Tromsdalstinden (07.05.2019)


Duration 5h 05min
Distance 12.9km
Vertical meters 1,204m
GPS
Ascents Tromsdalstinden (1,238m) 07.05.2019 15:35
Visits of other PBEs Leirbakken parkering (50m) 07.05.2019 12:08

Tromsdalstinden er ein topp vi har hat lyst til å gå på etter at vi gjekk på Skarsfjellet, Blåmannen og Blåfjellet i mars. Nå var det dags for tur dit. Ettersom gårdagen vart så sein, og vêret var spådd bra heile dagen, hasta vi ikkje med å komme av gårde. Vi sov lengje, og åt sein frukost, før vi drog frå overnattinga vår i Tromsdalen til parkeringa ved Asko på Leirbakken. Tydeleg at dette er ein populær tur; det var mange bilar på parkeringsplassen, og to stykkar gjekk i vegen når vi kom, og når vi gjekk i vegen byrja ein annan å gjere seg klar. Ho gjekk forøvrig forbi oss eit stykke oppi sida. Vi var litt redde for at vi måtte bære skia litt i byrjinga, sidan parkeringa ligg såpass lågt og i sørhallinga. Men det slapp vi, snø heilt ned til parkeringa, og heile vegen opp til toppen. Oppover var det så mange som hadde gått før oss, at det nesten var trikkeskinner oppover. Vi tok ein god pause på 620moh, før vi gjekk i behageleg tempo til toppen. Det bles ein god del, spesielt oppover ryggen, men oppe på toppen var det nesten heilt vindstille. Så der vart det nesten ein times pause i sola. Nedkøyringa var stadvis grei, men mange plassar var han altfor oppkøyrd. Ein riktig fin tur vart det.

Tromsdalstinden tidleg på turen
Tromsdalstinden tidleg på turen
Tromsdalstinden tidleg på turen
Tromsdalstinden tidleg på turen
Tromsdalstinden frå rasteplassen på 620moh
Tromsdalstinden frå rasteplassen på 620moh
Utsikt frå rasteplassen
Utsikt frå rasteplassen
Utsikt frå rasteplassen
Utsikt frå rasteplassen
Tromsdalen, med Tromsøya og Kjølen på Kvaløya bak
Tromsdalen, med Tromsøya og Kjølen på Kvaløya bak
Oppover ryggen
Oppover ryggen
Dei siste metrane til toppen
Dei siste metrane til toppen
På toppvarden
På toppvarden
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.