Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (174)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends

Turar i Gjøvik
- Date:
- 14.07.2017
- Duration:
- 2:53h
- Distance:
- 9.0km
Fire små turar i skogen i Gjøvik kommune i lag med Kristine.
Tur 1: Akselhovde. 46 min, 1,4 km. Vi køyrde først opp til den Peakbook-registrerte parkeringsplassen på Bergum, men dei som bur der likar ikkje at folk parkerer der, så vi køyrde vidare.
Tur 2: Brattåshaugen. 20 min, 0,9 km.
Tur 3: Lauvsvehøgda og Åsgardshaugen. 57 min, 3,4 km
Tur 4: Ligardskampen. 50 min, 3,3 km.
Torsæterkampen, Skreifjella og Skreikampen
- Date:
- 13.07.2017
- Duration:
- 4:01h
- Distance:
- 13.6km
Tur til Oslo for å flytte ei seng for systera til Kristine. Eg plukka opp Kristine, som tok buss frå Hamar, på Gjøvik. På turen til Oslo gjekk vi tre turar. Etter Osloturen, åt Kristine og eg mat frå La Italia hos mor til Kristine. Ein fin dag.
Tur 1: Torsæterkampen frå Torsætra. 2 timer, 5 km
Tur 2: Skreifjella frå Nyhussætra. 1t og 6 min, 3,8 km
Tur 3: Skreikampen frå Oppegård. 1 time, 4,8 km. Gjekk fort oppover, jogga ein del ned att.
Skogstoppar i Stange
- Date:
- 10.07.2017
- Duration:
- 2:47h
- Distance:
- 7.2km
Etter at Kristine hadde vore på jobb, drog vi til Stange, og åt middag i hyggeleg lag på Pizza La Italia. Etter middagen reiste vi og gjekk tre turar i skogen innafor Espa. Den første turen gjekk vi på Gransjøhøgda, ein kort på omlag 50 minuttar. Den andre turen var enda kortare, berre 19 minuttar brukte vi opp og ned på Fugleleikhøgda. Den siste turen var noko lengre, på Grasberget og Nordre Romsæterberget brukte vi i overkant av ein og ein halv time.
Gråhøgda, Kvia, Sauvola og Kleberkakken
- Date:
- 09.07.2017
- Distance:
- 18.4km
Ny tur på Friisvegen. Kristine og eg parkerte der Rondanestien kryssar Friisvegen, derifrå satt vi på med pappa til Åsdalsætra. Planen var eigentleg å gå ein runde så vi kom tilbake att om Jammerdalsbu. Vi gjekk i vegen traktorvegen oppover frå Åsdalsætra, etter eit stykke gjekk vi i retning Gråhøgda. Her skulle det i følgje kartet være råk, men det var berre at enkelte vardar. Frå Gråhøgda gjekk vi ned til Borkebua, Gråbua på kartet, og vidare på Store Kvia. Frå Store Kvia hadde vi eigentleg tenkt til å gå til Veslefjellet og vidare til Jammerdalsbu, men vi forandra planen, og gjekk til Sauvola i staden. Derifrå gjekk vi over Kleberkakken og tilbake til bilen på Åsdalsætra.
Toppar i Ringebu og Stor-Elvdal frå Friisvegen
- Date:
- 07.07.2017
- Distance:
- 21.3km
Kristine og eg køyrde frå Nygaard til Friisvegen. Der parkerte vi like etter Åsdalstjønna. Vi gjekk i vegen utan råk mot Store Hirisjøhøgda. På veg dit gjekk vi oppom Gluggen. Vidare gjekk vi ein runde om Rundvola, Prestbuhøgda, Storvola og Storfjellet. Det var ikkje råk, men det var stort sett godt underlag og gå på, og ikkje kratt. Opp igjen Friisvegen til bilen gjekk Kristine i førevegen og henta bilen. Ein flott tur i bra vêr.
