Skjellåkinna med meir (01.05.2021)


Startsted Solvang gård (755moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 7t 54min
Distanse 23,4km
Høydemeter 1455m
GPS
Bestigninger Sleukampen (1442moh) 01.05.2021 13:35
Bukletten (1532moh) 01.05.2021 15:27
Skjellåkinna (1706moh) 01.05.2021 16:41
Skjerallen Østre (1618moh) 01.05.2021 17:01
Eriksrudhøe (1535moh) 01.05.2021 17:57

Langtur på fjellski over fire toppar.

Vi parkerte nedanfor Solvang gård, og bar skiane oppover vegen. Vi kunne ta på skiane med ein gong vi gjekk i vegen oppover skogen. Det var nokre berrflekker, men vi slapp å ta av skiane altfor mange gonger. Over Storbekken måtte vi ta dei av. Opp til Sleukampen satt vi frå oss skiane på om lag 1300moh. og gjekk opp til toppen. Flott utsikt!

Vidare var det flatt og lettgått terreng over Eriksrudkvølve, før oppstigninga til Bukletten. Der og satt vi frå oss skiane før toppen. Flott utsikt der og, særleg mot Sølnkletten.
Oppover mot Skjellåkinna følgde vi flanken, før vi satte frå oss skiane 80 høgdemeter nedunder toppen.

Deretter gjekk vi over Østre Skjerallen, og fekk flott nedkøyring før oppstigninga til Eriksrudhøe. Der og satt vi frå oss skiane før toppen, da vi var usikre på snøforholdane ned frå toppen. Det var lurt, for nedkøyringa vestover frå toppen såg ut til å vere berre stein. Der vi køyrde var det faktisk ganske gode forhold.

Ein skikkeleg flott tur!

Over tregrensa, og litt varierande snøforhold
Over tregrensa, og litt varierande snøforhold
På veg oppover mot Sleukampen
På veg oppover mot Sleukampen
På Sleukampen
På Sleukampen
Høgronden frå Sleukampen
Høgronden frå Sleukampen
På veg ned frå Sleukampen
På veg ned frå Sleukampen
På Bukletten, mot Skjellåkinna
På Bukletten, mot Skjellåkinna
Sølnkletten frå Bukletten
Sølnkletten frå Bukletten
På veg til Skjellåkinna
På veg til Skjellåkinna
På Skjellåkinna
På Skjellåkinna
Rondane frå Skjellåkinna
Rondane frå Skjellåkinna
Sølnkletten frå Skjellåkinna
Sølnkletten frå Skjellåkinna
På Østre Skjerallen
På Østre Skjerallen
På Eriksrudhøe
På Eriksrudhøe
Gravskardhøgda frå Eriksrudhøe
Gravskardhøgda frå Eriksrudhøe
Skjellåkinna frå Eriksrudhøe
Skjellåkinna frå Eriksrudhøe

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.