Hanekammen, Venøya og Kvamfjellet (02.07.2021)


Turtype Fjelltur
GPS
Bestigninger Hanekammen (652moh) 02.07.2021 13:00
Venøya (123moh) 02.07.2021 17:14
Kvamfjellet (774moh) 02.07.2021 19:38
Andre besøkte PBE'er Berstad gård - parkeringslomme (30moh) 02.07.2021 18:10

Tre turar i gamle Vågsøy og Selje kommunar

Hanekammen

Dagens første tur gjekk til Hanekammen. Vi parkerte i vegkanten ved "godlukta" til sildeolje-fabrikken. Derifrå gjekk vi i vegen på dårleg råk oppover. På litt over 200moh, kom det nokre andre turgåare frå eit anna råk, dette råket såg mykje betre ut, så vi prøvde det ned.
Fin tur oppover til toppen, og bra utsikt. Toppen var ikkje eit sted å vere, da det var mykje insekt der.
Ruta ned vart litt omveg, men mykje betre råk. Anbefaler andre å bruke denne ruta, men det er kanskje ikkje så lett å finn parkering.

Veten og Brurahornet på Vågsøy frå turstart til Hanekammen
Veten og Brurahornet på Vågsøy frå turstart til Hanekammen
Dei siste metrane opp til Hanekammen
Dei siste metrane opp til Hanekammen
På Hanekammen
På Hanekammen
Vågsøy frå Hanekammen
Vågsøy frå Hanekammen
Hornelen frå Hanekammen
Hornelen frå Hanekammen

Venøya

"Kremtur". Hadde lest andre rapportar som skildra turen som ille. Terrenget opp til toppen levde opp til dei forventningane. Tungt og vondt, sjølv om det ikkje var langt. Heldigvis var utsikta overraskande bra.

Mot Mannebeinet, frå toppen av Venøya
Mot Mannebeinet, frå toppen av Venøya
Mot Skjolden på Barmøya, frå Venøya
Mot Skjolden på Barmøya, frå Venøya
Mot Kvamfjellet frå Venøya
Mot Kvamfjellet frå Venøya
Utsikt sørvestover frå Venøya, Heida på Vågsøy lengst bak
Utsikt sørvestover frå Venøya, Heida på Vågsøy lengst bak
Kristine på Venøya
Kristine på Venøya

Kvamfjellet

Dagens tredje og siste tur. Vi følgde ruta som er teikna inn på kartet. Bra råk heile vegen. Vi var slitne etter mange dagar på tur, så dette vart ein tung tur. Flott utsikt på toppen.

Utsikt vestover frå Kvamfjellet, Barmøya nærmest
Utsikt vestover frå Kvamfjellet, Barmøya nærmest
Utsikt sørvestover frå Kvamfjellet, Venøya litt til høgre for midten
Utsikt sørvestover frå Kvamfjellet, Venøya litt til høgre for midten
Utsikt sørover frå Kvamfjellet, Hornelen midt i bilde
Utsikt sørover frå Kvamfjellet, Hornelen midt i bilde
Kristine på Kvamfjellet
Kristine på Kvamfjellet

Solnedgong ved Børholmen

Etter turen på Kvamfjellet drog vi vidare i retning Fiskå i Vanylven. Plan der var å gå på Storebøra. Vi drog først ut til Selje. Der bada eg på den flotte sandstranda i sentrum, og Kristine dusja i dusjhuset i tilknytning til stranda. Deretter lagde vi oss god middag der. Vi avslutta dagen med å sjå på solnedgongen ved Børholmen, like før Tue og Åheim. Der overnatta vi i bilen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.