Vennisfjellet, Høgegge og Tomashelleren (08.09.2019)


Duration 7h 54min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,422m
GPS
Ascents Galnehusfjellet (1,661m) 08.09.2019 12:44
Vennisfjellet (1,776m) 08.09.2019 13:20
Midtre Vennisfjellet Aust (1,627m) 08.09.2019 14:14
Geitskinntjernkampen (1,604m) 08.09.2019 14:44
Høgegge søraust (1,597m) 08.09.2019 15:41
Høgegge (1,643m) 08.09.2019 15:55
Høgegge Vest (1,640m) 08.09.2019 16:09
Sør for Tomashelleren (1,585m) 08.09.2019 16:34
Tomashelleren (1,622m) 08.09.2019 16:53
Geitskinntjernhøgde (1,558m) 08.09.2019 17:49
Høgegge (1,493m) 08.09.2019 18:22
Visits of other PBEs Sanddalen parkeringslomme (950m) 08.09.2019 11:09
Tomashelleren (1,485m) 08.09.2019 17:10
På Vennisfjellet
På Vennisfjellet

Vi vakna opp til strålande sol i dag, så da ville vi på ein litt høgare topp. Målet for turen i dag vart da Vennisfjellet. Etter å ha vurdert om vi skulle gå i frå aust eller vest, fall valet på vest og Sanddalen. Vi parkerte i innhegninga rett før stølen, og gjekk vegen forbi dei flotte stølane. Vi følgde DNT-råket mot Tomashelleren eit lite stykke, før vi tok av og gjekk bratt oppover att med Gjartrudsåne. Vi følgde bekken litt før vi gjekk ryggen i retning Galnehusfjellet.

Frå Galnehusfjellet gjekk det slakt vidare til Vennisfjellet. Storslått utsikt! Vakkert i mange retningar, men Jotunheim-rekka stel merksemda. Flotte fjell!

Ned frå Vennisfjellet gjekk vi til ein liten knaus vi oppretta og kalla Midtre Vennisfjellet aust. Der diskuterte vi om vi skulle gå til Nordre Vennisfjell, eller gå og opprette knausen på 1604moh. Valet fall på det siste, og toppen fekk namnet Geitskinntjernkampen. Derifrå gjekk turen vidare til Høgegge, der vi også oppretta to småtoppar.

På Høgegge fann vi ut at vi ville utvide turen litt, så vi gjekk ned til Sør for Tomashelleren. Ganske usikre tal på høgde og PF der, da kartet ikkje har 5 meterkoter der. Vi gjekk så opp på Tomashelleren, før vi tok ei rast inne på DNT-hytta Tomashelleren.

På veg attende mot Sanddalen gjekk vi like gjerne i terrenget som å følgje råket, og vi oppretta dei to toppane Geitskinntjernhøgda og Høgegge. Ned frå Høgegge gjekk vi på nordsida av Gjartrudsåne. Der var det litt kratt, så det hadde vore tungt å gått opp der.

Ein skikkeleg flott runde i strålande flott haustvêr, med heilt eineståande utsikt!

Geitskinntjernet, med Høgegge opp til høgre
Geitskinntjernet, med Høgegge opp til høgre
På Høgegge
På Høgegge
Jotun-utsikt frå Høgegge!
Jotun-utsikt frå Høgegge!
Tomashelleren
Tomashelleren
Flotte Sanddalen, med Skutshorn bak
Flotte Sanddalen, med Skutshorn bak
Grindaheim og Grindane frå Galnehusfjellet
Grindaheim og Grindane frå Galnehusfjellet
Dei siste metrane til Vennisfjellet
Dei siste metrane til Vennisfjellet
Kristine på Midtre Vennisfjellet aust, med ein av dagens mange nybygde vardar
Kristine på Midtre Vennisfjellet aust, med ein av dagens mange nybygde vardar
Sør for Tomashelleren, med Uranostinden til venstre
Sør for Tomashelleren, med Uranostinden til venstre
Tomashelleren og Langetjernet, med ein namnlaus topp bak (1602moh)
Tomashelleren og Langetjernet, med ein namnlaus topp bak (1602moh)
Tomashelleren, med Torfinnstindane bak
Tomashelleren, med Torfinnstindane bak
Gjartrudsåne
Gjartrudsåne

User comments

  • -
    avatar

    Flott

    Written by sinyg 09.09.2019 15:05

    tur og fin turbeskrivelse!

    • -
      avatar

      Sv: Flott

      Written by Hansi 09.09.2019 21:07

      Takk! Det var ein riktig flott tur.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.