Binnhovdknatten (22.02.2020)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 1h 00min
Distance 3.5km
Vertical meters 280m
GPS
Ascents Binnhovdknatten (1,165m) 22.02.2020 16:37

Endeleg ein dag med god vêrmelding! På grunn av nokre ærend i Fagernes, kom vi sein avgårde på tur. Vi betalte 20kr inn bomvegen på Aurdalsåsen, og køyrde inn mot Engan. Vegen var så som så, så vi parkerte ved fyste moglegheit. Hadde vi køyrd 150 meter lenger, hadde vi kome til ein litt større parkeringsplass.

Oppover var vi heldige, det hadde gått nokon før oss og brøyta spor. Utanom spora deira var det tungt å gå i 20cm tung laussnø. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen. Oppe på toppen var det enormt med vind, så det var utfordrande å få av fellane på skia.

Snøen var forblåst på toppen, og nede i skogen var det vel mykje og tung laussnø, og ikkje bratt nok til å få opp den heilt store farta, men det var morosamt.

Ein fin, liten tur vart det.

Tidleg på turen
Tidleg på turen
Fyste glimt av toppen på turen oppover
Fyste glimt av toppen på turen oppover
Kristine på toppvarden
Kristine på toppvarden
Vindfullt på toppen
Vindfullt på toppen
Utsikt frå Binnhovdknatten
Utsikt frå Binnhovdknatten
Kristine på veg ned
Kristine på veg ned

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.