Til topps i Pyreneane! (09.09.2015)


Map
Ascents Pic de Coma Pedrosa (2,943m) 09.09.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den sjette toppen var Andorras høgaste fjell, Coma Pedrosa.

Etter nokre dagar i storbyen Barcelona, ein ferjetur til Mallorca og eit koseleg besøk hjå nokre vener utanfor Barcelona, var det tid for fjell og eventyr att. No var det den høgaste toppen i det vesle landet Andorra som var målet. Andorra er for eit fjelland å rekne, det ligg inneklemt mellom Frankrike og Spania og har mykje fjell og dalar. Eg hadde på førhand høyrd at Andorra var ei kryssing mellom Rjukan og Svinesund, og at det var litt harry. Etter å ha sett meg rundt om i hovudstaden kan eg ikkje sei meg heilt enig, det var mykje flotte butikkar og eit koseleg folk, så her var det ikkje noko å utsett på nokon eller noko. Etter å ha kome gjennom grensekontrollen sette eg kursen for utgangspunktet for det høgaste fjellet, Coma Pedrosa. Eg køyrde oppover fjellet mot ein stad som heitte Arinsal, der eg parkera og gjekk ein traktorveg på øvresida av boligkomplekset. Det gjekk oppover og oppover, over to bruer og på smale steinute stiar. Etterkvart flata det litt ut og eg kom til hytta Refugio Comapedrosa, denne gjekk eg berre rett forbi og vidare mot toppen. Her møtte eg og ein franskmann på veg ned, som lura på om eg skulle heilt opp eller om eg skulle sove på hytta. Eg sa at eg skulle heilt opp, då rista han berre på hovudet og meinte at eg var for seint ute til å rekke det. Men eg haldt koken og kom etterkvart til litt brattar og meir ulendt terreng. Men heile vegen var det merka med gult, så det gjekk greit å finne stien.

Flott natur på veg mot toppen som ligg til høgre i biletet!
Flott natur på veg mot toppen som ligg til høgre i biletet!
Bra merka på veg mot toppen, og veldig mykje stein!
Bra merka på veg mot toppen, og veldig mykje stein!

På toppen møtte eg ein far og son hans, dei var svært nøgde med å vere på toppen og tok ein del bilete, i likeheit med meg. Eg tusla så ned att mot bilen, og etter omlag 5 timar etter at eg starta med bilen var eg attende. Det var ein flott tur i eit fint terreng og natur, og er absolutt å anbefale om ein er i dei trakter. Turen gjekk så vidare nedover i Spania og til Afrika.

Toppen av Andorra!
Toppen av Andorra!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.