Skittendalstinden og Litletinden (20.06.2019)
Ascents | Litletinden (1,134m) | 20.06.2019 04:59 |
---|---|---|
Skittendalstinden (1,305m) | 20.06.2019 07:09 | |
Visits of other PBEs | Renskvanto parkering (52m) | 20.06.2019 02:42 |
Skittendalstinden er ein topp vi har sett på heile året; vi har flott utsikt mot han frå kjøkkenvindauget på Evenskjer. I haust vart det ikkje noko av, og i vinter har vi ikkje vurdert han, men no trudde vi at det skulle være bra føre for fottur dit.
Vêret var spådd finast tidleg på dagen, så da var planen å gå tidleg. Vi skulle eigentleg stå opp 03.30, men Kristine fekk ikkje sove, så da vekka ho meg klokka 01.30. Vi åt frukost og pakka tursekkane, og drog til Dragvik i Evenes. Vêret var ikkje bra da vi drog, men vi håpa det ville betre seg.
Vi gjekk i vegen på traktorveg og godt råk opp til Renskvannto, der signerte vi i turboka, før vi tok av råket og gjekk sørryggen opp til Litletinden. Dei fyste 60-100 høgdemetrane var ganske bratte, men heilt greitt å gå opp der. Ryggen var stort sett ein brei flanke, men vart etter kvart på grensa til ein egg. Morosamt å gå der, sjølv om det aldri vart luftig eller bratt. Snø slapp vi også unna oppover ryggen. Ein anna ting som glimra med sitt fråvær oppover ryggen og på Litletinden var sola, tjukk skodde på toppen.
Ned frå Litletinden var det dårleg sikt, og vi held oss på fast fjell i staden for på snø, så vi gjekk eit stykke ut mot venstre. Nede på 1000moh hadde det endeleg klarna opp nok til at vi fekk oversikt over snøen nedover, og vi tok av frå ryggen. Det var dårleg sikt og det var vanskeleg å sjå konturane nedover, i tillegg virka snøen øvst ganske hard, så vi val å bruke broddane vi hadde tatt med, samt isøksane. Dette var ikkje naudsynt, da føre nedover var ganske bra.
Oppover mot Skittendalstinden var det ein del snø opp til om lag 1000moh, men han var fin å gå i. Vidare opp til ryggen vart eg overraska over kor bra råket var. Hyppige og flotte vardar oppover. Vêret drev også å betra seg, men skodda kom og gjekk.
Oppe på sjølve toppen var det mykje snø, men varden var bar. Fin utsikt mot sør, men nordsida var i skodda.
Vi følgde same veg ned frå toppen til like over vatna om lag 800moh. Derifrå følgde vi ruta rundt Litletinden, som fleire Peakbookere har skildra. Det var mykje snø nesten heilt ned til Renskvannto. På veg attende vart vêret heilt strålande, og vi fekk flott utsikt.
Ein fantastisk flott tur til to kommunetoppar i Nordland og Troms.
User comments