Grindane (25.04.2020)


Start point Stakstøbakken vinterparkering (810m)
Endpoint Stakstøbakken vinterparkering (810m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 54min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,160m
GPS
Ascents Grindane (1,724m) 25.04.2020 15:04
Vest for Grindane (1,564m) 25.04.2020 16:15
Visits of other PBEs Stakstøbakken vinterparkering (810m) 25.04.2020 17:41
Helin i mellom Gilafjellet til venstre og Gråskarvet til høgre
Helin i mellom Gilafjellet til venstre og Gråskarvet til høgre

Nok ein dag med flott vêr. Det var spådd ein del vind fleire stader i dag, men på Grindane skulle det vere lite vind til lang utpå dagen, så da gjekk turen dit.

Vi parkerte ved vinterparkeringa like etter bommen på Helinvegen, og følgde scooter-spor oppover. Veldig fint å gå. Da vi kom opp til Skavlen på om lag 1000 moh møtte vi på dagens første berrflekk. Det gjekk greitt å gå på ski der, men verre skulle det bli.

Vi hadde vore litt betenkte med tanke på snøras i bratta mellom Grindane og Grindetjernet, men det var ingen fare. Der var det nesten ikkje noko snø at. Vi gjekk sikk-sakk for å halde oss på snø, og gjekk igjennom kratt. Til slutt sklei vi 20 høgdemeter ned at, og gjekk i kanten av Grindetjernet. Løypa oppover var heller ikkje den beste før vi kom bort til råket, der vart det betre.

Oppover til Grindane var det mykje stein, og vi satt frå oss skiene på om lag 1480 moh. Vi kunne nok ha gått med dei opp til om lag 1630 moh, men det gjekk greitt å gå på føtene, sjølv om eg sank igjennom ein del.

Fantastisk utsikt på toppen. Og ly frå varden gjorde at det var varmt og godt og sitte der.

Nede at ved skia gadd vi ikkje å ta av fellane for dei 70 høgdemetrane ned til skardet. Oppover mot toppen Vest for Grindane (som kanskje heller burde heitt Belgjinøse nord?) var det bratt, og steinhardt.

Nedover frå skardet var det slush-snø, og fin-fin køyring. Vi klarte å finne samanhengande snø heilt til bilen, men måtte gå opp at ein del høgdemeter sør for Grindetjernet for å gjære det.

Turen vart lengre i kilometer, men spesielt i tid, på grunn av snømangelen, men det vart ein flott tur. Skiturar på Grindane synger nok på siste verset for denne vinteren.

Lite snø på veg innover nord for Grindetjernet
Lite snø på veg innover nord for Grindetjernet
Vest for Grindane frå skardet mellom Grindane og Belgjinøse
Vest for Grindane frå skardet mellom Grindane og Belgjinøse
Grindane frå skardet mellom Grindane og Belgjinøse
Grindane frå skardet mellom Grindane og Belgjinøse
På Grindane
På Grindane
Mot Helin frå Grindane
Mot Helin frå Grindane
Mot Rankonøse og Ranastongi frå Grindane
Mot Rankonøse og Ranastongi frå Grindane
Mot Skaget frå Grindane
Mot Skaget frå Grindane
På Vest for Grindane
På Vest for Grindane
Grindane frå Vest for Grindane
Grindane frå Vest for Grindane
Grindane
Grindane
Attende mot Vest for Grindane
Attende mot Vest for Grindane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.