Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Langs Mjøsas bredder 2

Date:
12.06.2015

Kom frå Hurdal og køyrde mot Eidsvoll Verk, måtte litt ut på E6 og tok av ved Minnesund mot Gjøvik. Hadde tenkt meg ein tur innom Smaragd gruvene som ligg her, men det vart litt seint, så det får bli ein annan gong. Køyrde vidare forbi Feiring og vidare mot Gjøvik, kom til skilting mot Skreikampen og St. Johns gruva inn på Stubberudveien. Fylgde denne vegen til parkeringsplass og blåmerka sti til topps. Stien delar seg på veg oppover, men det er tydeleg skilta kva for ein sti som gjeng mot toppen, og kva for ein sti som gjeng mot gruveområdet og synkane. Det var fin utsikt og store vardar på toppen. Virkar som ein populær topp, 9 personar i tillegg til meg som hadde vore der så langt denne dagen pluss at eg møtte fire til som var på veg til toppen, når eg gjekk ned att. Eg svinga >>>

Map    

Langs Mjøsas bredder!

Date:
12.06.2015

Kom frå Østre Toten sin høgaste topp, Torsæterkampen på grusvegen frå Torsetra. Det føltes ut som ein skjult veg midt inni skogen, utan ein einaste annan bil, ogplutseleg var ein ved ein hovudveg att. Ute på ein større veg køyrde eg vidare ned mot Hurdal og derifrå vidare mot Brandbu. Her kjem det eit skilt mot Fjellsjøkampen, men det er bomavgift på kr. 40 som betalast via SMS. Køyrde denna vegen til eg kom til ein gard, her var det ein grind i enden av vegen og eg var usikker på om eg berre kunne opne å køyre inn. Då kom bonden ut å sa at eg måtte gjennom grinda og litt vidare om eg skulle på toppen. Eg takka for informasjonen og køyrde om lag 100 m før det var bom og parkeringsplass. Frå her fylgde eg blåmerka sti til topps, der det var eit stort fint tårn. Fin topp >>>

Map