Finnsjøvola (02.05.2021)


Start point Øverdalssætra p-plass (820m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 36min
Distance 12.0km
Vertical meters 445m
GPS
Ascents Pika (1,157m) 02.05.2021 12:54
Finnsjøvola (1,201m) 02.05.2021 13:34
Visits of other PBEs Øverdalsætra p-plass (820m) 02.05.2021 11:47

Siste tur på helgeturen i Nord-Østerdalen. Litt slitne etter gårsdagens tur, og ikkje så altfor bra vêrmeldign utover dagen førte til at vi ikkje ville ta ein så altfor lang tur. Snømengda i området er også ganske liten, så vi valde ein topp vi trudde skulle ha greitt skiføre.

Finnsjøvola vart eit bra val. Vi kunne ta på skiane med ein gong, og måtte berre ta dei av ein gong oppover sætervegen. Frå Øverdalssætra var det heilt bert der skiløypa skulle gå i følgje skisporet.no, men vi fann uansett ei bra rute i terrenget. Litt sikk-sakk for å ha snø under skia, men veldig fint å gå.

Vi hadde fint vêr opp til Pika, men på Pika byrja det å blåse og det vart meir overskya. Flott utsikt på toppen, og vi tok ein liten matpause før vi gjekk vidare mot Finnsjøvola.

Flott snø å gå på over til Finnsjøvola, og vi fann også ei bra rute ned at, utan å måtte ta av skiane.

Ein riktig flott tur, og ei bra avslutning på helga. Dagens middag vart ein god pizza på Steinbua i Elverum på veg heim til Gåsbu.

På Pika
På Pika
Mot Rondane frå Pika
Mot Rondane frå Pika
Mot Sølnkletten frå Pika
Mot Sølnkletten frå Pika
Mot Gravskardhøgda og Sølnkletten frå Pika
Mot Gravskardhøgda og Sølnkletten frå Pika
Mot Høgronden frå Pika. Midtvola midt i bildet
Mot Høgronden frå Pika. Midtvola midt i bildet
På Finnsjøvola. Ramshøgda bak
På Finnsjøvola. Ramshøgda bak
På Finnsjøvola. Rondane og Gravskardhøgda bak
På Finnsjøvola. Rondane og Gravskardhøgda bak

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.