Kvithovd (10.09.2019)


Duration 3h 06min
Distance 13.1km
Vertical meters 627m
GPS
Ascents Klukkargardberget (696m) 10.09.2019 17:16
Kvithovd (1,001m) 10.09.2019 18:10

Tur åleine etter jobb. Gjekk heime frå oppover Slidre. Følgde turskilta mot Kvithovd inn mot Skori. Etter dei siste husa vart det slutt på veg, og i råket var det mykje høgt gras og buskas. Temmeleg variert kvalitet på råket opp til Klokkargardsberget, og eg vart ganske blaut. Vidare følgde eg bilvegen forbi Slidrestølen, og deretter godt råk og traktorveg opp til toppen av Kvitholvd.

Det skal være ganske så bra utsikt frå Kvithovd, men vêret når eg var på toppen var skodda. Så eg gjekk ikkje bortom nokon av dei to utsiktspunkta, eller varden, denne gongen. Morosamt med hotellet som ligg nesten heilt på toppen.

Ned at gjekk eg same rute til Slidrestølen, og følgde bilvegen heile vegen ned derifrå.

Med denne turen fullførte eg Vestre Slidre pf100-lista, ein dag etter at Kristine hadde gjort det same på Ålfjell. Ei lita liste med få topper, men dei fem toppane er alle flotte, spesielt Grønsennknippa og Gilafjell.

Mot Olberg frå nedunder Klokkargardsberget
Mot Olberg frå nedunder Klokkargardsberget
På Klokkargardsberget
På Klokkargardsberget
Uteområdet til hotellet på Kvithovd
Uteområdet til hotellet på Kvithovd
Hotellet på Kvithovd
Hotellet på Kvithovd
Høgaste punkt på Kvithovd
Høgaste punkt på Kvithovd
Høgaste punkt på Kvithovd
Høgaste punkt på Kvithovd

User comments

  • -
    avatar

    Vestre Slidre

    Written by repelo 11.09.2019 09:58

    Gratulerer med fullført liste til dere begge!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.