Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
-
Annen vintertur (1)
- Trugetur (1)
- Fottur (33)
-
Skitur (14)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (4)
"Peakbookvenner"
Thomashelleren - Vennisfjellet - Sparstadsanden
- Dato:
- 07.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:13t
- Distanse:
- 15,0km
Alternativ rute heim frå Thomashelleren. Fin for alle som elskar stein i alle formar og fasongar, samt mange høgdemeter nedoverbakke. Uansett - lett tur, nydeleg vær og godt turfølge. Møtte kun 25 reinsdyr og 6 sauer.
Myrbærhamaren
- Dato:
- 23.08.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 8,2km
Tok sats og køyrde til Øystre for å få med siste topp på lista. Valde å gå frå Flagstadlægeret, eller der traktorvegen mot Kvitfeten tek av rett før ein kjem til stølslaget. Gjekk til nasjonalparkgrensa, og tok kursen mot Myrbærhamaren. Den ber sitt namn med rette: Mykje myr og både blåbær, tytebær, krekling, briskebær og mølte.
Tok med Sælifjellet på returen.
Starten på turen med Djuptjernkampen i det fjerne.
Skruvdalstinden
- Dato:
- 10.08.2025
- Distanse:
- 10,0km
På Skruvdalsfjellet
Skruvdalstinden
Køyrde til Skogalægeret og parkerte der vegen er stengt med bom. Lettgått stig i fint terreng. Gjekk runden over Skruvdalsfjellet over Skruvdaltinden. Vidare ned til Skruvdalsbua og tilbake til Skogalægeret.
Om ein ynskjer ein lengre tur, er det fint å gå frå Susstølen over Reinehamaren, Fukhamaren, Skruvdalsbua og opp på Skruvdalstinden.
Øystre Torfinnstind - forsøk
- Dato:
- 31.07.2025
- Turtype:
- Alpintur
- Turlengde:
- 6:15t
- Distanse:
- 7,0km
Fyrste forsøk på Øystre Torfinnstind. Litt usikker på været, men starta ut med friskt mot. Fint turfølge på 8. Kom oss opp i renna, og valde denne vegen opp. 6 av oss valde venstre side av "klanten" ein må gå rundt mot toppen av renna. Høgre side var våt og sleip. Vel oppe på dette punktet (1949 moh) valde me å snu fordi regnet auka på og skodda tjukna til. Sleip tur ned att. Slitamt for ein med utfordringar i høgda. Men alle kom ned i god behald. Prøver på nytt i turrvær med utsikt!
Grindane
- Dato:
- 25.07.2025
Sherpa og turfølge for varaordfører som i dag tok på ordførarkjedet for den fyrste (?) brurevigselen på Grindadn.