Archive - Date

Collected lists

Trysil - dag 2 - Kampflåhøgda

Date:
26.02.2017
Distance:
26.0km

Siste dag i Trysil, og siste dag av ferien. Me sov lengje og åt god frukost, før me pakka ut i bilen og gjekk i vegen på skitur. I løpet av natta hadde det komme nesten ti centimeter med nysnø. Det første korte strekket, var ikkje køyrd, men det tok ikkje lang tid før med kom til maskinkøyrde spor. Også denne dagen gjekk me i vegen i hop alle fire, før me sa takk for samværet og skilde lag like nedanfor Nyvangssetra. Siri og Benedicte skulle gå ein litt kortare runde før dei køyrde heim, medan eg og Kristine hadde tenkt oss på Kampflåhøgda. Då vi passerte Nyvangssetra vart det slutt på dei maskinkøyrde spora, men heldigvis hadde det gått nokon før oss og brøyta. Me kunne følgje sporet deira heilt til krysset nedunder Eltdalsskardet, derifrå måtte me brøyte sjølve. >>>

Map    

Trysil - dag 1 - Eltdalsskardet

Date:
25.02.2017
Distance:
21.5km

Første dag i Trysil vakna me opp til strålande sol Etter ein veldig god frukost gjekk me i veg på ein skitur. Først gjekk me i lag alle fire opp til Nyvangssetra, ein koseleg rasteplass like nedunder tregrensa. Ein liten stund etter Nyvangssetra skilte me lag. Benedicte og Siri fortsette i skiløypa, medan eg og Kristine tok av frå sporet og gjekk mot Eltdalsskardet. På veg mot toppen økte vinden kraftig og det skyast over. Da vi kom på toppen var utsikta nesten borte og det var bitande kaldt. Me hadde eigentleg tenkt til å prøve å gå på Kampflåhøgda, men slo det frå oss. Me møtte igjen Benedicte og Siri like ved Promillegropa, og gjekk tilbake til hytta. Mot slutten av turen begynte det også å snø ein god del. Sjølv om veret ikkje vert det beste, vart det likevel ein fin >>>

Map    

Skallberget

Date:
24.02.2017
Distance:
33.5km

Kristine og eg var invitert på hyttetur til Trysil denne helga. Me starta dagen roleg heime i Hamar, før me køyrde i veg. Me hadde planlagt først ein kort pause i Elverum, og så ein skitur på vegen mellom Elverum og Trysil. Valet falt på Skallberget. Det vart ein fin tur i strålande solskin, men det var kolossalt sterk vind og ganske kaldt. Etter skituren drog me vidare til Trysil, til ein moderne, men veldig koseleg hytte. Dagen vart avslutta med god pizza og spill.

Map    

Skijeger'n i Rudsbygd

Date:
23.02.2017
Map    

Astridbekken

Date:
22.02.2017
Distance:
40.1km
Map    

Nysetra dag 3

Date:
21.02.2017
Distance:
32.7km

Den tredje og siste dagen på Ginahytta. Me gjekk først til Værskei og til Kittilbu. Derifrå gjekk me Blestervegen og opp på Blesterråkvarden og Kjettberget. Vidare gjekk me over Prestkjerringa og Mysmørhelje tilbake til Ginahytta. Kort rast der, før me tok på oss sekkane og gjekk tilbake til Astridbekken. Ein veldig hyggeleg hyttetur.

Map    

Nysetra dag 2

Date:
20.02.2017

Dagen starta med frukost og spill, før me gjekk i vegen på skitur. Me starta med å gå mot Prestkjerringa. Først gjekk me på Toftfjellet og så på Mysmørhelje. I staden for å gå på Prestkjerringa, tok me løypa mot Skjellbreida. Me var oppom Rævskorotjernhaugen før me køyrte ned Rævskorodalen. Frå Skjellbreida gjekk med til Boroseter, og vidare til Torpavegen. Me gjekk ein runde på sørsida av Torpavegen, og var oppom Fjellmyrhaugen, ein nokså stusseleg topp. På veg tilbake til Boroseter gjekk me oppom Sør for Erstjernet, nok ein litt stusseleg topp. Tilbake til Nysetra var det langt, men fint å gå. Stort sett fint vær på denne turen.

Map    

Nysetra dag 1

Date:
19.02.2017

Kristine og eg starta hytteturen med å gå ifrå Astridbekken til Nysetra. Der fyrte me opp i omnen på Ginahytta, før me gjekk i vegen på tur. Me gjekk oppom nokre småtoppar på veg til Mysmørhelje og Prestkjerringa. Veret var strålande. Etter Prestkjerringa gjekk me oppom dei to Gaustomsetertoppane, og brøyta gjennom laussnøen til Bleikefjellet og Søre Bleikefjellet. Etter å ha vore på Søre Bleikefjellet fant me ein noko vrien veg opp til Kufjellet. På toppen såg vi gamle skispor, som vi følgde ned at. Derifrå om Gaustomsetra om Kjettbergkrysset tilbake til Ginahytta. Ein bra start på hytteopphaldet. Det smakte også veldig godt ned peisgrilla pølser etterpå.

Map    

Prestkjerringa

Date:
18.02.2017
Map    

Skijeger'n i Brøttum og Søre Ål

Date:
17.02.2017
Map