Kvilåsen og Venberget i Åmot (17.04.2021)
Målet for dagen var eigentleg Deifjellet frå søraust, men der var området stengt på grunn av mykje millitæraktivitet i skytefeltet. Da måtte vi leggje om turplanane. Kvilåsen og Venberget vart da det nye målet. Vi hadde håpa å kunne køyre opp til Holmsjøen, eller i det minste forbi Ulvåsetra, men det gjekk ikkje. Vi vart stoppa av mykje snø i vegen, og vi parkerte i vegkanten.
Fint skiføre i vegen oppover mot Holmsjøen, og også fint i terrenget. På Kvilåsen var det flott utsikt nordover, og det var godt å sitte i sola der. Vi tok av kortfellane frå fjellskia før vi gjekk i vegen nedover frå Kvilåsen. Vidare mot Venberget vart det ikkje naudsynt å ta dei på igjen.
Ikkje noko utsikt på Venberget, men like nedunder toppen kom vi til eit skogholdt der det var flott utsikt mot Rendalen.
Det vart ein fin tur i strålande flott vêr.
Kommentarer