Fullføring av pf100+ lister i Nordre Land og Etnedal (01.07.2020)


Map
Ascents Kollhaugen (896m) 01.07.2020 15:25
Sør for Geitberget (827m) 01.07.2020 15:55
Dronningknatten (906m) 01.07.2020 17:44
Haustsæterfjellet (881m) 01.07.2020 19:18

Tre turar i Nordre Land og Etnedal

Tur 1 - Kollhaugen. Vi køyrde frå Gausdal mot Slidre litt utpå dagen. Planen var å køyre opp til Bondlisætra frå Tomte, i mellom Torpa og Dokka, men der vart vi møtt av låst bom. Så da vart det å køyre rundt om Dæli for å komme til Bondlisætra.

Vi parkerte ved Bondlisætra, og sykla inn til råket tok av frå bilvegen. Derifrå gjekk vi først på råk, så i terrenget opp til toppen. På veg attende oppretta vi toppen Sør for Geitberget.

Tur 2 - Dronningknatten. Vi køyrde opp til Stuve, og parkerte på plassen før den låste bommen. Der fann vi ut at bakhjulet på sykkelen til Kristine var punkter. Vi trilla med oss min oppover, og bytta på å sykle nedover.

Varde på toppunktet, men lite utsikt. Da var pf100+ lista i Nordre Land fullført.

Tur 3 - Haustsæterfjellet. Dagens siste tur. Vi køyrde innover Leppdalen, og oppover mot Holoa. Vegen oppover mot Holoa, og vidare, var ikkje veldig fin og køyre. Vi parkerte ved Nordbyhytta, der vegen var stengd med ein stor stein.

Vegen vidare var grei å gå, det same var også terrenget etter vegen. Godt å ha GPS å navigere etter fram til vi kom på "toppryggen" 350 meter aust for toppen. Da var også Etnedal pf100+ i boks.

På Kollhaugen
På Kollhaugen
På Sør for Geitberget
På Sør for Geitberget
På Dronningknatten
På Dronningknatten
På Haustsæterfjellet
På Haustsæterfjellet

User comments

  • -
    avatar

    Skal si..

    Written by janyga 02.07.2020 21:23

    ..dere står på. Gratulerer med fullførte lister!!

    • -
      avatar

      Sv: Skal si..

      Written by Hansi 02.07.2020 21:38

      Jo, takk for det. Ikkje dei gjevaste listane men.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.