Graveskarnosi og Søre-Knipen i Årdal (24.04.2020)


Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 2t 47min
Distanse 9,4km
Høydemeter 600m
GPS
Bestigninger Graveskarnosi (1532moh) 24.04.2020 18:04
Søre-Knipen (1551moh) 24.04.2020 18:51
På Søre-Knipen
På Søre-Knipen

Tur etter jobb. Vi køyrde opp til Tyin og over kommunegrensa til Årdal, og parkerte ved vestenda av Torolmen. Derifrå følgde vi spor oppover mot Søre-Knipen. Ganske bratt eit lite stykke over hyttefeltet. Så vart det slakare oppover mot skardet mellom Søre-Knipen og Graveskarnosi, og veldig slakt opp til Graveskarnosi. Ned frå Graveskarnosi gadd vi ikkje å ta av fellane. Litt vond snø oppover mot Søre-Knipen, men greitt å gå. Ned frå Søre-Knipen tok vi “normalruta”, som var ganske bratt. Kjekt med toppturski ned der.

Min første tur i denne delen av Jotunheimen, ein veldig flott tur, og mykje flott utsikt undervegs.

Oppover mot Søre-Knipen
Oppover mot Søre-Knipen
Mot Hurrungane frå skardet mellom Søre-Knipen og Graveskarnosi
Mot Hurrungane frå skardet mellom Søre-Knipen og Graveskarnosi
Mot Søre-Knipen frå Graveskarnosi
Mot Søre-Knipen frå Graveskarnosi
Hurrungane frå Graveskarnosi
Hurrungane frå Graveskarnosi
På Graveskarnosi
På Graveskarnosi
Suletinden frå Søre-Knipen
Suletinden frå Søre-Knipen
På Søre-Knipen
På Søre-Knipen
På Veg ned frå Søre-Knipen
På Veg ned frå Søre-Knipen
På Veg ned frå Søre-Knipen
På Veg ned frå Søre-Knipen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.