Islandtur dag 1 (18.05.2018)


GPS
Ascents Stampar (35m) 18.05.2018 09:00
Valahnukar (43m) 18.05.2018 09:52
Bæjarfell (69m) 18.05.2018 10:06
Thorbjarnarfell (243m) 18.05.2018 15:27
Visits of other PBEs Stampar parkering (7m) 18.05.2018 08:50
Gunnuhver (20m) 18.05.2018 10:17
Seltún (170m) 18.05.2018 16:30
Geysir (120m) 18.05.2018 19:15
Gullfoss (190m) 18.05.2018 19:35
Þingvellir (110m) 18.05.2018 21:00

Torsdag 17. mai drog Kristine og eg til Island. Heime i Noreg var det strålande sol og varmt, medan på Island bles det kraftig og det var skya. Torsdagen gjekk med til reising, og vi opplevde ikkje så mykje på Island den dagen.

Fredagen var meir innhaldsrik. Vêret var betre, sjølv om vi fekk oppleve både hagl og snø. Vi byrja dagen tidleg med frukost på hotellet, før vi satt i gang dagens gjeremål. Hovudmålet for dagen var å oppleva Den blå lagune, men vi fekk med oss mykje meir. Første stopp på turen vart vulkankrateret Stampar, eit område med ganske spesiell natur. Frå Stampar drog vi vidare til Valahnukar, Bæjarfell og Gunnuhver. Valahnukar er eit fuglefjell ved kysten, Bæjarfell eit fyrtårn og Gunnuhver ein boblande kjelde.

Etter stoppen der drog vi vidare til Den blå lagune. Der koste vi oss i eit par timar, før vi gjekk på Thorbjarnarfell. Det var ein fin og lettgått tur, og flott utsikt på toppen. Turen gjekk så vidare i retning Selfoss, med to korte stopp på dei varme kjeldene i Seltun og vatnet Grænavatn.

Vi åt middag i Selfoss, før vi køyrde «The Golden Circle», med stopp på Geysir, Gullfoss og Þingvellir. Spesielt dei to første var fantastiske opplevingar. Å sjå vatnet sprute 20 meter opp i lufta frå Strokkur var heilt magisk. På Þingvellir var vêret vorte ganske dårleg, og det byrja bli seint på kveld etter ein lang dag, så den stoppen vart eit lite antiklimaks.
Alt i alt vart det ein heilt strålande dag på ei fantastisk øy.

Bilder frå turen

Stampar

På Stampar
På Stampar

Valahnukar, Bæjarfell og Gunnuhver

Bæjarfell frå parkeringsplassen
Bæjarfell frå parkeringsplassen
Valahnukar frå parkeringsplassen
Valahnukar frå parkeringsplassen
Liten øy utanfor Valahnukar
Liten øy utanfor Valahnukar
Gunnuhver
Gunnuhver

Den blå lagune

Thorbjarnarfell

Utsikt frå Thorbjarnarfell
Utsikt frå Thorbjarnarfell

Grænavatn

Grænavatn
Grænavatn
Grænavatn
Grænavatn

Geysir

Gullfoss

Gullfoss
Gullfoss
Gullfoss
Gullfoss
Gullfoss
Gullfoss

Þingvellir

Þingvellir
Þingvellir
Þingvellir
Þingvellir

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.