Oppsalåsen, Åborsjøkampen og Tutrudkampen (13.06.2021)


Turtype Fottur
GPS
Bestigninger Oppsalåsen (838moh) 13.06.2021 12:23
Åborsjøkampen nord (828moh) 13.06.2021 14:03
Åborsjøkampen (886moh) 13.06.2021 14:18
Tutrudkampen (418moh) 13.06.2021 15:55

Tre turar i Ringebu og Øyer med pappa og Kristine.

Den første turen gjekk til Oppsalåsen, eller Hemrumsvarden som ser ut til å vere det lokale namnet, i Fåvang. Vi kørde vegen innover mot Mjogdalen, og parkerte i vegkanten litt sør for turstart. Veldig fint råk oppover til toppen. På veg oppover var det eit lite punkt på Oppsalberga med flott utsikt, og høgt stup ned i Oppsaldalen. Oppe på toppen var det stor varde, og flott utsikt alle retninger. Vi gjekk same veg ned.

Den andre turen vart Åborsjøkampen ved Venabyga. Vi parkerte i vegkanten på Jønnhaltvegen. Derifrå gjekk vi på bra råk opp Vangkleiva til salen mellom Åborsjøkampen og den vesle nordtoppen, som vi oppretta. Til toppane var det ikkje råk, men greitt terreng å gå i. Overraskande flott utsikt på toppen.

Den tredje turen vart Tutrudkampen i Tretten. Den kombinerte vi med litt stolpejakt. På veg oppover møtte vi på ein einsam elgkalv. Lite utsikt på denne toppen.

På Oppsalåsen/Hemrumsvarden
På Oppsalåsen/Hemrumsvarden
Mot Bånseterkampene frå Oppsalåsen
Mot Bånseterkampene frå Oppsalåsen
Utsikt nordover Gudbrandsdalen mot Rondane frå Oppsalåsen
Utsikt nordover Gudbrandsdalen mot Rondane frå Oppsalåsen
Mot Lågen og Fåvang, med Segelstadkampen og Kvitfjell bak
Mot Lågen og Fåvang, med Segelstadkampen og Kvitfjell bak
Utsikt nordvestover frå Åborsjøkampen, mot Gråhøå i Nord-Fron
Utsikt nordvestover frå Åborsjøkampen, mot Gråhøå i Nord-Fron
Ned mot Nørdre Åborsjøen frå Åborsjøkampen
Ned mot Nørdre Åborsjøen frå Åborsjøkampen
På Åborsjøkampen
På Åborsjøkampen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.