Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Brusaknuden og sør for

Date:
26.05.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
5.8km

Kom frå Sandnes og køyrde til Buevegen. Parkera på vinterparkeringa, då det stod nede ved vegen «Privat veg» på eit skilt opp grusvegen. Traska så denne opp til stor parkering og grusplass. Her var det to karar som dreiv med skytetrening, men eg kunne bare passere. Kom så inn på raudmerka sti som var merka og skilta heilt til topps. Frå varden på toppen kan du sjå eit skilt nede i skråningen, dette markerar toppunkte i Hå kommune. Hadde ein 20 min pause på toppen, så dette er to raske toppar. Fin tur med god utsikt over Jæren og alle vindmøllene.

Map