Kjølafjellet og Gravfjellet (13.10.2019)


Duration 3h 12min
Distance 9.9km
Vertical meters 511m
GPS
Ascents Søraust for Kjølafjellet (1,053m) 13.10.2019 11:55
Kjølafjellet (1,225m) 13.10.2019 12:31
Heimre Kjølafjellet (1,211m) 13.10.2019 12:45
Sør for Heimre Kjølafjellet (1,143m) 13.10.2019 13:03
Vest for Gravfjellet (1,165m) 13.10.2019 13:46
Gravfjellet (1,173m) 13.10.2019 13:54
Gravfjellet Øst (1,134m) 13.10.2019 14:04
Visits of other PBEs Kjølafjellet parkeringslomme (953m) 13.10.2019 11:36

Flott runde i Øystre Slidre

Tur med Kristine. Vi køyrde inn vegen frå Robøle, mot Yddin og Storeskag, og parkerte i vegkanten på vegen inn mot Kristianstølen. Derifrå følgde vi vegen oppover, før vi tok av på godt råk oppover mot Kjølafjellet. Før vi gjekk i vegen oppover råket, tok vi turen oppom punkt 1053moh, og oppretta den som ein topp.

Det var ein del snø i terrenget, og det var tydeleg at dette er godt besøkte toppar. Råket opp til Kjølafjellet var bra oppgådd, så det var ikkje så tungt i snøen som vi hadde trudd. Vidare var det også gått ein del folk til Heimre Kjølafjellet. Derifrå følgde vi råket litt vidare, før vi gjekk rett mot Gravfjellet. Vi oppretta ei lita høgde nedunder Heimre Kjølafjellet, før vi gjekk nedover mot Raudtjernet.

Nedover mot Raudtjernet var det ein del kratt før vi kom inn i bjørkeskogen. Myra aust for Raudtjernet var frose, så det var greitt å gå der. Frå Raudtjernet var det råk opp til Gravfjellet. Vi gjekk også oppom Vest for Gravfjellet.

Ganske fint vêr på heile turen. Eit tynt skylag skugga for sola, men det var flott utsikt nesten heile vegen. Det var lite vind, og ikkje så altfor kaldt.

Utsikt frå vegen
På topp 1053moh (Søraust for Kjølafjellet)
På veg oppover mot Kjølafjellet, Heimre til venstre
På veg oppover mot Kjølafjellet, Heimre til venstre
På veg oppover mot Kjølafjellet, Heimre til venstre, Bitihorn i midten
På veg oppover mot Kjølafjellet, Heimre til venstre, Bitihorn i midten
På veg oppover mot Kjølafjellet
På veg oppover mot Kjølafjellet
På Kjølafjellet
På Kjølafjellet
Utsikt frå Kjølafjellet
Bitihorn frå Kjølafjellet
Bitihorn frå Kjølafjellet
Tjørnholstinden frå Kjølafjellet
Tjørnholstinden frå Kjølafjellet
På veg til Heimre Kjølafjellet
På veg til Heimre Kjølafjellet
Heimre Kjølafjellet
På Heimre Kjølaberget
På Heimre Kjølaberget
Sør for Heimre Kjølafjellet
Sør for Heimre Kjølafjellet
Sør for Heimre Kjølafjellet
Sør for Heimre Kjølafjellet
Utsiktfrå Sør for Heimre Kjølafjellet
Gravfjellet bak Raudtjernet
Gravfjellet bak Raudtjernet
Raudtjernet
Raudtjernet
Vest for Gravfjellet
Vest for Gravfjellet
Utsikt frå Vest for Gravfjellet
Gravfjellet frå vesttoppen
Gravfjellet frå vesttoppen
Heimre Kjølafjellet frå Vest for Gravfjellet
Heimre Kjølafjellet frå Vest for Gravfjellet
Skaget frå Vest for Gravfjellet
Skaget frå Vest for Gravfjellet
Gravfjellet
Gravfjellet
Gravfjellet
Utsikt mot Jotunheimen frå Gravfjellet
Utsikt mot Jotunheimen frå Gravfjellet
Kristine på Gravfjellet
Kristine på Gravfjellet
På veg ned til Gravfjellet aust
På veg ned til Gravfjellet aust
På Gravfjellet aust

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.