Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Valdresflya

Datum:
01.05.2017
Entfernung:
25,7km

Etter ein god frukost på Bessheim køyrde me oppover mot Valdresflya. Me parkerte like etter Heimdalsmunnen og gjekk i vegen i slak stigning mot Rasletind. Sola strålte og det var godt og varmt. Frå omtrent 1500moh økte brattleiken, og det var relativt tungt opp mot Øystre Rasletind. Det var mange folk og mykje spor overalt, men det er tydeleg at berre eit fåtal av turgåarane tar avstikkaren om Øystre. Nede igjen frå avstikkaren var me tilbake på E6 mot Rasletind. Flotte forhold heile vegen til Vestre Kalvehøgde, men det var tydeleg at mange tykkjer at det er langt nok å gå til Mugna. Det var veldig fint å køyre ned Steindalen frå Raslet.

Karte    

Heimdalshøe

Datum:
30.04.2017
Entfernung:
23,7km

Kristine og eg køyrde tidleg frå Hamar til Maurvangen. Målet for turen var Heimdalshøe og Sikkilsdalshøe. Me gjekk i vegen oppover langs med Mola, det var gode skispor å følgje oppover. Spora gjekk hele vegen opp til toppen og det var fint, men tungt å gå oppover. Flott utsikt på toppen. Me gjekk vidare til Styggehøe og til Søre Gåpåpiggen. Etter det kryssa me over Sikkilsdalsskardet, og gjekk i vegen oppover mot Sikkilsdalhøe. Ein blanding av at me vart slitne og at vi gjekk tomme for vatten, førte til at me valde å snu eit godt stykke før toppen. Det vart uansett ein lang og fin tur. På båe skiskoa mine lausna sålen i løpet av turen, noko som øydela ein del turen for min del. Skoa vart midlertidig reparert for turen med å bruke ein buff for å halde i saman sko og >>>

Karte    

Svenskeveien og Hestholfjellet

Datum:
23.04.2017
Entfernung:
4,8km

Karte    

Kidliknappen

Datum:
11.04.2017
Entfernung:
26,2km

Tur saman med Kristine. Me parkerte på Skei og gjekk i gode løyper til me tok av oppover mot Kidliknappen. Me gjekk greitt oppå skaren til toppen. Frå Kidliknappen gjekk med over Roåkerknappen og fleire andre toppar til Skjenafjellet. Vinden blåste ikkje så altfor mykje, og det var verkeleg fint å gå. Oppover mot Skejafjellet hadde sola starta og varme, så eg brøyt noko igjennom snøen. Frå Skjenafjellet gjekk med til Linvikknappen. Derifrå følgde me skiløypene tilbake til Skei.

Karte    

Kinnkjølen

Datum:
10.04.2017
Entfernung:
20,1km

Karte    

Gråkampen

Datum:
09.04.2017
Entfernung:
22,5km

Skitur med Kristine. Varmt vær, men sur og kald vind.

Karte    

Nevelfjell

Datum:
08.04.2017
Entfernung:
22,7km

Kristine og eg parkerte på Nordseter. Derifrå gjekk me opp på Nevelfjell, me kunne følgje skiløypa til og starte med, men etter kvart følgde me eit gammalt skutar spor til toppen. Frå Nevelfjell køyrde me ned til Reinsvatnet, og samla orienteringspostar rundt det. Vidare gjekk me den nye skiløypa over Kriksfjell, og ned at til Nordseter.

Karte    

Kjettberget

Datum:
02.04.2017
Entfernung:
20,9km

Karte    

Hærfjellet og Gammelhans

Datum:
01.04.2017
Entfernung:
18,1km

Det var tett skodde i bygda då Kristine og eg køyrde i veg til Astridbekken. Like før med kom opp på Astridbekken letta heldigvis skodda. Me gjekk opp på Hærfjellet, derifrå følgde me terrenget innover mot Søre Hærfjellet. Det var fint å gå utanom spora i dag. Me var på Huletoppen og Rypefjellet, før med køyrde ned til Nysætra, og gjekk vidare mot Gammelhans og Myssmørhelje. Det vart ganske stå dårleg glid i snøen etter kvart, men flott skiføre uansett.

Karte    

Steinkampen

Datum:
31.03.2017
Entfernung:
24,5km

Kristine og eg parkerte på Skei, og me gjekk innover Per Gynt-vegen. Me tok av frå skiløypa mellom Dørdalsknappen og Steinkampen, og gjekk opp på Steinkampen. På veg opp måtte me ta av skiene. Det vart veldig skodde og sterk vind når me var på Østre Steinkampen, så me fann ut at me ikkje skulle gå oppom Røgnhøgda. Me hadde eigentleg tenkt oss på Gråkampen, men været var så dårleg at me droppa det.

Karte