Sverigetinden (25.06.2019)


Turlengde 2t 47min
Distanse 9,4km
Høydemeter 648m
GPS
Bestigninger Breidtinden (475moh) 25.06.2019 15:05
Sverigetinden (513moh) 25.06.2019 15:21
Breiviktinden (378moh) 25.06.2019 16:04
Trolltinden (436moh) 25.06.2019 16:17

Siste dag på Andøya. Vi drog frå Ånes til Andenes i styrtregn. Vi brukte styggvêret til ein tur innom Andenes, og eg fekk kjøpt meg nye, vasstette fjellsko. Vi drog så til Storvatnet for å gå på Sverigetinden.

Vi følgde fint råk og gode merker opp til Breidtinden. Vidare var det råk, men ikkje merker bort til Sverigetinden. Frå Sverigetinden gjekk vi attende med sikte på Trolltinden, og tok med oss Breiviktinden på vegen. Fint terreng å gå i der vi gjekk utanom råk. På turen, og spesielt opp mot Trolltinden, bles vinden noko heilt enormt. Ned frå Trolltinden gjekk vi utanom råket ned til 280moh, derifrå følgde vi eit godt råk som ikkje er teikna inn på kartet.

Mot Trolltinden tidleg på turen
Mot Trolltinden tidleg på turen
Godt råk på veg mot Breidtinden
Godt råk på veg mot Breidtinden
På Breidtinden
På Breidtinden
Ned mot Øvre Tindvatnet
Ned mot Øvre Tindvatnet
På Sverigetinden
På Sverigetinden
Mot Breiviktinden
Mot Breiviktinden
På Breiviktinden
På Breiviktinden
Trolltinden
Trolltinden
Trolltinden
Trolltinden
Mot Bleiksøya
Mot Bleiksøya

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.