Archive - Date

Collected lists

Heimdalshøe

Date:
30.04.2017
Distance:
23.7km

Kristine og eg køyrde tidleg frå Hamar til Maurvangen. Målet for turen var Heimdalshøe og Sikkilsdalshøe. Me gjekk i vegen oppover langs med Mola, det var gode skispor å følgje oppover. Spora gjekk hele vegen opp til toppen og det var fint, men tungt å gå oppover. Flott utsikt på toppen. Me gjekk vidare til Styggehøe og til Søre Gåpåpiggen. Etter det kryssa me over Sikkilsdalsskardet, og gjekk i vegen oppover mot Sikkilsdalhøe. Ein blanding av at me vart slitne og at vi gjekk tomme for vatten, førte til at me valde å snu eit godt stykke før toppen. Det vart uansett ein lang og fin tur. På båe skiskoa mine lausna sålen i løpet av turen, noko som øydela ein del turen for min del. Skoa vart midlertidig reparert for turen med å bruke ein buff for å halde i saman sko og >>>

Map    

Svenskeveien og Hestholfjellet

Date:
23.04.2017
Distance:
4.8km

Map    

Kidliknappen

Date:
11.04.2017
Distance:
26.2km

Tur saman med Kristine. Me parkerte på Skei og gjekk i gode løyper til me tok av oppover mot Kidliknappen. Me gjekk greitt oppå skaren til toppen. Frå Kidliknappen gjekk med over Roåkerknappen og fleire andre toppar til Skjenafjellet. Vinden blåste ikkje så altfor mykje, og det var verkeleg fint å gå. Oppover mot Skejafjellet hadde sola starta og varme, så eg brøyt noko igjennom snøen. Frå Skjenafjellet gjekk med til Linvikknappen. Derifrå følgde me skiløypene tilbake til Skei.

Map    

Kinnkjølen

Date:
10.04.2017
Distance:
20.1km

Map    

Gråkampen

Date:
09.04.2017
Distance:
22.5km

Skitur med Kristine. Varmt vær, men sur og kald vind.

Map    

Nevelfjell

Date:
08.04.2017
Distance:
22.7km

Kristine og eg parkerte på Nordseter. Derifrå gjekk me opp på Nevelfjell, me kunne følgje skiløypa til og starte med, men etter kvart følgde me eit gammalt skutar spor til toppen. Frå Nevelfjell køyrde me ned til Reinsvatnet, og samla orienteringspostar rundt det. Vidare gjekk me den nye skiløypa over Kriksfjell, og ned at til Nordseter.

Map    

Kjettberget

Date:
02.04.2017
Distance:
20.9km

Map    

Hærfjellet og Gammelhans

Date:
01.04.2017
Distance:
18.1km

Det var tett skodde i bygda då Kristine og eg køyrde i veg til Astridbekken. Like før med kom opp på Astridbekken letta heldigvis skodda. Me gjekk opp på Hærfjellet, derifrå følgde me terrenget innover mot Søre Hærfjellet. Det var fint å gå utanom spora i dag. Me var på Huletoppen og Rypefjellet, før med køyrde ned til Nysætra, og gjekk vidare mot Gammelhans og Myssmørhelje. Det vart ganske stå dårleg glid i snøen etter kvart, men flott skiføre uansett.

Map