Helligtinden (27.06.2019)


Duration 3h 53min
Distance 9.8km
Vertical meters 950m
GPS
Ascents Helligtinden (948m) 27.06.2019 15:17
Visits of other PBEs Vassbotnmyran p-plass (10m) 27.06.2019 13:11
Hengebrua ved utløpet til Tindvatnet, med Helligtinden bak
Hengebrua ved utløpet til Tindvatnet, med Helligtinden bak

Vi satt lengje heime i Evenskjer og vurderte for og i mot tur. Vêret var bra heime, men det var spådd dårleg overalt; sterk vind og litt regn. Til slutt fall valet på tur og Helligtinden. Så da vart det ny tur til Tjeldøya, den åttande gongen vi er på øya, og sannsynleg den siste. I tillegg til Helligtinden håpa vi på og kanskje også få med Øst for Trollfjellet (821moh).

Vêret såg ikkje lovande ut på veg utover til Tjeldøya, og det betra seg diverre ikkje. Det var sterk vind oppover, som berre vart sterkare og sterkare. Etter kvart vart det også tett skodde. Det var også ein del regn i lufta, så det vart ein kald tur.

Vi følgde godt råk frå parkeringa opp til Tindvatnet. På austsida av vatnet gjekk vi bort frå merkinga (som rundar toppen og kommer opp på nordsida), og gjekk opp sørryggen. Den var grei og fin å gå, men litt laust, og ganske blautt på grunn av vêret.

På grunn av vêret; sterk vind, regn og tjukk skodde, slo vi frå oss Øst for Trollfjellet, og gjekk ned same veg som opp.

Dermed kom vi oss berre på åtte av ni +100pf toppar på øya, men det er slett ikkje ille det. Styggvêr vart det også på alle dei tre høgaste toppane. Ei fin fjelløy.

Tindvatnet, med Kjerfjordhøgda bak
Tindvatnet, med Kjerfjordhøgda bak
Troll i svart, kvitt og fine fargar
Troll i svart, kvitt og fine fargar

Gløymde å skru av appen ved bilen, så litt av køyreturen attende vart med. Vi parkerte nokre meter nord for den registrerte parkeringsplassen. Tid og distanse er justert.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.