Flott tur til Blåskjerdingen, og ein liten tur på Åsnakken (07.08.2021)
Bestigninger | Søre Blåskjerdingen (1061moh) | 07.08.2021 12:53 |
---|---|---|
Blåskjerdingen (1069moh) | 07.08.2021 13:06 | |
Åsnakken (316moh) | 07.08.2021 17:23 | |
Andre besøkte PBE'er | Blåskjerdingen p-plass (214moh) | 07.08.2021 10:51 |
Blåskjerdingan klyving (1040moh) | 07.08.2021 13:06 | |
Åsbygda p-plass (133moh) | 07.08.2021 16:52 |
Flott tur på Blåskjerdingen
Blåskjerdingen var målet denne dagen. Vi gjekk i veg frå parkeringa like før klokka 11 i flott vêr. Det var godt råk oppover, men oppe i høgda gjekk vi bare i ura. Det var veldig mange som gjekk denne turen i dag. Om lag halvparten av dei vi traff gjekk kanskje over på hovudtoppen.
Vi hadde sett litt på klyvepunktet, og var nysgjerrige på korleis det var. Det var ikkje nokon stor utfordring, men litt ekstra krydder på turen. Morosamt å klyve litt, men aldri ekkelt eller luftig.
Verkeleg flott tur, med flott utsikt.
Liten tur til Åsnakken
Etter turen drog vi ned til Fiksdal. Der fotograferte vi Melen, som tar seg flott ut frå denne kanten, og vi åt eit par is på den lokale butikken. På køyreturen vidare til Vestnes fann vi ut at vi ville gå på Åsnakken, som var ein kort og grei tur på godt råk.
Etterpå vart det bad i fjorden på badeplassen i Vestnes, og god (og dyr) biff-middag på restaurant Amore i Vestnes. Vi overnatta så i bilen på parkeringa ved Flate, inst i Flatevågen.
Kommentarer