vi også tante Sigrid, som hadde vore på Prestkjærringa.

Map     1 comment

Spåtind og Bjørnehalli

Date:
24.06.2017

Etter ein snarvisitt innom Ginahytta satt vi kurs for Spåtind. Vi parkerte på ein av parkeringslommane på Feplassen og gjekk i veg på godt råk. Vi var først oppom utsiktspunkt 1197, som eigentleg kunne vært ein topp. Etter det var vi på vesttoppen, før vi gjekk utanom råket til nordvesttoppen og austtoppen. Greitt terreng å gå utanom råk på toppen, men det er betre i råket. På veg ned att frå Spåtind gjekk vi oppom sørausttoppen på Hasatjernhøgda. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre innover mot Spåtind høyfjellshotell og gå på Skjerungfjellet og Nylsfjellet, men vi fann ut at vi heller ville gå på Bjørnehalli. Etter ein kort matpause i bilen, gjekk vi i veg same retning som mot Spåtind, men tok raskt av og følgde råket mot Fjellsætri. Opp til Bjørnehalli var >>>

Map    

Nordre Land

Date:
23.06.2017
Distance:
19.1km

Turar i Nordre Land saman med Kristine. Den første turen gjekk i frå Krokvassfjellet parkering til Krokvassfjellet. Vi brukte om lag ein time på den turen. Den andre turen var til Kråkhugukampen. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå i frå Finndalen bomveg parkering, men bommen var ope, så vi køyrte vidare innover så langt vi kom. Vegen gjekk heile vegen til toppen, og han var ikkje stengd med bom, så det vart berre dei ti siste høgdemetrane vi gjekk på føtene. Den tredje turen gjekk vi i frå Bergevassknotten parkering til Bergevassknotten. Her var bommen stengd, pluss at vegen ikkje går til toppen, så her møtte føtene igjen brukast. Appen har stått på heile turen og dermed registrert både køyring og gåing.

Map    

Ruten

Date:
21.06.2017
Distance:
18.2km

Tur med Kristine og pappa. Vi køyrde til Dalseter, og litt innover Per Gynt-vegen, før vi parkerte ved bommen. Vi gjekk på godt råk til Bingsbua, og vidare til Sprenpiggen. Derifrå gjekk vi først utan råk ned frå toppen, før vi kunne følgje brukbare råk i retning Svarttjønnhøgda. Etter at vi passerte Svartbekken vart råket mykje dårlegare, og det vart vanskeleg å følgje. Det betra seg heldigvis noko ved Svarttjønnhøgda. Råket vart igjen vanskeleg å følgje etter at vi gjekk over Heståa. Det skal til ein del vedlikehald for at dei gamle råka skal bestå. Det er uansett ikkje noko råk opp til Storslåkampen, eller til Ruten frå denne sida. Vi gjekk oppom alle dei tre toppunkta på Ruten. Det var litt surt vær, men det vart ein fin tur.

Map    

Jonsknuten

Date:
19.06.2017
Distance:
2.6km

Dette var siste feriedag for denne gong. Etter ein god frukost køyrde vi i frå Skinnarbu klokka ni. Vi tok først ein kjapp stopp på vegen for at eg skulle få tatt eit bilete av Vemork, før vi stoppa på ferjehamna på Mæl. Der var vi heldige, og fekk ta ein gratis kikk inne på togferja Storegut. Vidare i frå Rjukan køyrde vi mot Notodden. Vi hadde først eit stopp på Heddal stavkyrkje, den største stavkyrkja i Noreg. I Notodden stoppa vi og åt ein is. I frå Notodden køyrde vi til Knutehytta i Kongsberg. Dagens turmål var høgaste topp i Kongsberg, Jonsknuten. Vi gjekk vi den korte, men fine turen på Jonsknuten i frå Knutehytta. På veg heimover til Hamar stoppa vi først og kjøpte middag i Hønefoss, før vi var i hyggeleg 81-årslag på Stange.

Map    

Gaustatoppen

Date:
18.06.2017
Distance:
10.7km

Etter frukost på Skinnarbu, køyrde vi til Rjukan og oppover mot Gaustatoppen. Vi parkerte på den store parkeringsplassen ved Stavsro. Derifrå gjekk vi, og mange andre, mot Gaustatoppen. Det var mykje vind, skodde og yr på veg oppover. Dette været ga seg ikkje før vi var på veg nedover igjen, når vi var nede att på omtrent 1700moh lyste det opp. Vi møtte heile tida mykje folk på veg oppover til turisthytta, og det var ein del utanfor hytta, som var stengd. Utover mot toppen møtte vi berre to karar, så det virka ikkje som om sjølve toppen er så mykje besøkt, men merkinga ut dit var god. På veg ned att gjekk vi bortom Gaustaråen og det høgaste punktet i Hjartdal kommune, her byrja været bli skikkeleg bra. På kommunetoppen bygde vi ein varde. Frå kommunetoppen gjekk vi rett >>>

Map    

Store Ble

Date:
17.06.2017
Distance:
21.1km

Vi vakna tidleg opp, og pakka saman teltet. Vi køyrde den stutte vegen til Sundhaugen mellom Eikeren og Fiskumvannet, der åt vi frukost på ein badeplass. Etter frukosten køyrde vi vidare til Blefjell, via Kongsberg. Vi tok av frå riksveg 37 ved Helleberg, og køyrde inn til parkeringa. Råket frå parkeringa var veldig bra og godt merka. Vi gjekk opp Langedalen og opp på Bletoppen. Derifrå hadde vi tenkt til å følgje råket til Nystulnuten, men ved høgde 1275 klarte vi å gå av råket. Vi kom ned til Bletjønnan, der fann vi ut at vi skulle gå oppom og registrere Fosskardnuten. Oppe på Fosskardnuten bygde vi ein varde. Vidare gjekk vi rett mot Nystulnuten, dei første 40 høgdemetrane var bratte. Etter å ha vore på Nystulnuten gjekk vi til Brørsteinene, og vidare til Fleseblekkble.

Map