Heidalsmuen og Saukampen
- Date:
- 04.07.2017
- Distance:
- 16.6km
Tur i lag med Kristine. Vi køyrde frå Nygaard mellom ni og ti, til Skåbu og vidare grusvegen til Murudalen og inn til Musætrin. Runden om Heidalsmuen, Kviknegråhø og Saukampen var flott. Ned i frå Heidalsmuen var det noko laus ur, men vi gjekk også mykje på reinlav og gras. Over mot Kviknegråhø vart det ein del kratt og litt myr, det same vart det ein periode i dalsøkket mellom Saukampen og Musætrin. Stort sett fint vær, men litt overskya og ein del vind, så ein del plassar vart det kaldt og surt.
Svarthaugen - fullført Gausdalsliste
- Date:
- 02.07.2017
Den først turen gjekk vi på Svarthaugen frå setra nord for Svarttjønnet. Brukte om lag ein time opp og ned. Vi følgde saueråk opp og ned, så det var betre å gå enn forventa. Også utsikta var noko betre enn eg hadde venta, vi såg både Gråhøin og Djuptjernkampen. Dette var den siste toppen min på Gausdal +100pf. Første topp var Djuptjernkampen for nesten 25 år sidan (15.7.92), førre topp på lista var Trettehøgda for nesten tre år sidan (26.10.14).
Dei to andre turane samla vi på toppar på Gausdal +50pf-lista. Den første av dissa turane gjekk vi frå bommen ved Roasetra, og på Sekken, Påsån og Rosetervegtoppen. På denne turen vart vi nesten plaga livet av, av innpåslitne fluer og andre innsektar. Den siste turen vi gjekk var riktig stutt, då gjekk vi på Storhaugen >>>
Trolltind
- Date:
- 29.06.2017
- Distance:
- 24.1km
Etter ei natt i telt på Øvre Dørålseter, var Trolltinden målet for turen. Det var siste topp for båe Kristine og meg på over 2000moh i Rondane. Vi gjekk i veg etter ein god frukost, i eit roleg tempo. Anmarsjen over Storflye, og rundt Nørdre Smedhamran, er lang. Vi kryssa over Langholskridu, kor det enkelte plasser fortfarande er ein del snø. Derifrå gjekk vi nordryggen opp på Trolltinden. Flott utsikt på toppen. Ned att gjekk vi meir mot vest, før vi gjekk den lange vegen attende til Dørålseter. Stort sett fint vær denne turen også, men litt vind. Vi overnatta på Dørålseter ei natt til, og skulle eigentleg gå ein dagstur til før vi drog heim, men magevondt førte til at vi drog rett heim utan tur.
Digerronden, Midtronder og Høgronden
- Date:
- 28.06.2017
- Distance:
- 21.3km
Kristine og er køyrde tidleg frå Gausdal til Øvre Dørålseter. Etter å ha satt opp teltet, gjekk vi i veg på godt råk. Vi følgde råket mot Høgronden, men tok av der råket passerte Vidjedalsbekken, og gjekk over Vidjedalsflye til Digerronden. Derifrå gjekk vi over Midtrondane til Høgronden. Frå Høgronden følgde vi det gode og godt merka råket tilbake til Dørålseter. Det var fint vær heile turen, men litt sur vind, så det vart mykje av og på med jakka. Over Digerronden og Midtrondane møtte vi berre to personar, mens det var folksamt på Høgronden. Turen var lang og tung, men skikkeleg flott.
Skjervungfjellet og Nylsfjellet
- Date:
- 26.06.2017
- Distance:
- 19.9km
Siste dag på Ginahytta for denne gang. Etter å ha pakka og vaska ut, drog vi til Spåtind høyfjellshotell. Der gjekk vi på Skjerungfjellet. Det var ein kort tur og vi brukte under timen opp og ned. Vi køyrde vidare til Nylsetra parkeringslomme. Derifrå gjekk vi opp på dei to toppane på Nylsfjellet. Etterpå drog vi heim til Nygard. GPS-sporet her ljug litt, då eg ikkje slo av appen mellom turane.