Archive - Date

Collected lists

Steinkampen

Date:
31.03.2017
Distance:
24.5km

Kristine og eg parkerte på Skei, og me gjekk innover Per Gynt-vegen. Me tok av frå skiløypa mellom Dørdalsknappen og Steinkampen, og gjekk opp på Steinkampen. På veg opp måtte me ta av skiene. Det vart veldig skodde og sterk vind når me var på Østre Steinkampen, så me fann ut at me ikkje skulle gå oppom Røgnhøgda. Me hadde eigentleg tenkt oss på Gråkampen, men været var så dårleg at me droppa det.

Map    

Målia frå Gåsbu

Date:
26.03.2017

Skitur frå Gåsbu i lag med Kristine. Me gjekk om Bårdsætra til Målia, og om Krakholen tilbake til Gåsbu. På Målia hadde me ein lang rast i solveggen. Strålande vær heile dagen og mange varmegradar.

Map    

Tre kommunetopper i Hedmark

Date:
25.03.2017
Distance:
21.5km

Kristine og eg køyrde inn den dyre bomvegen ved Brumund sag inn til Skvaldra. Derifrå gjekk me i god skiløype opp til Godlidalshytta, men det klabba ein del opp dit. Vidare gjekk me utanom spor til Taterungskampen og opp på Tuva. Etter å ha vore på Tuva gjekk me østover til Sørøst for Himmelkampen. Der gjekk me også oppom ein større varde like nord for kommunegrensa. Så følgde me kommunegrensa i retning Øst for Kroksjøhøgda, men var oppom Himmelkampen SØ1 på vegen. Vidare gjekk me slakt i retning av Svartkampen og fortsette vidare mot Øyungsfjellet. Derifrå gjekk me på Tuven, Jomfrua og Danseren. Frå Danseren tok me rett ned gjennom skogen. Dette gjekk greitt, men noko kranglete enkelte plassar. Til slutt følgde me bilvegen tilbake til bilen. Ein tur med lite løyper >>>

Map     1 comment

Saksumdal

Date:
19.03.2017
Distance:
21.0km

Tur samen med Kristine. Gjekk skiorientering (skijegern) frå Saksheim. Flott vær og fine løyper, men sliten etter Birken.

Map    

Astridbekken

Date:
17.03.2017
Distance:
21.8km

Roleg tur saman med Kristine dagen før Birken.

Map    

Astridbekken

Date:
12.03.2017
Distance:
20.9km
Map    

HHT-tur Sjusjøen - Gåsbu

Date:
04.03.2017
Distance:
60.1km

Kristine og eg skulle være med på turen HHT arrangerer frå Sjusjøen til Gåsbu, så me reiste frå Hamar til Gåsbu kvart over sju og tok buss frå Gåsbu klokka åtte. Vel framme på Sjusjøen kom me oss i gang langs Birkebeinerløypa noko før halv ti. Me tok av frå Birkebeinerløypa etter omtrent ein kilometer, og gjekk i søraustleg retning. Den vanlege traseen fortsette rett fram i mellom Mostfjellet og Sollifjellet. Me hadde eigentleg tenkt oss oppom Sollifjellet, men me orka ikkje brøyte gjennom tjue centimeter laussnø. Derimot følgde me løypa over Mostfjellet og Snørvillen, her går heldigvis skiløypa over toppane. Gjekk deretter den kortaste vegen til Ljøsheim, og der gjekk me oppom det høgaste punktet. Vidare forbi Hamarsætra og Prestsætra til Lavlia. Etter Lavlia tok >>>

Map