Islandtur dag 3 (20.05.2018)


Turlengde 3t 06min
Distanse 10,8km
Høydemeter 858m
GPS
Andre besøkte PBE'er Esjan Panoramical View Point (720moh) 20.05.2018 12:05

Sundag og siste dag på Island var vêret enda dårlegare. Vi fann likevel ut at vi ville prøve ein fjelltur. Valet falt på Esja litt nord for Reykjavik. Vêret var ikkje så aller verst på starten av turen, men oppe i høgda vart det tjukk skodde. Skodda var så tjukk at vi måtte gå etter mobil-gps og Peakbook-kart. Kartet over Island på Peakbook er ikkje særleg bra, så da det vart berre snø og skodde, fann vi ut at det ikkje var forsvarleg å gå vidare. Litt surt å snu før toppen, men det kalde vêret og den sure motvinden vi fekk på tilbaketuren gjorde også til at vi vart glade for å ikkje ha gått lenger.

På veg oppover på veldig godt råk
På veg oppover på veldig godt råk
Råket går opp ryggen til venstre. Litt morosam klyving oppover.
Råket går opp ryggen til venstre. Litt morosam klyving oppover.
Eit lite glimt av fint vêr.
Eit lite glimt av fint vêr.
Tett skodde når vi kom opp på platået.
Tett skodde når vi kom opp på platået.
Tilbakeblikk mot Esja
Tilbakeblikk mot Esja

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.